Hopp til innhold

Ferdaminni fraa Sumaren 1860/12

Fra Wikikilden
Bergh & Ellefsen (Is. 5456).

Øysterdalen

stender vist hægst af alle norske Dalar i Upplysning og god Folkeskikk. Det maa no, som alt sagt, vera Skogen og dei mange Utferdir, som hever gjort dette; men det er ikki nok med det, at somange ero velstandande ja endaa rike og det tidt ovrike, for det kunna Folk vera ogso i andre Dalar sosom sume Ættir i Gudbrandsdalen; men der er slik Sedhevd (Cultur) med alt det, som Øysterdølen ferer med; eg vil berre her nevna det Reinfærlege, som der i Øysterdalen mest er endaa vel mykit af. Alt skal vera drivande kvitt, um det so verdt svart atter i sama Augneblinken sosom det daglege Golv. Det er som i England, at den svartaste Smeden skal hava dei kvitaste Klædi; og dette er no ogso det rette, for daa seer Ein fyrst vel det svarte og kann faa det af seg; men det er dyrt, og derfor er Reinsleiken næst Kunskap den dyraste Ovbunad (Luxus); men so er han daa ogso Fargen for Uskuld, liksom Kunskap lyfter os upp ti store og gode Tankar. Derfor er det sjølvsagt, at desse Ting maa veva dyre. Det øysterdalske Maal er ikki so gamalt og godt som f. Ex. i Gudbrandsdalen, endaa her er mange gode Ord og Talemaatar.

I dei rikaste Bygdarne sosom i Storelvedalen er det folkelege (nationale) so høvelegt sambundet med den nyare Upplysning og Livemaate, at det baade i Maal og annat fer liksom vuksit ihop. Desse tvo Ting standa ikki og skrika ein annan i Øyro og det tidt i sama Mannen og sama Huset liksom mangestadar ikring Mjøsen og ellers paa det rike Uppland, og heller ikki stender det folkelege einstakat bland alt det Svarte og Bakvende i Gardsdrift og Livemaate sosom i-dei fleste Fjølldalar og Sjøbygdar mest Vestanfjølls.

Der er ein forunderleg Finleike i Umgang hjaa mange af desse Øysterdøler; det er like langt fraa den gravvise og forvitne Fjøllmann og Motsetningen den Franskmann, som kann vera saman heile Dagen med ein Mann og ikki spyrja, kvat han er for ein. Dei vita so vel at møta Utbygdingen paa halve Vegen og gjeta hans Ynske, og so gjera alt godt, liksom det ikki kunde vera anderleides. Det er eit i Sanning fint Folk utan den mindste Storlaat, um der er aldri so mykit at vera stor af, og med alt den heimlege Hugnad og Djervskap, som segjer, at det er Norsk og ikki innført. Slikt vilde vaart Bokmaal hava seet ut, dersom me den heile Tid hadde vorit os sjølve og ikki ein Sæter under Danmark i fire hundrad Aar.

Eg skal aldri gløyma ei Kone, eg saag der. Det var ikki af dei rike, men henar Aatferd og Skipnad og reine fagre Born og framfyr alt henar sterke, friske og fagre Skapnad gjorde, at eg trudde at sjaa Moder til Goethe framfyri meg. Det er merkjelegt, at her ikki kjem liksomange Flogvit (Geni) ned til Byarne Aars aarleg, som Æar (Elve) og Bekkir koma rennande fraa sine Fjølldalar ned i Havet.

Ei onnor Kone, eg der saag, er heller ikki gløymande. Ho hadde ein fordrukken leid Mann; men ho lest som ingen Ting var og hengde liksom Dulskaapa paa si Ulykke, eg lest liksom den øydelagde Mannen hadde Rett, medan eg høyrde paa det. Ho-sprang og volte med honom som eit Barn. Hadde det vorit meg, so vilde eg hava stengt honom inn som ein annan Gris, daa den, som drikker slikt, ikki lenger er Mann.

Det er ei af dei svarte Sidurne ved dette Herreliv hjaa mange Øysterdøler, at mange forkoma af Drykk og gode Dagar. Eg vil her fortelja ei Histori um ein Mann, som eg vil kalla