Faderen (nynorsk)

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversatt av En Dame (truleg Aasta Hansteen).
Folkevennen (s. 452-454).

Dan megtugaſte mann i dat preſtegeld, ſom her ſkal forteljaſt um, heitte Thord Øvreaas. Han ſtod ein dag i ſtova til preſten, høg og aalvorsleg: „eg hever fenget ein ſon“, ſagde han, „og vil hava honom yver daupen“. — „Kvat ſkal han heita“? — „Finn etter fader min“. — „Og faddrarne“? Dei vordo nemnde og vaaro daa dei beſte karar og kvinnor uti bygdi av mannens ætt. „Vil du eljeſt nokot“? ſpurde preſten, han ſaag upp. Bonden ſtod litet: „eg vilde gerna hava honom døypt fyre ſeg ſjølv“, ſagde han. „Dat vil ſegja paa ein kvardag“? — „Ja Laurdaug ſom kem, 12 middag“. „Vil du eljeſt nokot“? ſpurde presten. „Eljeſt vil eg inke nokot“, bonden ſnudde paa luva, ſom vilde han ganga. Daa reiſte preſten ſeg: „enno detta likevæl“, ſagde han og gekk like burt aat Thord, tok handi hans og ſaag inn i augo paa honom: „geve Gud at barnet maa verda ei vælſignelſe aat deg“.

Sekſtan aar etter dan dagen ſtod Thord i ſtova til preſten. „Du held deg godt, du Thord“, ſagde preſten, han ſaag inke ſkil paa honom. „Eg hev inga ſorger helder“, ſvarade Thord. Aat detta tagde preſten ſeg, men ei ſtund etter ſpurde han: „kvat er ærendi di ikveld“? „I kveld kem eg fyre ſonen min, ſom ſkal konfirmeraſt i morgon“. — „Han er ein næm gut.“ — „Eg vilde inke betala preſten fyrr eg høyrde kvat nummer han fekk paa kyrkjegolvet.“ — „Han kem paa numer 1“. — „Eg høyrer detta og her er 10 dalar aat preſten“. — „Vil du eljeſt nokot“? ſpurde preſten, han ſaag paa Thord. „Eljeſt vil eg inke nokot“. Thord gekk.

Aatte aar leid tidi fram atter, og ſo vardt dat ein dag høyr eit ſtaak framfyre ſtova til preſten; fyre tio menner komo, og Thord fyrſt. Preſten ſaag upp og kende honom: „Du kem mannſterk ikveld“. — Eg vilde have lysning fyre ſonen min; han ſkal gifta ſeg med Karen Storlidi, dotter til Gudmund ſom her ſtend“. „Detta er nog dan rikaſte genta i bygdi“. „Dei ſegja ſo“, ſvarade bonden, han ſtrauk upp haaret med dan eine handi. Preſten ſat ei ſtund ſom i tankar, han ſagde inke nokot, men ſkreiv namni upp i bøkerna ſina og mennerne ſkrivo under. Thord lagde tri dalar uppaa bordet. „Eg ſkal bere hava ein“, ſagde preſten — „Veit dat nog; men han er einaſte barnet mitt; vilde gerna gera dat væl“. Preſten tok imot pengarne. „Dat er tridje gongen du ſtend fyre her fyre ſonen din no, Thord“. — „Men no er eg ogſo ferdug med honom“, ſagde Thord, lagde lumeboki ſi ſaman, ſagde farvæl og gekk, — mennerne langſamt etter.

Fjortan dagar etter dan dagen rodde fader og ſon i ſtilt vedr yver vatnet til Storlidi fyre aa tala um bryllaupet. „Dan toſta lig inke ſtød under meg“, ſagde ſonen, og reiſte ſeg fyre aa leggja henne til rettes. Med ſame ſkrid dan tilja han ſtend uppaa; han ſlær ut med armarne, gever eit ſkrik og fell uti vatnet. — „Tak i aari“! ropte faderen, han reiſte ſeg upp og ſtakk henne ut. Men daa ſonen havde gjort eit tak elder tvo, ſtirdnar han. „Vænt litet“, ropte faderen, han rodde burtaat. Daa velt ſonen bakyver, ſer langt paa faderen — og ſekk.

Thord vilde inke rett tru dat, han heldt baaten ſtill og ſtirte paa dan flekken, ſonen var ſokken, ſom ſkulde han koma upp atter.

I tri dagar og næter ſaago folk faderen ro kringum denna flekken utan aa taka mat elder ſømn aat ſeg; han ſoknade etter ſonen ſin. Og tridje dagen um morgonen fann han honom og kom berande uppyver bakkom med honom til garden ſin.

Dat kunde væl vera genget eit aar etter dan dagen. Daa høyrer preſten ſeint ein hauſtkveld nokon rusla ved dyri ute i fyreſtova og leita vart laaſen. Preſten let upp dyri og inn ſteig ein høg framyverbøygd mann, mager og kvit av haar. Preſten ſaag lenge paa honom fyrr han kende honom, dat var Thord. — „Ken du ſo ſeint“? ſagde preſten og ſtod ſtilt framfyre honom. „Aa ja, eg kem ſeint“, ſagde Thord, han ſette ſeg ned. Preſten ſette ſeg ogſo, likſom han ventade; dar var lenge ſtilt. Daa ſagde Thord: „Eg hever nokot med ſom eg gerna vilde geva dei fatike“, — han reiſte ſeg, lagde peningar uppaa bordet og ſette ſeg atter. Preſten talde dei upp, „dat var mange peningar“, ſagde han. — „Dat er helvti av garden min; eg ſelde honom idag“. Preſten vardt lengje ſitjande ſtilt, daa ſpurde han, men mildt: „Kvat vill du taka deg fyre“? — „Nokot betre“. — Dei ſaato dar ei ſtund, Thord med augo mot golvet, preſten med augo paa honom. Daa ſagde preſten linnt og langt: „No tenker eg at ſonen din endelege er vorden ei vælſignelſe aat deg“. — „Ja no tenker eg dat ſjølv ogſo“, ſagde Thord, han ſaag upp og tvo taaror runno tunga nedyver andlitet hans.