Hopp til innhold

Ferdaminni fraa Sumaren 1860/8

Fra Wikikilden
Bergh & Ellefsen (Is. 4147).
◄  Landmannen
Mina  ►

Lars

hadde eit annat Lag med det, han, enn Per, for hans Fader og Farfader attigjennom hadde vorit der i Bygdi, sidan Odin livde, og Sonen var likso klok som Faderen nedigjenom, nett liksom Graabeinen no er likso klok som hans Ættefeder paa Fenrisulvens Tid, endaa der altid trænger inn i Bygdarne sume nye Tankar med Presten og Lensmannen og slike og ei og onnor Skinnbok. Og no i den siste Mannsaldren gjenger det fortare med dette, soat Folk altid faa liksom ei Andarluft, um dei lesa aldri so litit. Ein og annan ny Tanke verdt liksom liggjande atter i Bygdi og tekjen upp af Folket, som tidt tyda og bruka honom paa den løglegaste Maaten; men der kjem eindaa ein frisk Gufs, som driver Folk utor den gamle Ringen, som dei hava svivit rund ikring i.

Lars kom soleides lenger fram paa sin Maate enn sine Forfeder. Som Framvokstring dreiv han Handel med Tobak og nokot Brennevin og ein og annan Sauden og gamle Byrsur og Felur. Dette Liv førde honom til Byen og vidt um; so raakade han paa ein og annan Mann, som han fekk ein og annan Setning af, og so fann han Skinnbøker fulle af Duft paa Hjelden i dei Gardarne han laag paa sine Ferdir. So lærde han seg til at skriva og sette altid store Bogstavar for nokot som han totte var stort sosom at “handla“ og “kaupa“ og “selja,“ og “stor“ og “eta“ og “drikka,“ og “snyta“ sette han med ein stor utkrotat S., for daa han er eit godt Hovud paa sin Vis, so vil han altid finna ein Grunn for alt, og derfor lagde han seg ogso mest etter Retsbøker og daa af desse mest etter den gamle Logi af Christian den 5te med ei stor greivande Løve paa Titelbladet, som han tidt kunde sitja som i Draumar og sjaa paa. Han trudde paa denne Boki som paa Bibelen og vel so det, for han fann mange Ting i Bibelen, som han ingen Grunn kunde finna i, og derfor var han i betre Lote (Humeur) paa Thingstaden enn i Kyrkja, og for so vidt var der nokot gamalnorsk i honom, so han rett var i sit Es, naar han kunde bruka Logkrokar, for det han vann med Rettens Hjælp var i hans Tankar altid den største Rett, kor urimelegt det enn var for den rettvise Tanken.

Men det, som forundrade honom mest, var, at han tidt tapade Sakir tvertimod det, han las sig til i Logi, for Stykki, som vaaro aflagde hundrad Aar sidan og vel so det, trudde han enddaa stodo ved Lag, og han sette tidt paa seg Brillurne og las og las uppatter og sagde: “Det maa vera mykit til Dom dette; men Hægsterett gjerer honom vel um.“

Ja Lars er ein Rettens Mann, og derfor gjenger han ogso med Lomma so full af Logbøker og Rettsbrev, at det er so tykt som ein Bibel; men svart og blakt er det alt af all den Bruken, før han dreger desse sine Greidur upp og leser deim som Bøneboki, naar han kviler i Vegbrauti, og naar han hever lagt sig um Kvelden.

Han var Skulemeistare eit Bil; men ein slik Rettens Mann maatte ogso um Vetren vera meir ute i Strid og Rettstrætte, enn det er høvelegt for Skulemeistaren, og all denne Handelen hans kunde ikki fremjast med at stava for Smaaborn, for han var det, som Folk kalla ein practisk Mann.

Dett var no i den Tid ikring firti Aar siden, daa Jordi gjekk for eit ringe Værd, at han kaupte seg ein Gard, og bytte og bytte, til han vardt sitjande paa ein af dei beste i Bygdi; so kaupte han Skogteigar og førde Sakir um Grensur og Sankavegir og slikt nokot, og i den Tid stod der større Stegg (stor Rædsla) af ein slik Rettsmann enn no, soat han tidt skræmde Folk, og gjorde det eine Tak større enn det andre. Men med all denne Rettslærdomen og Rikdomen sin, var Lars ein Mann, som aldri flaug etter den nye Stasen: han gjekk som den Dag i Dag fyrst med ei Huva under og med ein Hatt uppaa, svart og blakk og att’ paa Nakken, so Huva er sjaaande rund ikring Hovudet berre ikki bak. Lars klæder seg liksom med Spontak, der den eine Sponen ligger paa den andre som Fiskeskjel: soleides hever han, forat taka nedantil, Hose paa Hose upp etter Leggen, der den indre er ein god Tumme lenger upp enn den ytre, og yvir Kneet ein Smokk liksom ein afklyppt Kakelovns-Røyr. Likeins er der Brok paa Brok og Vest paa Vest uppetter, og Kjole og alt af det grøvste Ty, liksom det skulde vera vovit af Riskvistir og fullt af Mjolkedropar og Matflekkir og Grip etter Fingrarne hans, for han fylgjer den gamle Skikken og turkar Henderne ned paa Klædom daa han med alle slike Folk kallar Turkaklut ein Ovbunad (Luxus). Naar no til denne Klædebunaden koma hans store Biksaumssko og hans Fyriskinn, som altid slankar ned til Knes, so var det inkje Under, at Folk i eldre Dagar var rædd denne Rettens Mann, naar han kom paa Thingstaden; og hans glirande Auge og Munnvikar mest att’ aat Øyro kunde nok gjeva Aalmugen den Tanken, at dette var ein Mann, som kunde meir enn mata seg.

I sit Gardsbruk og Husstell hever han likesolitit tekit etter den nyare Skikken, endaa han ikke var fullt so sermerkt der som i Klædebunaden, for den Ting at driva ein god Gard, so han knapt føder Driftsfolket, det er ikki so einstaka. Der finnst mange Folk som gjenomføra det gamle Ord: “Sulten eter Sulten upp,“ og Lars er ein af dei beste til dette. No er det vel so med Lars, at han tidt leider ei Ku til Torgs for at kunna taka ut ei Ankestevning, og soleides dreger undan Garden og til Retten; men der er med alt dette nokot fornt (antikt) ved hans Gardsdrift. Han leiger dei udyraste Folk, og derfor er der mest Svenske paa Garden hans; daa gjenger det paa med Graut i den eine Neven og Graabeinsild i den andre, som det verdt snubbat og bitit af som af Pylse elder Tobak, og so daa attaat lagt i seg af tunn Velling, so Magen er slik utspanat, at dei knapt kunna rigga og ganga fraa Bordet, og ero, som kver kann vita, tunge og late den halve Øygt; og der stender ein Tev af deim, som der Tal lang Vane til at venjast med.

Lars er so sæl at hava fengit seg ei finne og snil og tolmodig Kone. Det er tidt, at ho maa ut paa Bakken og rota og grava etter Karvekaal og annat slikt Røte, naar Huset er alt for matlaust um Vaaren og ut paa Sumaren. Tidt er det ogso, at Aarhagen af denne gode Garden ikki naar lenger enn nokot fram paa Vetren og ikki endaa so langt den Hausten, han sleppte Buskapen ut i Kornstauren og Jordepleaakren, af di der var gjort Innførsel i Aarsgrøda. Daa han ikki lenger kunde draga Saki ut med Ankestevningar, men maatte sjaa Futen koma og taka Utlegg i Aarvokstren, daa vardt han sinnat og dreiv Buskapen ut paa Aakren. Men, stakkars Lars, det hjelpte honom inkje, for han var god nok, so han maatte bitala si Gjæld med annat og var attaat nær ved at koma i Bøter; og Buskapen var her ikki nokot at søkja Skadegjeld af. Daa riste han paa Hovudet og sagde: “det er vandt at koma til Retten sin.“

Eigong han førde ei stor Sak mot Broder sin sagde eg til honom: “Du skulde ikki føra somange Sakir Lars!“ Hm! svarade han, bøygjande paa Hovudet og glirande med Augo: “hm, hadde eg ført fleire Sakir, kunde eg hava vorit ein rik Mann, men eg hever vorit for god i meg og trutt Folk før vel, stakkars Kroken min!“

Han teker Bibelen beint etter Ordet, at Mannen er Konas Hovud og Herre, og daa ho eigong hadde fest ei Tenestegjente, som Lars totte Huset kunde vera forutan, og Kona ikki vilde gjeva etter, so stevnde han hena for dette. Han ruggade paa Hovudet, daa han saag, at han heller ikki med dette kunde faa “Retten sin“ og sagde: “det er vaalundt med den Retten, og Guds og Manns Log seer no ut til at vera ugjeldande!“

Naar han ferer burt i lenger Tid, so seter han inn Kona si til Fullmægtig og skyter til Bibelen paa denne Retten sin, og slær denne lærde Fullmagt upp paa Dyrni til “Kontoret“ sit. Men daa ein Rettslærd sagde honom, at der kunde finnast Mange, som endaa ikki vilde innlata seg i Storhandel med Kona hans, so sette han eigong inn til Fullmægtig ein Mann saman med hena, og sagde, at Alle i hans Fraaver skulde lyda hans Kona, som han etter Moses Log og St. Pauli Ord hadde Rett til at setja i Staden sin, og saman med denne “heiderlege“ Mann[1] skulde ho handla med sama Magt, som han gjorde det sjølv.

Dette “Kontoret“ hans er eit litit Kot upp i det andre Stokkverk paa Stova, og dit krabbar han etter ein Stige fraa Koven gjenom eit Glugg med Lem paa. Og for at spara Tid med at ganga ned til Maaltids og for at ikki eigong hans Kone skal koma inn i dette gjæve Kot og kanskje stela burt eit og annat “Document,“ so hever han stelt til eit litit Glugg, som Maten verdt puttat inn igjenom, og likeins for at spara Tid og hava det høgt (beqvemt) hever han liksom eit litit Skap inn i Veggen med Glugg ut til Løyndarhus. Paa denne høgvinte Maaten kann han sitja all Dagen paa „Kontoret“ sit millom Lagbøker og Rettsbrev og Motbøker (Contra-) og Domar og Innleg til Retten. Alle hans eldre Rettsbrev og Bøker ero gule, liksom dei skulde vera duppade ned i Saltlake og turkade paa ein Stein i Soli.

Det er Guten sin Lars, som ikki armar seg ut til med staute Hus og gjæv Husbunad: der finnst snart ikki ein heil Stol i Huset og Bordbenken stender og ruggar paa tri Bein. Kona skurar nok og tvær, men ho rækker det ikki alt, stakkar, med alle dei Smaaborn ho maa dragast. I Golvet er Tiljur ute imillom, so Ein seer ned i Kjellaren, og Kona maa vera paa Livet for Smaaborni sine. Kjem ei Vindaugsrute til Skades, so verdt der puttat i Holet eit Stykke af eit gamalt uslitit Klædeplagg, som der finnst heile Haugar af millom Halmen i Sængi og i kver Huskraa men mest i Stabursvali inn med ein liten utsliten Slipestein.

Det var her i Vaar eigong, at der tok Eld i Ovnspipa og brende eit stort rundt Hol i Taket, fyrr det vardt sløkt; men Holet stød og gapte like rundt og svart, daa eg var der, so eg saag beint upp i blaae Himilen fraa Krakken, der eg sat fram med Gruva. Det vor no Sumars Tid, so det gjorde ikki somykit, meinte Lars.

Som Husets Husbond og Herre gjenger han med alle Lyklar, so det er so det ringlar i Lommurne hans. Det er ikki værdt at tru nokon, meinar Lars, og Kona kunde finna paa somykit ho, naar ho fekk raada seg.

Han rister paa Hovudet og undrar seg, kvi han med sit sparsame Liv hever vorit nøydd til at selja den eine Skogteigen etter den andre og det beste Jordestykke paa Garden sin og endaa pantsett det, som atter er, so det ikki vil ganga lenger. Men, det er fordi han hever vorit for god i seg og ikki ført Sakir nok.

“Farvel Lars,“ sagde eg daa eg skildest med honom, “Farvel, du er ein af dei gamaldags Menn, som eg hever kjennt mange af berre paa ein litit annan Maate, for du veit det, Lars, at ikki eigong tvo Lauv ero like.“

„Nei det er vel so det, Guten min. Og naar du kjem hit atter, maa du vitja meg, for af deg kann eg ukaupande (gratis) læra nokot Rett imot alle dei vonde Folk, som sitja um meg paa alle Kantar. Her saag du Futekarlen gjorde Innførsel for ei Gjeld, som eg er likso uskuldig i som dette mindste Barnet. Du saag, eg hadde Pengar, men der maa daa vera Rett at faa inn i Christiania.“

„Jamenn er der Rett, gode Lars.“

„Ja no reiser eg snart derinn for at taka ut Ankestevning. Det fær ikki hjælpa, um det er Slaattaanni aldri somykit; for Retten er framum Alt.“

  1. han var nyst komen ut af Tugthuset.