Ferdaminni fraa Sumaren 1860/51
Paa Jetta.
Eg hever ingen Stad set somange Skidgardar som i Lesja; men desse ero til at binda Snjoen paa Marki um Vetren og taka burt Vinden um Vaaren, so han ikki blæser den sine Leirmoldi af Aakren. Lesjavatnet verdt gravit ut; men det seer ikki ut til at svara Kostnaden. Der fram med Aai, Jora, saag eg tri Jordlag og Steinslag greidare enn paa nokon annan Stad lagde paa kverandre, so her maatte vera gode Slutningar at draga um Jordskapnaden for den Kunnande, liksom dette Stroket fram Dovre er merkjelegt i den Vegen med sine Bergskuringar og Leir- og Sandhaugar. Det kan knapt vera komit ovantil fraa Fjøllet men drivit upp mod Endebotnen, daa Dalen var full af Vatn, for lenger upp er det snaudt og med Storstein, og lenger ned i Dalen er det skylt ut atter, og fleire Merki, som eg ikki kann greida ut her.
Der er mange store gilde Gardar i Dovre, og det gamle Tofte er den største. Det er eit sannt Herresæte og med Hus og Husbunad, som merkjer ut det Slags Landadelsskap. Men der er snaudt for Vedu, og Mannen der sagde, daa eg kom til at tala um desse Skogmenn (Forst-): “ja, faa me ikki meir Skog, verdt her snart ikki buande, endaa eg hever Skog nok for meg, det er ikki for det.“ — (“Ja“, svarade eg, “men skulle de faa Skog, so maa de ikki lauva so af Ungskogen til dette Stakkars Aar- og Bjørkelauv af dei unge Rønningar, som verdt malit smaatt som Snus. Her fara Folk med Skjera (Sigden) si og typpa. Det er Lauvlidar, de her maa faa, og so maa de byggja Hus af Stein og ikki øyda slikt med Furutimbret til alle desse Hus“.
Kyrkja her er tekt og klædd med Steinhellur, og der stender ein Tiggjarstolpe ved med Bøn til dei Reisande um ei Gaave til denne Bygdi, som hever gjort so store Ting som at faa seg dette Gudshus.
Det høver ikki vel for ei Bygd med Adel i at hava slik Usseldom standande inn med Storvegen, for det er likeins skrivit so bakvendt, at du maa læ. Det er Synd um Gudbrandsdalen, at der skal vera somange Tiggjarer. Fram i Sell løp dei halvnakne svarte Ungarne etter Kjerra og rekte ut Henderne sine og bad. Dette er til at føda upp ein Herkemuge, og det munar inkje, endaa her ferer mange gode Folk igjenom her, og det er Mange, som kaste ein Skilling til dette Afaatet.
Fraa Dovre foor eg vest yvir det Fjøll, som heiter Jetta, til Vaage. Fraa desse bratte Lidarne uppigjenum sjaa Dovregardarne fagre ut aust og nord i Dalen paa andre Sida. Eg krabbade uppetter og uppetter, alt til eg kom i Villfjøllet, der eg raakade paa Buskap, som eg sette meg ned inn med og drøymde meg tilbake, daa eg gjætte i slike Fjøllbeiti og saag berre Snjofjøll og grøne Dalar imillom utan den mindste Bjørkebusken annat enn Einerkrøklur og Rape. So fauk der upp ei Rjupe inn med meg, og daa var eg so grim, at eg gjerne vilde drepa hena med Ungarne sine. Men no vilde eg ikki det: no saag eg etter Bergslaget og Jord og Stein og Grasslaget, og um eg hadde havt Byrse og ein Rein var komen, so vilde eg ikki som fyrr hava darrat af Hugen etter at skjota, men gjort meg til Kjenning og Ven med honom, og kjent meg lykkelegare, um eg kunde hava funnit ein rar Stein og ei sjeldfengd Rivne i Berget enn skotit den beste Reinen. Raaskapen er so glad i Draap han, anten det er til Gagns eller ikki. Men til lenger me koma fram, til meir elska me og spara sovidt som mogelegt alt Liv og leggja Hugen vaar paa Ting, som den Raae og Uvitande ikki seer, um han so snaavar (snubler) i det, for me vita, at det er desse Ting, som løysa mangei Gaate og gagnar mest.
I desse Tankar foor eg Berg upp og Berg ned, liksom naar Sundfuglen (Svømme-) kliver paa Havsbylgjurne, alt til eg kom til ein Sæter der i ein Dal, som der rauk or Pipa ifraa. Det var ein Husmannssæter; men endaa var der so reint og velstelt, at der paa den største Gardemannssæter i Vestfjølli knapt er slikt. Her saag eg og, at Husmenn hadde Sæter for seg sjølve. I Øysterdalen var Husmannen paa sama Sæteren som Husbonden hans, men hadde Sel eller Bud for seg sjølv; men i Vestfjølli kann endaa tvo tri Husmenn bu og hava Mjølkestellet sit i sama Selet som Gardemannen. Naar der daa ikki er Skorstein men berre Eldstad midt paa Tufti, so kann du tru, at der er Greidur i all den Røyken. Det er inkje Under, at Smøret er myrkt og Osten, som hever stadit paa Hjelden, svart som Kolsnorten.
Der var ei eldre Kone med tvo Godborn paa Sætren; og god Mjolk fekk eg. “Du er ei velsignad Kone“, sagde eg, “men eg hever ikki Raad til at bitala meir enn so.“
Kjære“ svarade ho, “eg skulde ikki taka Bitaling af ein slik vegfarande Menn, men eg lyt taka dette, for so fær eg meg nokot Kaffe. Eg hever no ikki smakat Kaffe paa aatte Dagar, og daa seter det seg som ein Knute for Bringa mi. Det var inkje Under eg drøymde i Nott, at eg fekk so god Kaffe. Sjaa der er litit Rjome (Fløde) og. Den, som sliter og gjenger med Skræppa paa Ryggen, kan hava godt af Rjomen.“
Eg var so heppen at finna eit Sukkerkorn paa Skræppebotnen. Det fekk Borni. “Nei for friske og væne Godborn du er so sæl at hava“, sagde eg, *“ho heiter vel etter deg Gjenta?“
“Ja ho heiter Marit liksom eg, og Guten heiter Olaf etter Mannen min, som døydde fem Aar sidan fjortan Dagar fyri Jonsok. Det er Dotterborni mine detta.“
“Ho er gift?“
“Ja, det er greidt: det hever nok gjenget rett til, skulde eg tru. Men Mannen er no burte paa Slaatt i Øysterdalen, etter at Plassen heime var afslegjen. Me maa vanka vide etter Maten. Og so siter eg med Borni til Sæters; det eldste er her burt i Fjøllet med Buskapen. Han heiter Thor han, og i Morgon den Dag lyt eg senda honom heim til Landkræmaren etter Kaffe aat meg. Vil du ikki taka deg ein Drykk til?“
Olaf og Marit vesle sveiv ikring meg, for eg synte deim det eg hadde i Skræppa og fortalde dem, kvat det og det var til. “Naar du verdt stor Olaf“, sagde eg, “so kanskje du er ein so klok og lærd Mann, at du berre smiler aat det eg hever skrivit; og du Marit straalar da kanskje som ei Dros af fyrste Rang i Selskapet. Det kann gjerne ganga slikt, naar de stella dikkor rett, for det seer ut til, at vaar Herre hever gjort sit.“
Eg hadde ein Drope atter paa Reiseflaska, som eg spurde um ikki Gamlemarit vilde hava mot Knuten for Bringa si, til ho fekk Kaffe.
Daa eg kom burtum Sætren paa ein Bakke, saag eg Nautgardstind Vest og Rundarne Aust. Det tok liksom og skok og riste i meg. De veksa upp med Stort for Augom, vesle Marit og Olaf, sagde eg.