Ferdaminni fraa Sumaren 1860/21
Menuetten til Steinberg.
Me vita Alle, at vaart Land er rikt paa Lundar (Melodier) til Visur og Feleslaatir, og at alt dette kan verda Grunntonen i store Musikdikt liksom vaart Folkemaal maa verda Grunnmaalet i bokleg Dikting: men liksom Tungemaalet maa klaarast og møykjast upp og verda fyllt med store Tankar, so det liksom skjælver i si Fylle, fyrr det kann verda ei sann Dikting, soleides maa vaare norske Tonar og Slaattir berre vera eit To (Grunnstof) for vaare lærde og andfulle Musikdiktarar, fyrr ein rett norsk Musik kann koma fram, ein Musik, som ikki er ville Naturtonar, ei Huldre med Halen, men ein Musik, som svarar til vaar Upplysnings og Tids Krav. Dette musikalske Grunnto vil kjennast atter, men det vil Ingen kunna visa, kvar det ligger i Musikstykket, men vera innvovit som eit fint Flor i det, som ei blaa Luft skjælvande yvir det, nett som med den sanne Dikting, der ikki Bondeguten og Sætergjenta ero lagde inn som raae Stykki, men deira Aand liksom pustar, og deira Hjarta liksom bankar i det heile Dikt. At sume Ting etter Livet liksom beint maa prentast af baadi i Dikt og Musik, kann tidt vera det eine Rette; og enno meir maa dette vera Tilfellet med Folkemusikken, der somangt eit Samljod er makalaust; men ogso her maa det vera so, at det Uppgjorde berre maa vera Grunnto, medan dei gamle Lundar og Slaattir standa urørde til Hugnad og Mønster og eit To, som er til at taka af for ei endelaus Framtid.
Paa denne Maaten er Musikken gjenom sine store Meistarar vaksen so rik upp i Tyskland, Schweits, Italia og nokot so nær i Frankrike, endaa Musikken der ikki synest hava dei gamle Røter i Landsens Jordbotn. Eg er ikki den Musikkjennaren, at eg kan visa paa denne Samanheng hjaa dei store Musikdiktararne (Componister), og det vilde heller ikki høva til her. Berre det vil eg segja, at det ligger nær at høyra gamle germaniske Tonar (altso ogso mange af vaare eigne) hjaa Tyskeren Weber og i mangt hjaa Mozart, liksom me ogso i vaar egen Musik finna mykit atter paa denne forklaarade Maaten i Fjølleventyret af Thrane, i sume af Kjærulfs Stykki, og sume Andre.
Med denne Menuetten til Steinberg er det likeins: han klingar med fyrste Ljod, som han likt alt fullkomet skulde vera heime paa den heile Jord; men ved nærare at leggja Merke til honom, koma mange af vaare eigne Tonar piplande fram liksom Uppkomur i Sandbakken, og ved Gjenomgangar og Uppløysing af Skrikljod (Dissonansserne) er vaare gamle Feleslaattir kjennande.
Daa Ole Bull høyrde honom, trudde han med det sama, at han maatte vera af Bethoven, sagde Mannen meg. So rein og forn (classisk) var Stilen.
Denne Menuetten fekk eg fyrst høyra her nord i denne Dal, og det i eit Hus som var likt Menuetten. Der hingo dei beste Maalarstykki kring Veggirne; Husbunaden var den beste, og Tavlur og Bøker i dei fleste livande Maal laago paa desse Bord med Kniplingsdukar. Borni lovade det beste i Livet, og Mannen var ein af dei dugelegaste i Landet og det endaa til mange Slags Ting i Kunst og Vitenskap; Kona var likso gild paa sin Vis, men hena var eg ikki so sæl at sjaa, daa ho var burte. Der sat eg i dette Drivhus for gode Tankar og saag burt paa Fjølli og høyrde denne Menuetten.
„No skal du høyra denne Menunettens Historie,“ sagde Mannen.
„Steinberg var fraa Upplandet inn med Mjøsen einstad, og det er ikki lenger sidan han livde, enn at Fader min kann minnast, at han vardt hentat lang Veg for at spila i Dansar (Baller). No veit du det er so paa den Kanten af Landet, at den gamle Folkemusikk med Slaattir som Myllargutens ikki lenger ero høyrande der; men at det er Kunstmusikk paa ein Maate med Valser, Menuetter, og i den nyare Tid endaa Françaiser og slikt nokot. Men Steinberg var den Mannen, at han meir enn dei Andre kjende baadi til Folkemusikk og Kunstmusikk, og derfor høyrde eg Fader sagde, at han der paa Bondebygdi var navngjeten vidt og breidt og hentat, naar det skulde vera gildt. Soleides sveiv og dreiv han burt sit Liv denne merkjelege Mannen, alt til han vardt sjuk og kjende paa seg, at han skulde døy; daa bad han um Blek og Pen og Papir og reiste seg upp i Sængi og skreiv denne Menuetten; og so seig han tilbake og døydde.“
„Ah!“ sagde eg, „fyrst daa hadde han gjort ifraa seg; fyrst daa hadde han fengit lagt atter si Saal (Sjæl) i desse Tonar, so at ho kunde klinga, um han var burte. Denne Menuetten hadde vist lengi legit og brunnit i Hovudet hans; men han fann ikki den Form, han lengi hadde søkt, fyrr Ljoset skulde slokna; og han fekk liksom ikki døy fyrr.“
„Legg no berre Merke til denne Menuetten,“ sagde Mannen vidare, „so skal du høyra, at han liksom er ei Afprenting af Livet: fyrst er han vill og ustyren, so verdt han sterkare og sikrare som ein annan Mann, og so liksom visnar og døyr han burt.“
„Det er likso rørande som sannt,“ sagde eg, „men den Mannen døyr ikki so snart.“