Eivind Aalandslid
Utseende
Det norske Samlaget, (s. 43–46).
Eivind Aalandslid.
Eivind Aalandslid det var ein spretten Kar:
under Bjelken godt han slengde.
Mangt eit Taket tok han, og so seig han var,
at han beste Karen sprengde.
Eivind ute var, naar nokon var i Naud,
kaupte Garden hans og Hest og Fe og Sauv.
Kunde han ei daa
beste Kaupet faa,
Mannen smurd’ han upp og dengde.
under Bjelken godt han slengde.
Mangt eit Taket tok han, og so seig han var,
at han beste Karen sprengde.
Eivind ute var, naar nokon var i Naud,
kaupte Garden hans og Hest og Fe og Sauv.
Kunde han ei daa
beste Kaupet faa,
Mannen smurd’ han upp og dengde.
Eivind var imillom Skiens By og Mo
rikaste og „beste“ Karen.
Og den stakars Krok, som kom i Eivinds Klo,
han var seld og fantefaren.
Gjeva nokre Pengar, det var Eivinds Vis,
og so Hest og Smør og Skinn til dubbelt Pris.
So paa alt, den Fant,
tok i Garden Pant.
Slo so til seg heile Garden.
rikaste og „beste“ Karen.
Og den stakars Krok, som kom i Eivinds Klo,
han var seld og fantefaren.
Gjeva nokre Pengar, det var Eivinds Vis,
og so Hest og Smør og Skinn til dubbelt Pris.
So paa alt, den Fant,
tok i Garden Pant.
Slo so til seg heile Garden.
Stødt so er det slikt, dei hava fælt til Vinst
slike sterke rike Karar.
Eivind lagde upp, so Kaksen hadde minst
fem og tjuge gode Gardar.
Kaupte han ein Hest, ell’ um det var ein Gard,
stelte han seg so, at sumt han skuldig var.
Kom so Folk med Krav,
dengde han deim av.
So med Hogg og Slag han svarar.
slike sterke rike Karar.
Eivind lagde upp, so Kaksen hadde minst
fem og tjuge gode Gardar.
Kaupte han ein Hest, ell’ um det var ein Gard,
stelte han seg so, at sumt han skuldig var.
Kom so Folk med Krav,
dengde han deim av.
So med Hogg og Slag han svarar.
Ingen kunde søkja Eivind fyr ein Rett.
Alle tømde vardt og tvegne.
Futen, Skrivaren og Prokurator lett
vordo til hans Sida dregne.
Saki vreid dei burt og upp og upp den skaut:
Han deim Hestar gav og store feite Naut.
Folk slik Urett bar,
daa dei rædde var
fyr aa verda helseslegne.
Alle tømde vardt og tvegne.
Futen, Skrivaren og Prokurator lett
vordo til hans Sida dregne.
Saki vreid dei burt og upp og upp den skaut:
Han deim Hestar gav og store feite Naut.
Folk slik Urett bar,
daa dei rædde var
fyr aa verda helseslegne.
Men daa var det eingong gamle Ivar Aa
so til Storegut’en talar:
„Vil du krevja Eivind, skal ein Bukk du faa.
Han meg eiger hundrad Dalar.
Naar du skræmer Eivind, som eg veit du kann,
verd du fyr det attaat til ein Frægdamann.“
Storegut vardt glad.
Fort han foor avstad.
Spræke Gut ei lenge sadlar.
so til Storegut’en talar:
„Vil du krevja Eivind, skal ein Bukk du faa.
Han meg eiger hundrad Dalar.
Naar du skræmer Eivind, som eg veit du kann,
verd du fyr det attaat til ein Frægdamann.“
Storegut vardt glad.
Fort han foor avstad.
Spræke Gut ei lenge sadlar.
Naar so Storegut’en kjem til Eivind daa,
han fyr honom liksom kjæler.
„Eg skal krevja deg fraa honom Ivar Aa,“
musslar han fyr seg og mæler.
„Kom i Loftet upp, skal du Bitaling faa
til den gamle Skarven, denne Ivar Aa,“
Eivind gjev til Svar;
for han er den Kar,
han fyr Dengjing aldri fæler.
han fyr honom liksom kjæler.
„Eg skal krevja deg fraa honom Ivar Aa,“
musslar han fyr seg og mæler.
„Kom i Loftet upp, skal du Bitaling faa
til den gamle Skarven, denne Ivar Aa,“
Eivind gjev til Svar;
for han er den Kar,
han fyr Dengjing aldri fæler.
Naar dei kom i Loftet, Laasen med eit Slag
slo han i, so Huset riste.
Og han segjer: „No du læra skal i Dag
det, som aldri fyrr du visste.
No skal du fyr gamle Skarven Ivar Aa
di Bitaling her paa reide Hondi faa.
Men eg trur med meg,
dette Krav av deg
jamen verd paa meg ditt sidste.“
slo han i, so Huset riste.
Og han segjer: „No du læra skal i Dag
det, som aldri fyrr du visste.
No skal du fyr gamle Skarven Ivar Aa
di Bitaling her paa reide Hondi faa.
Men eg trur med meg,
dette Krav av deg
jamen verd paa meg ditt sidste.“
Men han Storegut han stod og flirde kaldt.
Varme Ord han ikkje trengde.
Med den vinstre Hond ein Tunnesekk med Salt
tok han og paa Oksli slengde;
svingad Sekken upp til Munnen som ein Dram,
leikad der paa Golvet med ’om att og fram.
Daa vardt Eivind bleik,
og paa Folk han skreik.
Her var den, som Eivind dengde.
Varme Ord han ikkje trengde.
Med den vinstre Hond ein Tunnesekk med Salt
tok han og paa Oksli slengde;
svingad Sekken upp til Munnen som ein Dram,
leikad der paa Golvet med ’om att og fram.
Daa vardt Eivind bleik,
og paa Folk han skreik.
Her var den, som Eivind dengde.
Svint av Kista si han hundrad Kronor tok,
— Pengar tunge er aa bera. —
Og han Storegut’en varmt i Hondi skok,
sagde: „Me skal Viner vera!“
Men han Storegut’en svarar: „No skal du
um fraa alle dine vonde Vegjer snu!
Ser eg ikke, fort
at det verder gjort,
skal med meg du faa aa gjera!“
— Pengar tunge er aa bera. —
Og han Storegut’en varmt i Hondi skok,
sagde: „Me skal Viner vera!“
Men han Storegut’en svarar: „No skal du
um fraa alle dine vonde Vegjer snu!
Ser eg ikke, fort
at det verder gjort,
skal med meg du faa aa gjera!“