Ferdaminni fraa Sumaren 1860/42
Garden med alle dei Føderaad.
Det var mange Føderaad paa denne Garden. Den ville Mannen likjest Dyret i det og, at han legger seg til at sova, naar han er mett, og ikki tenkjer paa næste Maalet, fyrr han soltnar. Men daa er han vel um seg, rivande og slitande. Til lenger Folk koma frametter i Kunskap og Umtanke, til meir tenkja dei fraa det eine Maalet til det andre, og laga seg so, at det „rekker ihop“. Ja, dei tenkja lenger: fraa Ungdom til Alderdom, og fraa Alderdom til næste Ungdom og alt fraa denne framigjenum til det Endelause, solengi Ætti kann liva. Livet verdt eit endelaust Lekke med den eine Mannsaldren som den eine Leden. So tenkjer den beste og mest upplyste Mannen og liver etter dette, so godt han kann, og vrakar det, som kunde vera Vinning for honom sjølv, men Skade for deim, som etter koma.
Og umsnutt: til mindre og verre Mannen verdt, til stytre og stytre verdt dette Livslekki (Lænke), alt til han berre tenkjer paa seg sjølv; men dette er og nokot, naar han tenkjer fraa Ungdom til Alderdom, endaa dette og er berre at vera eit gjævare Dyr. Lægre Dyr tenkja berre fraa Maal til Maal og dei lægste leggja seg til at sova, naar dei ero mette.
For det finnst ogso Dyr, som tenkja frametter og det langt fram, ja endaa solangt dei kunde liva og vel so det. Eg minnest just no Reven paa Alfstad, som var tamd og livde i Huset som ein Katt. Han stelte seg so vel i Garden og saag so sedleg ut, at Alle trudde honom det bedste. Han gjekk millom Høns og Ændar og Gjæs og Alt med Fjør paa, som Reven er so galen etter, og rørde ikki eit Liv. Men lenger burt i Bygdi kom burt Fugl etter Fugl, og Ingen kunde gjeta, kvar all denne Fuglen vardt af. Det var Mange, som mistenkte denne Reven, men daa inkje kom burt paa Garden, der han var eller nærast derikring, so kom denne Mistanken burt. Og Reven sat og høyrde paa all denne Røda og gat ikki eit Ord, men gjorde Skalkeandlitet sit so aalvorsamt, som det er mogelegt for Reven. Han kjende vel Hjartegnag, som ein Kjennare kunde sjaa idet han drog Halen lægre, naar der kom ei Kone til Gards og gret for den gode Eggehøna si, men han var ein so forhærdig Syndare, at han slog alt burt og fylgde si vonde Lyst. Til Slut bar der til at lukta i Garden, og daa det vardt leitat etter der det kom ifraa, fannst det ei Holu ut ifraa ein Haug og inn i Kjellaren, som var full af Fugl. Han hadde ikki havt Salt den Stakkaren, so Maten hans tok Usmak; men so klok hadde han vorit, at han hadde lagt det yngste inst inne og det eldste ytst ute, so han aat den gamle ule Maten og let den nye verda gamal, som alle sparsame Gardmannsfolk paa Landet, for Maten er drygre, daa han er traa og ul. Det var somykit, at han kunde hava havt Suvl all sin Dag, so det var Gut, som tenkte fraa det eine Matmaalet til det andre, ja paa Alderdomen med, og det um han hadde Kosten og fritt Hus dihelder. Det er mykit faa Menn der i Bygdi, som er betre enn denne Reven. Dei fleste hava sama Haatten som han, men ero ikki so vise, og derfor draga dei heller ikki somykit ihop.
Det vardt nokot langt utifraa Vegen min med denne Revarispa, men eg laut visa, at some Dyr er meir langtenkte enn mange Folk, som ikki ero somykit betre enn mange Dyr, som dei tru. Kjenner du ikki Mange ikring deg, som ikki tenkja fraa Maal til Maal?
Ja, sjølv den Guten f. Ex. som sagde: var eg Konge, so vilde eg ikki gjera annat enn liggja i Høyløda og eta „Risengrynsgrød“, han stod lægre i Folkeskikk (Cultur) enn denne Reven. Og slike som denne Guten er fleire Folk i Landet, enn Nokon trur.
Det er ein aalgjengjeleg Tanke det, at det er den største Lykka, naar Ein slepper at gjera nokot og endaa fær Maten, „Herregud han liver godt han; arbeida tarv han ikki det mindste og endaa kann hava den beste Maten“. „No hever han tent somykit, at han kann sluta med alt Arbeid“. „Det er berre af Girugskap, at denne rike Mannen arbeider, for han kunde so godt sleppa, han; den som berre var so sæl“. „At han, som er so rik og barnlaus attaat, vil slita med Gardsbruket! nei var eg i Staden hans, so skulde Andre faa Lov til at gjera det. Eg skulde sova og eta og liva som Kongen“. „Ja, det er Mann, som liver godt det: han kann liggja til Dugurds kver Dag, og leggja seg so tidleg han vil“. „Det maa vera gamle Syndir, som gnaga og grava og driva denne Mannen til Verksemd“. Slike Talemaatar fær du høyra nok af, og desse maala Folkets Villmannsliv og Dyretilstand meir enn nokot annat. Og i Føderaadsvæsenet kjem dette klaaraste fram i Gjerning.
Peter Olivarius og Oline, eit Par barnlause Folk ikring fyrti Aar, aatte denne Garden, som er fraatalat. Men daa dei soleides ikki hadde „nokon at arbeida for“, sagde Oline ein Dag, ho var trøytt: „Olivarius, me ero nokre Galningar, som liggja og slita med denne Garden, me, som kunde liva so godt og sutlaust“. „Det var sannt det, Oline“, svarade Olivarius, „det kan Andre, som meir trengja til det, slita med Gardsbruket og husa upp og brjota Skjer or Aakren. Tomlongius Broderson min og Seriane, Kona hans, Systerdotter di, koma so til at erva os, korsom er; det er derfor best at dei faa Garden liksogodt no med det sama, og so taka me os Fjordeparten af Gardens reine Afdraatt i Føderaad, so kunna me liva som Haukar, sitjande paa Krakken“.
So fekk Tomlongius Garden. Han sat der i Armod med det store Føderaad og mange Born, so han ikki braut mange Skjer or Aakren eller snuggade[1] stort med Husi; han sleit og beit seg fram, og ynskte inkje heller enn at desse velsignade Føderaadsfolki maatte døy; so det var ikki mange Aari han var takksam for Garden, skulde eg tru. Det kom endaa til Sak imillom desse eldre og yngre Folk. Det stod i Føderaadsbrevet, at dei gamle ogso kunde hava ein Stovugris, men daa Grisen stundom var ute paa Roting og ikki aljamt inne med Husbonden pustande i Oska, so meinte Tomlongius, at han, som gav so stort Føderaad, ikki vilde hava denne Grisen rotande i Garden. I det gode gamle Ord Stovugris ligger, at han aljamt skal vera inne med Folki som Barn i Huset; medan Olivarius trudde, at Ordet ikki vilde segja meir, enn at Grisen var inne og laag i Aaren, daa han var mindre, men at han maatte ut for det meste, daa han vardt større, for so koseleg som Grisen er at hava inne hjaa seg, naar han er liten, so verdt han heller usnyrten[2] i Stova, naar han vekser til, endaa Skorsteinen dreger no til seg det meste, det er ikki for det; men han kann ikki vera fødd med berre Mannamat heller, naar han verdt vaksen. Og eg trur at Retten kom til det Utslag, at Ordet Stovugris maatte tydast paa denne Maaten. Sakførarne skreiv mange gode Innleg um Meiningi af dette Ordet, so det vardt ein dyr Gris baadi for Olivarius og Tomlongius, daa Saki var so tvilsam, at kver af deim laut svare Kostnadan sin.
Det var stor Trætte um Veden og, endaa det kom ikki til Sak um det, og so var det no heller ikki solangt etter Veden som sumestadar paa Mjøslandet. Der er det tidt Syndehus med Føderaadsfolki um Veden, som ofte maa kjøyrast fleire Mil til desse stakkars Gamle i den kalde Føderaadsstova si.
Daa Tomlongius hadde setit paa Garden tolv Aar, var Olinus den eldste Sonen hans tjuge Aar, for „han var aatte Aar fjortan Dagar etter Jonsok det Aaret me toko mot Garden“, sagde Seriane, „og Thorine var seks Aar aatte Dagar fyri Jol, og Petronius, som heiter etter han gamle Peter, fire Aar nettupp Vetredagjen; og Oliniane, som heiter etter hena gamla Oline, tvau Aar tri Dagar fyri Olafsok. Me reiste uppatter desse Gamle med desse tvau Borni, for me hadde alt Von um at faa Garden so tidleg“.
Olinus tok alt til at tenkja paa Giftarmaal han, endaa det saag ikki godt ut til at gifta seg med dei gamle Føderaadsfolki paa Garden og Foreldri enno ungo — ikring ein femti Aar — og seks Systkyn at løysa ut. Men „Olinus var klok han“, sagde Seriane, Moder hans, „som tok den gamle Ekkja med seks hundrad Dalar, for so kunde han løysa ut Systkyni sine og taka mot Garden, som Tomlongius og eg alt lengi sidan vaaro trøytte af. Me kunde no faa det maklegare og taka so stort Føderaad, at me kunde føda upp dei tvau minste Borni og“.
Men denne gamle Ekkja, som no vardt den „unge Kona“, var ikki naadig mot desse tvau Por[3] Føderaadsfolk, for det var som ho sagde til Mannen sin: „me hava Fortenesta af Arbeidet, og dei Gamle sitja paa Krakken etande upp Aarhagen. Og dei ero ikki eldre dei enn eg og friskare til. Ja eg fekk Gard for mine seks hundrad blanke Dalarar! Olinus stakkar, han maatte lova Kona si at lata dei Gamle faa Lettekorn, og vatsfulle Jordepli, og kjøyra ut Hesten, fyrr dei fingo honom. Sjølv stod ho for det, at dei Ungnaut, som dei Gamle fingo, vardt lagde undan dei klenaste Mjolkekyr, og Lombi undan dei klenaste Saudirne; og dei Kyr, som Garden skulde føda for dei Gamle, svelte ho mykit meir enn sine eigne. Det vardt Trætte og Graat og Laat. Og desse tvo Føderaadsfolk vordo no Venir og slogo seg saman mot den sams Fiende. Seriane og gamle Oline, som hadde trættat so mangein god Dag um dette sama, vaaro no samtykte i at bannstøyta den unge Kona; og gamle Olivarius og Tomlongius, som ellers altid for det meste hadde haldit ihop mot Konurne sine, dei sagde: „ja, det fær Mannen for det han leter Borni sine faa, at dei stunda Livet or honom“.
Gamle Olivarius, som spurde meg til Raads um eit og annat, gav seg so smaatt ogso for meg, som berre gav honom dei Rettarbøter: „Du fortener alt det du fær og vel so det, for du gav upp Garden i dine beste Dagar. At de aldri skal kunna læra! Du skulde hava sagt som Mannen til Son sin: „Du fær vel Garden min, men det sker ikki solengi Nasabeinet mit stender i Vedret“.
Og all denne velsignade Uppgjeving af Gardarne fører likeins det med seg, at desse unge Vimringarne af stakkars Odalsmenn laupa burt og gifta seg, fyrr dei ero Manns Menn, so det verdt Faakunna og Syndeskap og Armodsdom heile Horgi. Du, som aatte Garden din og var i Velstand, du skulde hava dyrkat honom upp, og letit ei slik Gjerning hava vorit det beste Barnet etter deg; du tenkte berre paa deg sjølv, tenkte berre paa at eta og sova, som det daarlegaste Dyr, og derfor kann korkje Gud heller Mann tenkja paa deg med Miskun“.
Ja denne Uskikken med Føderaad er driven rett vidt her nord; eg tenkjer mest likso vidt som mangestadar paa Upplandet og mest ikring Mjøsen. Upp i Fjølldalarne og desse mest gamaldagse Bygdir hever ikki eg funnit det fullt so ille, for den gamle Skikken var der mykit likt den gamle „germanske“ og no mest den „engelske“, at Mannen sat i lengste Laget med Garden sin, og daa let den eldste Sonen faa honom for eit ringt Værd, so han kunde sitja som Mann haldande eit Hus etter Garden, og hava ein Heim for dei andre Systkyn, som inkje fingo for seg sjølve. Men ei nyare Tid totte, at dette var Urett, og anten bytte sunder Garden eller let den eldste Sonen gjeva somykit for honom, at han sat i Skuld og Armod all sin Dag. Me faa no sjaa, kvat Riket er best tent med i Lengdi. Og at vaare Bondestorthingsmenn hava vorit med til dette visar imindsto, at dei ikki tenkja paa stor politisk Magt for sine Etterkomarar.
Eg hever inkje imot, at Gardarne verda bytte, naar, kver Lut verdt so stor, at Mannen kann liva af honom med stort Hus utan at slita so for Føda, at han korkje hever Raad eller Tid til at læra nokot. Her er til all Lykke mange Gardar, som enno godt tola at verde kløyvde baadi i tvo og tri Lutar. Dette store rike Austland verdt vist ikki dyrkat rett upp fyrr. Eg kjenner endaa Gardar, der det no verdt avlat meir paa Helvti enn fyrr paa det Heile, og at hi Helvti kunde verda likso god, er likeins vist. Saki er at sinna den rette Grensa, og den finner ingen betre enn Folket sjølv i kver Bygd, naar det meir og meir verdt upplyst.
Eg torer ikki fullvissa, at denne Gardeutbyting og dyre Løysing for Sonen beint fram henger ihop med denne Mengd af Føderaad, endaa eg trur so, naar det Eine verdt liknad isaman med det andre i sama Bygdirne. Baadi det Eine og det Andre af dette og baade ihoplagde er store Ting for Rikslæraren og Riksstellaren at tenkja paa.
Det er endaa eit, som henger ihop med desse Ting, og som kan ættleidast fraa den sama Blanding af Nytt og Gamalt, Fritt og Ufritt, By og Land, franske Læresætningar og gamalt Riksstell, Landadel og Bypøbel, og dette er — so rart det enn kann synast for Mange — dei nyare rare og mange og ihopherkte Novn. Du skal altid høyra i slike Bygdir Gunnerius, Thorenius (af Gunnar og Thor) og slike lange Reglur som Hans Carl Petter Fredrik Anton Fleskesen (dette er lært af dei eldre Embættesmenn), og Gjentenovn som Indiane (Forældri maatte hava lesit um Tristan og den væne Indiana), Olivia og Oline (af Olaf). Nei dei setja endaa Novn ihop af Karl og Kvende sosom Kariole (uttalast Kariol) af Kari og Ole, eit Navn, som narrade meg godt, for eg tenkte at eg skulde sleppa dei stygge Skranglekjerrurne, daa dei skreik paa Kariol, og just var det den fillutte Skytsguten! Det er reint skrøpelegt med alle desse Novn her nord, ja det gjenger endaa mest so vidt som med den gamle Kanalgravaren, daa han for at hava eit Afminne etter Opningsdagen af Kanalen sin, kristnade Dotterdotter si med Kanalia.
Og slike Novn skulde eg høyra somange af her ikring denne gamle storslegne