Hopp til innhold

Ferdaminni fraa Sumaren 1860/30

Fra Wikikilden
Bergh & Ellefsen (IIs. 2124).

Dansen paa Ilevollen.

Paa denne gamle Vigvollen var no bygt eit Dansarhus. Dette drøymde vist ikki dei gamle Birkibeinar um, daa dei slost her. Og dei, som dansade her no, drøymde vist heller ikki um desse gamle Slaastkjempur. Dei livde i Augneblinken, som det høver seg for Dansaren, for ellers kunde det ganga honom som meg, daa eg gjekk i Danseskule paa mine eldre Dagar, at han fekk Dansen upp i Hovudet men ikki ned i Føterne.

Det var Kvelden etter Krøningi, at denne store Dansen var her paa Ilevollen. Gutar og Gjentur vaaro komne fraa Landet vidan Veg. Krigskip laago paa Havnen, og Matroserne, som ogso hadde fengit seg ein Skjenk for Krøningi, skulde inn og hava Gaman og mange af deim faa seg ein Dans med Kjærasten sin. Byens Gutar og Gjentur skulde ogso faa seg ein Dans og hava sine Stevnemøti etter alt det Gjæve dei hadde set den Dagen.

I Throndheims breide Gotur, som der ellers er audt og daudt i, var so fullt den Dagen som det stundom kann vera i Hovudstaden. Det var eit Hav af Hovud at sjaa ned igjenom fraa Trammen bygd yvir Inngangsporten til Kyrkja. Og um Kvelden var Gjeile[1] sud mot Ilevollen ein skridande Skog af Folk. Dansesalen og alle Siderum vorde snart fulle og likeins ein stor Ring framfyri Huset. Det galt um at aalboga seg fram og spita og bløygja seg gjenom Inngangi og bitala sine tolv Skilling.

Stakkars fine Folk, som berre ganga paa Stasball og soleides aldri sjaa slike Dansar, for denne Dansen var ein folkeleg Dans mod deim, som fyrr vaaro at sjaa paa Langvik og enno paa Grønland og slike Stadar i og inn med Hovudstaden. Det gjekk vel fritt til her og; men det var som det paa ein slik Stad skulde vera. Det maa eg segja til Ros for Nidaros, at eg saag ingen Herkemuge (Pøbel) der i dette Ords vanlege Meining imindsto ikki bland Aalmugen.

Herrarne dansade vel her ogso med Hatten paa Hovudet og Cigaren i Munnen; dei sette seg vel etter Dansen med Gjenta paa Kneet sit, og saato soleides venlegt og drukko Øl og Vin og klinkade; dei gramsade vel i Haarfletturne og ruskade so, at Gjenturne gnisade og smaaskreik med sine søte Pip; men det hadde endaa altsaman eit Lag af Folkesømd, som etter mi Meining den finaste Jomfrua kunde hava set utan at uvita (besvime).

Eg veit ikki um eg torer segja, at der small Kyss: Det er so vaalyndt med den Kyssing. Poeterne gjera vel sine tærande[2] Vers um Kyss, ja dei ganga endaa so djupt i Saki, at dei værdsetja samanliknande dei mange Slags Kyss, sosom Barnets Kyss o. s. v., og finna daa, som rimelegt er, at dei Elskandes Kyss ero dei beste, ja so utruleg gode, at alle dei andre ihop ero som inkje derimot. Me sjaa vel, at Parfolk kyssa kverandre mest etter Maten[3]; ja me hava endaa set — mest nokre Aar sidan i Smaabyar og paa Landet — at Trulovade hava kyst kverandre i Selskap og paa Ball. Det var just fint dette! Men endaa torer — vil — eg ikki skriva um, at Guten kyste Kjærasten sin der paa Ilevollen, liksolitit som eg vilde kyssa min, naar Folk saag paa det. Philosophen Diogenes tok alt meir opit og beint fram han, um Boki er truande. Men Engelskmannen gjenger paa den andre Kanten so vidt, at han segjer a gentleman never spits (ein Gentlemann spyter aldri). Han maa vel etter dette eigong koma so langt som Katten, at han eter og drikker (lepjar) i Løyndom. Diktararne hava havt den Vanen at gjere arme Folk meir kjærleiksfulle enn rike. Og Menn, som vel kunna koma paa slik ein Dans, som her ut paa Ilevollen, men ikki paa Stasball, dei segja, at paa slike Dansehus er Naturen meir fri og poetisk enn paa gjæve Dansehus, der alt er kaldt og stivt. Etter mi Røynd (Erfaring) er Naturen den sama paa baade desse Dansesalar, som det ogso maa vera, daa det er Folk med sama Slags Hugkjenning paa den eine Staden som den andre; der er berre ein Skilnad i Maaten at snu og venda seg paa. Matrosen paa St. Olaf kjem inn i Dansesalen med bikutte Nevar — det er ikki so godt at tvaa af Biket i Hast — han kjem med ein Hat paa Snurr, som der med store Bokstavar stender St. Olaf paa; han kjem med ei blaa Matrosskyrte og kvite Brøker med eit Belte kring Livet; det blakar med Baand kring Hatten og af Kragen; han floksar og sveiver Gjenta si, som ogso er gloande med Bordur og Baand paa sin Maate, og han gjever ein stor Svolk fraa Landet eit Slag under Øyra, som kjem og vil taka Gjenta fraa honom. Han slæst no um Gjenta si paa den Visen med snaude Neven han, medan Hesten biter og spenner — det sama gjerer ogso tidt ein slik Gut — Mus og slike Dyr alt upp til Løva bita og klora, so dei Stridande liggja daude ved Sida af den stolte Kjærasten sin; ja Smaasporvarne slaast endaa um det sama, og Hanarne er det no aldri rødande um for det er reint fine Herrar paa Ball det med Kambar og Sporar og ridderleg Niging og Skraping. Og slaast dei, so er det paa sama Riddarvis. Det er Einvig (Duel) af det adelegaste Slag. Det er reint Fransk med Hanen (gallus), som ogso likjest Herføraren mest i Klædebunad og Maaten at standa og ganga paa. Eg saag ogso mangei

  1. den lange Gata tvertigjenom Nidaros fraa Sud til Nord heiter enno Gjeile (ein Veg, inngjerd).
  2. af Taar.
  3. Dette er i Staden for Turkaplag (Serviet) segjer S. Kirkegaard.