Hopp til innhold

Ferdaminni fraa Sumaren 1860/29

Fra Wikikilden
Bergh & Ellefsen (IIs. 1821).

Dansen

kom. Ja, det var Dans det. Men der var so fullt sjølv i den nye Salen, som Throndheim hadde bygt upp til det Bruk, at Folket stod der som Haar paa Hovudet eller Bust i Bosten, sveittande so det var slikt, at det silade og rann. Kongen, som er slik ein Dansemeistare, var i ei Sveittelaug heile Kvelden. Naar han og den svenske Hoffrøken leikade paa Tilja, det var Par det. Leon Gozlan segjer um dei franske Philosopher, daa dei vaaro i sine Aftenselskap, at dei vilde hava bodit Gudarne til Kvelds med seg, dersom dei berre hadde trutt paa deim. Dette sama vilde eg hava gjort med gamle Odin og heile Valhallslaget, som fyrr var so bønsøkt og storvyrdt her i Throndheim og kanskje paa denne sama Tufti; men for det fyrste hever ingen Mann no Lov til at tru paa desse gamle Gudar, og dernæst so maatte eg takka til, at eg aaleine slapp inn, um eg ikki tok nokon med meg. Og so hadde der no heller ikki vorit Rum, for desse gamle Gubbarne vaaro rumstore dei, endaa eg trur vist, at sjølve Thor kunde hava sluppit inn i ein Sprikestakk (Krinoline) imindsto nedantil og uppetter, um endaa Livstykket hadde vordit for trongt. Men det gjekk ogso illa med Sprikestakkarne: dei vorde trykte flate og skakke; eg høyrde det knakade under Silken. Og daa eg gjekk heimatter den eine Notti, sveiv der slik ein kvit Skapnad fram fyri meg paa Gata i kvite Silkesko og skakke Sprikestakken, so ho saag ut som den fallande Fuglen med den eine afskotne Vengjen: ho skjente so paa Skjekke.

Det Beste verdt tidt lastat mest, afdi Folk anten ikki skyna det, heller og ovunda det. Soleides med den kvendelege Klædebunad. All den Strid, som er førd mot Sprikestakkar, kann gjerne kallast europæisk og vel so det. Likeins er det mest med kvert Plagg og kver Prydnad paa den elskelege Kvinna. Det er ikki so med meg, som altid hever trutt paa det gamle Ord, at Bukken kann sadlast, til han verdt god som Hesten. Og dette er endaa sannare for Kvinna enn for Mannen. Dette veit ho ulært af eit Hugskot (Instinct) og derfor ligger det liksom i Naturen henar at pryda seg, rett som naar Pus siter i Soli. Ho veit med seg at det er ho, som skal syna fram det Fagre og Reine, for Livet vilde sjaa altfor ljott (uskjønt) og ruskutte ut, dersom det ikki vardt gjort finare, enn me Mannfolk kunna gjera det. Mannen er girug etter Ære og Kvinna etter Prydnad. — Slikt drøymde eg tidt um paa desse Ball, for her saag eg best den kvendelege Prydnad i allt Dramb og Drust (splendor, majestas). Det var vel gildt at sjaa Herrebunaden med dei trikantade gullbordade Hattarne under Armen, med Riddarbaand og Stjørnur paa Bringa, med raude Bukselistar, med Sabel og Fetil, med kvite og blaae og grøne og eldende raude Fargar, so det var mangein som saag ut som ein Steggi (Andrik), ja der var endaa Menn med raude Klædi fraa Topp til Taa sosom dei Danske Sendemenn. Men allt dette var inkje mot dei silkeklædde Damurne, som liknade dei hundrad og hundrad tusind Jomfruer i Eventyret. Der var Sambunad (Uniform) der, endaa der var some, som hadde finare Silke enn some. Og so er det Maaten at faa sine Klædi skorne og at klæda seg paa, som det kvendelege Flogvit (Geni) mest visar seg i. Og det er dette, som maa forgjera (charmere) Mannen mest og gjera dei andre Kvendi eitrande aabruige (jalouxe). Eg vardt af Mannen førd fram til Helsing paa ei Dame, som lengi hadde vorit i Paris og var nyst komi derifraa.

„Mi ærade Dame“, sagde eg daa all Fagning var færdug, „mi ærade Dame! De er hardhjartad.“

„Kvi daa“, sagde ho og saag paa meg med dei hugstelande Augo sine.

„De maa gjera dei andre Damer vonlause (fortvivlede) og Herrarne hugøre.“

„Kvi daa?“

„Berre denne Maaten De berer Hatten og Sultanen (ei Slags Kappe) paa er makalaus. Det er snart at sjaa, at De kjem fraa Paris.“

Mannen smilte sigersæl, og ho bøygde sit yndefulle Hovud og slog eit Kast paa Sultanen, som beit paa meg likt det beste Vers og den reinaste Tonen. Men dermed kom ein stor Mann — Gud veit um det ikki var sjølve Kongen eller ein Prins, for eg sansade litit daa — og baud hena upp til Dans. Ho sveiv ifraa os. Nei daa skulde du hava set Sultanen! Der stod eg atter. Men so fekk eg Auga paa Drosi. For eit Livstykke og ein Barm bankande under Floret! Men der var Ingen, som kunde stella meg fram for hena (præsentere). Eg saag paa Silkeskone henar og paa Hovudkransen, som dei gamle Grækar paa den egyptiske Sphinxen. Men stakkar! ho hadde ikki stort af Demantar og Perlur og Armabaand.

Det er utrulegt kvat det gjerer, naar slike Prydnadar glo af Hovud og Hals og Armar. Eit Demantlekke gneistar so du ikki gaar (merkjer) den magre Halsen, og den smale trikantade Armen verdt rund og full af eit gløsande Armband. Eit Demantband (Diadem) kring Nakke, Kvirvil (Isse) og Panne gjerer det heile Hovud som sprakande af Tankar. Alt dette saag eg vel her paa desse Ball.

Ja Kvinna er vel stout og snil
og gjæv at høyra og at sjaa.
Men fyrr ho rett kan verda gild,
som Fuglen maa ho Fjødrir faa.

Den Magt, som ei slik Dame med Fjødrir paa hever paa eit Ball eller i ein Selskapssal, er stor. Ein rik Mann, ein stor Mann, ein Adelsmann, og Kongen fyrst og fremst draga vil Folks Auga og Tankar paa seg, naar dei koma inn, og allramest, naar dei dansa; men det segjer litit dette mot den Sving, som kjem i Salen fraa den straalande Dama. Den einaste som kann likjast ihop med hena i dette skulde daa vera ein stor Spilemann straks han hever lagt ifraa seg Fela, og so ein god Songare sitjande inn med Fortepianoet. Det er Kjærleiken til desse tri utvalde Folk, som river os med seg, maa vita.

Vøre[1] me Menn eller Feder til slike Drosir, og kjynne kaupa all den Prydnad til deim, og me daa gjønge paa Ball og søgje alt det Dramb og Drust, so føngje me god Løn for vaart Slit og Stræv. Men desværre, det er so faa af os som hava Raad til at hengja Drambet paa Drosirne sine.


  1. vøre, Conjunctiv af var (er) liksom kjynne af kann, gjønge af ganga, søgje af sjaa, og føngje af faa. Til so fagre Tankar maa eg bruka Maalets heile Rikdom.