Hopp til innhold

Ferdaminni fraa Sumaren 1860/43

Fra Wikikilden

Throndheimsfjorden!

„Det er ein makalaus Fjord med eit fagert og rikt Land kransat ikringum seg“, sagde eg paa Eimbaatsdekket til ein Kringil af Folk, som eg stod og rødde med. „Aa ja, men det er eit armt Land“, svarade ein eldre Storthingsmann derifraa. „Ja de (I) er arme“, svarade eg harmfull, „men Landet er rikt; her er langtifraa gjort somykit, som eit slikt Land fortener, for vel saag eg Framstig paa mange Stadar, men eg hever set det i den Vegen mykit betre i mykit armare Bygdir. Og dette visar seg og paa det, at her, som maatte kunna fara tri fire, berre ferer ein Eimbaat, som endaa attaat er lovad Hjælp af Rikskassa! Men“, lagde eg aatløgjande[1] til, „naar no du, som ein af Landsens Utvalde kjemer atter til os, og er den Skapnaden, som eg her fann mest af bland desse gamle Ættlingarne, so er det vel, at me kjenna Landet og kunna svara deg“.

Ja, det var ein Fjord for Vikingar dette med alle Sund og Vikar og Knipplingar og alle desse Fjordarne med ein annan Vind etter Daladraget! Og so svint at samla heile Folket fraa desse Oddar og Øyar og Kvelvar! Dei Gamle viste vel, kvat dei gjorde, daa Innherad og derikring var Landsens Kjerne. Det kunde i some Ting nokot so nær vera det enno, helstder som Jarnvegen kom her austigjenom Verdalen til Sverike, endaa Landsens Læge og nyare Skipnad gjerer, at desse Bygdir berre kunna koma upp til andre eller tridje Rang, for her er ikki Skog nok og store lange Vatsdrog[2] som samla Magti kring Osen sin. Men her maa verda jamt og jamrikt og mest makalaust yndefullt, for vel er her ikki altid som no — daa vilde det vera eit Neapel — nei her stormar og regnslær ukjent for os Sunnanfjølls fraa, det kjende eg, daa eg foor ut Throndheims-Leidi; men her inne kann du sjaa paa Trevokstren, at det ligger meir i Logn og Livd.

Den, som ferer her den fyrste Gongi, kann knapt lata vera at drøyma um alle desse gamle Minni fraa det og det Landet, den og den Garden og Viki og Odden og Fjorden. Er daa Fjorden, som naar eg foor der innan fraa til Throndheim stavende still glimande i Soli med denne underleg lette nordlege Luft um seg, Aakrarne ikring mogne og Marki kaalende grøn, so er det ei Ferd, som du ikki lett skal gjera Maken til. Daa me komo framikring Frosta, laag Throndheim gjøymd der sud i Røykjen sin. Der i Sundet millom Landet og Tauterøyi med sine Lundar og Merki etter det gamle Klostret maatte eg syngja um hena

  1. spasende, Aatløgi, baade subjectivt det, som fær Folk til at læ, og objectivt; aatløgjen.
  2. Flertal af Drag.