Ei faarleg Friing
Lauvduskar II.
Ei faarleg Friing.
Den Tid, ho Aaslaug vardt vaksi Gjenta, var det ikkje stor Fred aa finna paa Huseby. Der baade rivost og slogost dei gildaste Gutar i Bygdi Natt etter Natt. Verst var det Laugardagsnatti; men daa lagde han gamle Knut Huseby seg helder aldri utan i Skinnbroki og sette ein Bjørkestav fyre Sængi. „Heve eg fenget ei Gjenta, so skal eg fulla verja hena“, sagde Husebyen.
Tore Neset var berre Husmannsgut, og endaa var det dei, som sagde, at han kom oftast til Gardmannsgjenta paa Huseby. Gamle Knut likad det inkje, sagde og, det var ikkje sannt, „for han hadde aldri seet han der“. Men Folk smaalogo seg imillom og meinte, at hadde han leitat væl etter uppe i Hybylet hjaa henne Aaslaug i Staden fyre aa dragast med alle hine, som staakad fram paa Golvet, so hadde han funnet han Tore.
Vaaren kom, og ho Aaslaug drog til Stødls med Fenaden. Naar no Dagen lagde seg heit yver Dalen, Fjellet reis svalt upp yver Solrøyken, Bjøllorna sungo, Buhunden go, Aaslaug haukad og blees paa Lur uppe i Lidom, — daa fingo Gutarne Hjarteilt, der dei gingo og vinnad ned paa Vollen. Og fyrste Laugardagskvelden lagde den eine skjotare uppetter en den andre. Men endaa skjotare komo dei nedatter; for uppaa Stødlen stod ein Gut bak Selsdyri, tok imot kvar ein, som kom, og rundjulad han soleides, at han sidan stendugt mintest dei Ordi, som fylgde med: „Kom ein annan Gong atter, so skal du faa meir!“
Inkje rettare en dei kunde skyna, so var det berre ein i det Gjeldet, som aatte slik Neve, og det laut vera han Tore Neset. Og alle dei rike Gardmannsgutarne tykte, det var galet, at den Husmannsbukken skulde standa høgst uppe hjaa henne Aaslaug Huseby.
Det sama tykte og gamle Knut, daa han spurde detta, og han meinte og, at var det ingen annan, som kunde tygla han, so skulde han og Sønerne hans freista. Knut foor sakta til aa eldast no, men endaa han var yver dei sekstio, plagad han gjerna taka Broktak med eldste Sonen sin, naar det vardt honom for dauvlegt i Laget.
Uppetter til Husebysetri gjekk det berre ein Veg, og han bar beint igjenom Husebytunet. Næste Laugardagskvelden, daa Tore vilde til Stødls og smaug stilt igjenom Garden, alt lettare paa Foten, daa han kom aat Løda — foor ein Kar radt i Bringa paa honom. „Kvat vil du meg?“ sagde Tore, slog han i Marki, so det song i honom. „Det skal du faa vita“, sagde ein annan bak ved honom med eit Nakkedrag, og det var Broderen. „Her kjem tridje Karen“, sagde gamle Knut og gjekk honom paa Bringa.
Tore vardt sterkare i Faaren; han var mjuk som Vidja og slog, so det sveid; han smatt og smaug; der Slag fall, var han inkje; der det knapt var væntande, høvde han. Han neig og spratt upp; dengd vardt han fulla og det til Gagns, men gamle Knut sagde ofta sidan, at stautare Kar hadde han snaudt voret i Kast med. Dei hildo paa, til dess det flaut Blod; men daa sagde Husebyen: „stopp;“ og dermed leet han dei Ordi ut: „Kann du næste Laugardagskvelden sleppa undan Husebyvargen og Ungarne hans, so skal Gjenta vera di!“
Tore drog seg heimatter so godt, han vann, og daa han var komen heim, lagde han seg ned. Stort Ord gjekk i Bygdi av Slagsmaalet paa Huseby; men det sagde ein og kvar: „Kvat vilde han og der.“ Ein var det, som inkje sagde so, og det var ho Aaslaug. Ho hadde væntat han so hin Laugardagskvelden, og daa ho no fekk høyra um Endelykten paa di millom Faderen og honom, sette ho seg stad og greet og sagde med seg sjølv, at „fær eg ikkje han Tore, so verd det ikkje ein glad Dag fyre meg her i Verdi“.
Tore vardt liggjande Sundagen yver, og Maandagen kjende han, at han ogso laut liggja. Tysdagen kom, og det var slik ein fin Dag. Det hadde rignat med Natti; Fjellet var ovlega grønt; Vindaugat stod opet; Ange av Lauv bar inn; Bjøllorna ljomad nedetter Fjellet, og ein haukad uppe der . . . . var det ikkje fyre di Moderi havde setet inne, so hadde han graatet.
Onsdagen kom og endaa laag han; men Torsdagen tok han til aa undrast, um han do inkje skulde kunna verda heil til Laugardags; og Fredagen var han uppe. Han hugsad seg no dei Ordi, som Faderen hadde sagt: „Kann du næste Laugardagskvelden sleppa undan Knut og Vargungarne hans, so skal Gjenta vera di“. Han saag burt i Husebygarden Gong etter Gong. „Eg fær no inkje meir en Juling“, tenkte Tore.
Upp til Husebysetri gjekk det berre ein Veg, som fyrr er sagt; men ein dugande Karl kunde sakta alltid koma upp der, um han inkje gjekk nett beine Vegen. Rodde han ut um Tangen der, og lagde aat paa hi Sida, so var det Raad til aa koma upp, do at det sakta var so bratt, at det var med Naudi Gjeiti gjekk der; og ho plagar no ikkje vera bljug av seg i Fjellom.
Laugardagen kom, og Tore gjekk ute all Dagen. Det var nu nokot til Dag; — Soli leikad, so det spratt i Buskom, og jamt og samt haukad og lokkad det fraa Fjellet. Han sat enno utanfyre Dyri, daa det leid paa Kveld, og ei guvande Toka sleikte uppetter Liderna; han saag dit upp og det var so stilt; han saag burt i Husebygarden, — og so skauv han av Baaten og rodde ut um Tangen.
Paa Stødlen sat Aaslaug ferdug med Dagsverket sitt; ho tenkte paa, at han Tore inkje kunde koma den Kvelden, men at det fulla vilde koma dess fleire i hans Stad; daa løyste ho Buhunden og sagde ingen, kvart ho gjekk. Ho sette seg soleides, at ho kunde sjaa utyver Dalen; men der drog Toka upp, og inkje var ho god til aa sjaa dit ned helder. Ho flutte seg daa, og utan at ho rett tenkte paa di, kom ho til aa ganga mot hi Sida, og der sette ho seg til aa sjaa utyver Fjorden; det gav slik Fred, denne langa Syni utyver Vatnet.
Medan ho sat der, vard ho hugad paa aa kveda; ho tok ein Song med lange Tonar, og Ljodet gjekk so vida i kyrra Natti. Ho vilde gjerna høyra seg sjølv syngja, tok difyre til paa nyo, daa fyrsta Verset var til Endes. Men daa ho hadde sunget detta, syntest ho radt, som einkvar svarad djupt nedan. „Kjære, kvat kann detta vera“, tenkte Aaslaug, ho gjekk fram til Stupet, slog Armarne um ei grannvaksi Bjørk, som stod der og skalv utyver; — ho saag ned. Men ho saag inkjevetta; Fjorden laag still og roade seg, inkje ein Fugl strauk burtyver. Aaslaug sette seg nedatter og song paa nyo. Men daa svarad det no skilet i same Tonen, og nærre en fyrre Gongen. „Det maa vera nokot, kor som er“; Aaslaug spratt upp og lutte seg paa nytt Lag utyver. Og daa saag ho ned ved Fjellveggen ein Baat, som hadde lagt aat, og so djupt nede var det, at han saag ut som ei liti Skjel. Ho drog Augat uppyver, møtte ei raud Huva, og uppunder henne ein Kar, som starvad uppetter so godt som sletta Fjellet. „Kven kann detta vera!“ spurde Aaslaug, slapp Bjørki og sprang langt atter. Ho torde ikkje svara seg sjølv, fyre di ho fulla visste, kven det var. Ho kastad seg ned paa Grassvorden, tok fast i Graset med baada Hender, som det var ho, som inkje skulde sleppa Taket. Men Grasroti losnad, ho skreik og tok alt beter og beter fast. Ho bad Gud den allmaattuge hjelpa honom, men so kom det henne i Hug, at denne Aatferdi hans Tore var aa freista Vaarherre, og difyre kunde han ingi Hjelp vænta. „Berre denne eine Gongen“, bad ho, „berre denne eine Gongen lyt du hjelpa honom!“ Og ho tok kringum Hunden, som det vøre han Tore, ho vilde halda fast, rullad seg med honom burtyver Grassvorden, og det syntest henne, som Tidi vardt utan Ende.
Men daa sleit Rakken seg laus. „Vau, vau!“ go han utyver og dillad med Rova; „vau, vau!“ sagde han mot Aaslaug og sprang upp med Framlabbarne; „vau, vau!“ utyver paa nyo, — og der stakk ei raud Huva upp yver Fjelltromen — og Tore laag i Fanget hennar.
Der vardt han liggjande heile Minut, utan at nokon av deim vann mæla eit Ord; — og det, som dei sidstpaa sagde, var der inkje Vit i.
Men gamle Knut Huseby, daa han spurde detta, sagde eit Ord, som inkje var uvitugt; han slog i Bordet, so det skrall i Stova: „Den Guten er havande, Gjenta skal vera hans!“
Bjørnstjerne Bjørnson.