Ferdaminni fraa Sumaren 1860/54
Denne Presten
eg var so sæl at raaka paa var ein af dei gode gamle Prestarne, som viste meir enn dei andre Folk ikring seg og bar i seg just for dette liksom den Tid han livde i. Han lærde Soknefolket upp til alt Slag baadi at lesa og bruka Garden sin, og Kona var ein Lækjare baadi for Folk og Fe. Huset hans var ein Heim for Hugnad, og Born og alt var som eit fagert Dikt. Det var ein gamal god Prest. Og naar det kom Vegfarande var han no so glad, at han viste liksom ikki til seg; ja han hentade endaa Folk til seg fraa Byen lang Veg. Du kann tru det var Hugnad at sitja der med Toddyen og Pipa og tala um Kunst og Vitenskap og Hovudstaden i hans Tid.
Men eg kjende liksom korkje han eller Kona eller Huset atter denne Gong. Han hadde fengit seg ein Kapellan[1], som var gift med Dotter hans, og denne hadde snutt upp og ned paa det gamle livsglade Huset. Kvendfolki laut sitja og spita (strikke) Ulltroyur og Magabelti for Zuluerne og tala med gamle Møykjeringar um Daupen og Missionen, og Presten sjølv maatte inn i „Maaten“, so der ikki beid (existerede) Brendevinsdropen i Huset. Ungdomen kunde ikki faa seg somykit som ein Dans, og Spil og alt slikt var ei stor Synd. Presten var ulykkeleg; men han maatte bøyggja seg for „den nyare Tid“, og „denne nyare Tru“.
Han: Trur du det er mykit sannt i denne nyare „Retning“, sagde han til meg.
Eg: Nei, korkje eg eller nokon annan Mann, som duger nokot. Me læ aat denne Sykjen, men vita at han maa hava si Tid. Desse unge Theologer ganga som ein Spe bland os, og du skal ikki finna ein einaste ein af deim, som duger nokot, for dei theologiske Candidater, som duga mest, dei draga seg utor Theologien, so godt dei kunna.
Han: Gud ske Lov, so er det daa ikki ute med os. Du kann tru eg er ulykkeleg. Det er komet sovidt no her, at alle betre Folk i Bygdi berre læ aat denne Maagen min, so det berre er for Pøbelen — Gud forlaata meg Syndi mi — at han prædikar.
Eg: Det er likeins i Hovudstaden. Du kann no vel tenkja det, at ikki vituge Folk halda ut slikt eit Aandløyse og slikt ein Stokktrudom, um der enno finnst Mange som „gjera i“ Trui liksom i Salt og Fisk og slikt nokot. Paa slik ei Tid, som trur for mykit, maa koma ei Tid, som trur for litit, og dette er det verste med det altsaman. Du kann vel tru, at det verdt ein Prestestokk i Landet um eit Tjug Aar! Eg er mest rædd for at tala um det; og du kann vel tru, at det verdt Skalkeherming af daa!
Han: Ja er det ikki det eg og er rædd. Men denne Maagen min helder meg gamle Stakkaren so i Age med at segja, at det er slikt no med dei Beste, at eg ikki torer setja meg imot, ja han trugar meg endaa med Fordøming og segjer, at den heile gamle Prestestokken ikki viste, kvat den rette Tru var.
Eg: Ja, slikt hever eg funnit det allestad. Det er eit Hardstyre (Tyranni), som maa enda med Rædsla.
Han: Men han er likeins han . . . . ja han foor endaa kring Landet ifjor og prædikade som Thrane i gamle Dagar. Det var for sama Folket desse tvo prædikade; den eine Politik og den andre Trudom: den eine smøygde seg undan og lastade Presten, liksom den andre gjorde med Domaren. Og so for Slavar og slike! Det var inkje godt „Publikum“, skulde eg tru. Og naar slik ein Mann med den Vigt gjerer slikt, so tykkest eg, at Folk i min Stad maa verda rædde.
Eg: Aa ja det er uhyggelegt imindsto. Men denne Mannen er ikki stort vyrd af dei rett Lærde og Kloke; han er ingen Mann med stor Givnad. Men det er den daarlege Magen hans, som gjerer honom til slikt eit Hengehovud. Det var i Underlivet det laag med Lammers og. Eg kjenner ingen Lesare med god Mage, og istadenfor at antra (disputere) med deim, beder eg altid um at faa sjaa deim paa Tunga etter Magne sin.
Han: Ja, i Svereke tala dei um Lesarsjuken som um Hundegalskap f. Ex. Og eg veit ei Kone her, som fekk slike „Ængstelser“. Presten vardt hentat og denne umfarande Læraren; men so kom Doctaren, og fann at ho leid af Obstructioner. Men det høver ikki paa Maagen min, for du seer vel, at han er feit og rund som ein Stokk.
Eg: Sannt, men han er so reint framifraa nauten han, at det er so du kann hogga Øksi i honom, som det gamle Ord segjer. — Eller og kann det vera tilgjort med denne Trudomen, so dei berre laga og afskapa seg. Eg kjenner Sume slike og, for det svarar god Reikning, solengi dette Væsen varer. Men det er ikki Mange so vise. Det er stor Gaman at sjaa desse Folk vrida ut det kvite i Augom og stynja og tala i Nøsi leggjande Hovudet paa Skjekke, likesom naar sume Saudir vilja faa Salt. Det er eit sannt Gjæstebod at sjaa og høyra deim eit litit Bil, for varde det lengi, so kunde du og verda galen, daa all Tale som ikki henger ihop verkar liksom denne Sovedrykken (Chloroform). Det gjenger rundt for deg og; men so sovnar du. — Eg gjenger stundom til desse Folk for at lata meg „chloroformere“. Det er forvitnelegt imillom at kjenna paa seg sjølv, korleides Aandarlivet dit verdt staalslitit i Smaastubbar alt til det berre er det raae Jarnet atter. Det er som eg kann tenkja meg at faa Opium. Det siste du kann tenkja er, at du trur du er i ei endelaus Daarekiste, og du griper liksom etter dit eiget Vit. Nei, so hever det laupit Vegen sin, og du dubbar. So tidt her er Prestemøte i denne nyare Tid, møter eg upp imillom for at lata meg „chloroformere“.
Han: Trur du, at det kjemer nokot ut af desse Prestemøti?
Eg: Var det likt seg det! Men dei skada heller ingenting, for det er med alle desse Parti som Gartneren sagde til Hagens Eigare, daa han bad um Raad for Makk og alt Afaat: „Lassen sie dass Ungeziefer im Ruhe, so fressen sie sich einander auf.“ Statsraad Riddervold hever tekit det paa denne vise Maaten. Det er den beste Komedi eg veit at høyra slike Parti antra, alt til du er leid all denne Usans, so du ikki orkar lenger. Dei gjera vaar Herre til ein romersk Jurist og den største Procuratoren, daa han henger i kvert Smaaordet, so at Sæla henger i den rette Formularen som ei Sak i ei Thingstævning, Procedyre og Paastand. Det er som i ein Skalkestrid, at det mest verdt set etter Tempo og Handgrip og Fotferd. Og naar dei antra um dette med Munn eller Pen; au, daa er det slikt eit djupt Aalvor, segja dei og du seer det kvite i Augom. —
Rett som det var, kom denne unge Presten inn til os. Det vardt ei Antring af, som det er vel ikki verdt at setja paa Prent, endaa det er Synd, at ikki so merkjelege Ord som af denne unge Mannen skulo faa Lov til at standa til eit ævelegt Afminne. Men det er Mange, som enno tru, at Ein med dette vilde skvætta ut sjølve Barnet med Laugi, og dei Veike hava den største Retten, daa det er for dessa dei Sterke maa bøygja seg.
Um Sundagen gjekk eg der til Kyrkje og høyrde paa denne unge Presten. Det var ein Pinebenk desse tvo stive Timarne han helt paa, for det var liksom Chloroformen ikki vilde bita paa meg den Dagen. Det var ei Tilgjerd (Affectation) som var makalaus af denne uppblaasne Mannen med Tone og Fakter og Ordlagnad etter tvo tri af desse Meistararne her inne i Christiania, og litit Grand af Grundtvig kom og slengjande med imillom. Eg kjenner alle desse so vel, at eg skal kjenna atter Tonen og Setningen med fyrste Ordet. Han var ein Utplukkare (Eclectiker) denne Mannen, so at Kyrkjetidendi vist vilde fordøma honom, naar eg berre vilde segja kven det er. Han vøre no værd at faa det sama af Andre han, som han gav meg, for han sagde, at det var reint umogelegt for meg at verda sæl med mi Tru. Du maa vita, at det ikki er Tale um det du gjerer, men berre um det du trur. Det er ei lettvind Lære, for ettersom du veit og lærer, trur du til; og er du reint uvitande og nauten, so trur du alt det, som til er og vel so det. Eg kann minnast meg sjølv: eg hadde Barnetru og so Bondetru og so Skolemeistartru, og so frametter, alt til eg no siter inne med Døletru. Og naar eg verdt gamal og staalsliten, so fær eg vel atter nokot som likjest Barnetru. Det plaga fara so naar me taka paa at ganga i Barndomen.
- ↑ Folk segja Kappe-Laanen, afdi det maa koma af, at han hever laant Kappa til Presten („Volksetymologie“).