Hopp til innhold

Ei Fjellferd

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer (s. 206252).

Ei Fjellferd.


Eg trur aldri, at Elsken til mit Fødeland synskverver meg, naar eg finn, at det er finare at fara paa Mjøsen en paa den navngjetne Rhinen. Skreidfjellet er mindst tridubbelt so stort som Bergkullane kring Rhinen, og Landet kring Midten paa Mjøsen er mest likso rikt som dei beste Rhinbredder fraa Mainz til Bingen. I Italia heve eg aldri voret, men ein vidfaren Mann sagde meg eingong, at Synet fraa Eidsvollbakken up igjenom den logne Straumen, og ei Ferd paa Mjøsen var betre en at fara paa Lago Maggiore. Det er eit rikt og fagert Land Mjøslandet med Helgøy i den breidaste Fjorden, og eg heve no i over 10 Aar mindst eingong om Aaret faret der; men eg lengtar enno like myket etter at koma der up atter. Naar eg stend og seer utover Mjøsen, kjem eg so tidt ihug dei sidste Ord af Walter Scott. Han laag i sit gamaldagse Hus Abbotsford, som ligg paa den Scotske Sida af Tweed, som er Grenseaa mot England. Han drog etter Anden og bad Datter si at slaa up Dyrne til Trammen ut mot Straumen, idet han sagde: „Lat meg enno eingong sjaa mi kjære Tweed, før eg døyr“.

Det er inkje Under, at det slær Fjellfolk den fyrste Gong dei fara paa Mjøsen. Dei taka jamleg slikt til Ords: „Aa nei so vænt her er! og so rikt og stort daa! Her maa vera lett at liva, her“.

Dette sagde eg og, daa eg fyrst kom derup. Men sidan er eg komen etter, at Skilnaden endaa ikke er so stor, som den skulde synas. Den, som eiger ein stor Gard han kan her liva større en up i Dalane, men eg vilde heller vera Husmann og Tenare der en her nede paa Storlandet, der Livet er komet so langt, at Skilnaden millom Folk er naadd lenger in i det. Og Garden maa vera baade god og gjeldfri, skal Mannen kunna hava ei Fritid for Tanken og ikke slita seg up i Matstræv. „Garden er for stor, og det eter seg up atter altsaman“, sagde ein Mann paa ein stor Gard eingong, „det er som eg skulde bera Mjølet og Flesket ned i Mjøsa no i Aannetidone. Du kan sjaa dine gode hundrad Menneske med smaatt ikring alle desse Kjøkkenbord.“ „Ja ja,“ svarad eg, „men dette er godt og vel. Dei liva alle desse paa Garden, og du heve endaa sovidt tilovers „at du kan liva nokot betre og læra litt meir. Det er ikke til at draga Pengar med; men naar du driver Garden godt og Aars aarleg legg under Dyrkning litt nytt Land, som eg seer du gjerer, so er dette eit betre og naturlegare Landliv en f. Ex. den Engelske Leigodrift, som skaper ei stor Trælestand paa den eine Sida og føder i Overflod mange unyttige Folk paa den andre. Desse eta up atter alt det, som med Blodsveite verdt lagt up; og det er ikke fraa deim den rette Uplysning og Kunst og Vitenskap kjem. Dette maa altid koma fraa ei god Medalstand, slike som du og dine Born, eller jamvel fraa dine Husmenn, som eg seer hava det betre en paa mange andre Gardar. Det er slike Folk, som koma fram og lysa up i Livet. Desse Stormannskap liva for godt, maa vita. Det er derfor ikke so slemt som det seer ut, at Landet er so lagad, at det ikke svarar seg at hava rett store Gardar, og at Jordbruket ikke slikt som Handel og Sjøfart er til at leggja up store Pengar med. Det er dette, som skal halda friskt det store Folk. Og her er likevel Landet so godt, at Livet kan hava eit litet Overskot for Tanken og Folkeskikken.“

Men, med all den større „huslege Cultur,“ som Mjøslandet og i det heile vaare betre Flatbygder hava, so sjaa me, at der koma færre navngjetne Menn fraa desse Godbygder en fraa dei tronge Fjelldalar og Vestlandet. Dette kan koma seg af mange Ting: Der visar seg i alle Land og til alle Tider, at vera mindre Sprett og Spenn i Folk fraa det flate rike Land en ifraa dei armare Fjellbygder. Og so kan denne meir halvdanske „Culturen,“ som er her paa Austlandet, og gjera sit til, at Folk der synes at vera mindre „originale.“ Og so er det, som baade Spraak og Skapnad og annat visar eit nokot annat Folkeslag. Alt dette vøre til at skriva ei heil Bok om men anten det no er so eller so, so sjaa me hittildags, at Vestmannen er ein sprækare Kar en Austmannen, og det seer ut til at „Culturen“ i den beste Meining maa koma derifraa, liksom det var desse Vestmenn, som gjorde det meste af den „oldnorske Literatur.“

I Politikken derimot er Austlandet i den nyare Tid langt framme, og der skal no og ein Slags meir aalmenn „Cultur“ til den, endaa slikt eit Flogvit som Ueland fraa det smaae og turre Vestland er enno ikke komet fraa det feitare Austland. Ole Hamarstad her burt i Thotvike er god, og eg kjende ikke honom, daa eg sat her framme i Stavnen og gjorde dette Verset:

Slikt Land so vænt og rikt og stort
for Englar vist maa vera gjort.
Og Mjøsen ligg som Kjelda Smør i Fat med Jolegraut.
Du Land, du føder mange Folk men enda fleire Naut.

Det er slike politiske Menn som Hamarstad, me bør venta fraa dette store Upland. Her er gode Folk her, kjende me deim alle, og derfor ingre kipne Stev om slikteit Guds Land!

Og so velskapte Folk, som du seer her, helst paa Thotsida og upigjenom fraa Furnesfjorden. Du seer snart, det er sama Folket her ned etter som up igjenom Gudbrandsdalen alt til Lesje og Lom, der nokot af det Vestlendske atter synes at møta, som du kan merkja deg baade af Maal og Skapnad: I denne Folkeferd ned igjenom Gudbrandsdalen og til Skreidfjell i Vest, og up etter fraa Nes og Veldre i Aust synes eg at hava seet dei fleste jamvæne Kvendfolk etter Maaten. Eg heve blandt dei nord- og vestlendske Folkeferder seet større einstake „Droser“ (Skjønheder) her og der, men her synes eg, som sagt, dei ero mest jamfine. Du seer „Droser“ iblandt, men dei ero ikke so agande. Der er der Vest liksom eit og annat Stormannsslag imillom med makalause Kvendfolk og Kjempekarar og Flogvit af Menn. Det er mest liksom ei heil Ætt, ei heil Bygd skulde arbeida i Mannsaldrar paa at laga til nokot Framifraa. Her Aust er det liksom meir „democratisk“ i denne Vegen, med alt det at her er større Gardar og liksom reine Adelsætter imillom. Her er eit likamlegt Aristocrati og eit aandelegt Democrati, medan paa Vestland og i Fjellbygder dette synes vera snutt om.

Den finare Folkeskik og større Lesnad af nyare Ting gjera vist ikke litet til, at der ikke er det Slag gjenom Væggen i Folk herifraa. Dei taka liksom fleire Tankar paa Borg, og læra seg ikke til den dristuge Tenkning fraa Ungdomen. Du seer snart dette paa Politikerne Ueland og Haakonstad, stelte mot kverandre; og Asbjørnsen med sine Foreldre fraa Gudbrandsdalen og Jørgen Moe fraa Ringeriket imot Wergeland med Bestefaderen fraa Ytresogn og Ivar Aasen fraa Søndmøre. Landskapsmaalaren Dahl var ein Sokning, og den, som truleg verdt vaar beste Bildhoggare, er ifraa ei Fjellbygd. Bergen og derikring heve Welhaven og den, som er større en alle Andre, Holberg med Bestefaderen ifraa Inherad. Og af alle dei Bondegutar fraa alle Landsens Bygder, som hava studerad, so er etter min Kjenskap dei flinkare af desse fraa Nord- og Vestland. Der er liksom nokot plogtungt ved desse her austifraa, endaa Skogbygdane slike som Solør ero betre.

Ja, Du! saag du ikke den Leirdølen, som kom her ombord i Gjøvik? Han var som gjord af Kviksylv, og so vittig som han var i sit Maal og i sine Tankesprang! Og so alle dei fraa Valders, som likeins koma ombord der! Det logar ein annan Eld i desse myrkare Augom. Dei kunna vera svarte og leide, men, der er Sprett og Spenn. Tenk no han, som budde her burt paa denne Garden, eg meinar denne


Ola fraa Valders.

Han Ola fraa Valders var Guten sin, han,
for det skal eg dugeleg svara.
Der To var i Mannen, som gløste og brann,
og vide du saag honom fara.
Den Guten ei gret,
men etter seg let
eit Minne, som lenge vil vara.

Han var etter Aldren baad raudleitt og stor,
og hard imot Vedret som Heinen.
Som Smaagut paa Støylen han var med si Mor
og sprang der paa Fjellet som Reinen.
Og gjæta han laut
baad’ Fenad og Naut
og berføtte springa i Steinen.

Daa Arven var liten, det var nok ei Gjeit,
til Teneste laut han seg feste.
So gjætte han Fe, og med Timber han sleit
og handlad’ og vann paa det meste.
Og Aaker han braut
og fiskad’ og skaut,
og lagde seg Pengar til Beste.

So kom han sovidt, han seg kaupte ein Gard,
ein stor ein som daarleg var driven.
Kvert Huset det draup, som paa Garden der var,
eg Veggen stod roten og riven.
Men up, som ein Kar,
han skaper sin Gard,
og aldri for Panting verdt skriven.

Af Korn kver ein Bingen i Buret stod full,
og Øl stod paa Bordet for Gjesten.
Og rikt mjolkad Kyre og Sauden bar Ull,
og striglav’ paa Stallen stod Hesten.
Med Jord og med Hus,
med Koppar og Krus
stod Garden som Brude for Presten.

Men, „Au,“ sa’ han Ola, „d’er Alting for smaatt,
og ei til min Tanke det høver.
Det gjeng paa sin Vis, men det gjeng meg for traadt.
Eg gjeng millom Fjellom og tøver.
Det er liksom vrongt:
her er som for trongt.
Det er so det stundom meg kjøver.“

„Paa Flatlandet er der so rumt imot her,
at der nokot Stort eg skal vinna.
So seler eg Garden og kauper ein der.
Eg skal vel ein lagleg meg finna.
Kver Gong paa mi Ferd
til Byen eg er,
eg stødt meg paa dette maa minna.

„No lyt eg som ung, medan Dagen er lang,
meg riva or all denne Døsen.
Eg fær ingen Fred, før eg vaagar det Sprang
og sløkkjer paa Gruva min Gløsen.
Sin Utveg han fann.
Om Vaaren han rann
som Vinstra fraa Valders til Mjøsen.

Den Garden han kaupte var fager og stor,
men smaasam han var til at bera.
Han daarleg var dyrkad, men nok var af Jord.
Der mangt var for Mannen at gjera.
For honom det galt
at folka paa Alt,
før hugsamt han der kande vera.

Men Ola fraa Valders var Mannen sin, han,
og rudde det Gamle med Rotom.
I uvant og nytt han tilrette seg fann
og bøtte det Sunde med Botom
lik Katten i Sving
seg vender ikring,
so altid han stender paa Fotom.

Han Stein braut or Aakren, og Veitor han grov,
og rothogg, og Myrar han snudde.
Han balad og bygde, men Alt var med Hov,
so der som ein Konge han budde.
Med Hus og med Gard
det makalaust var.
Det var so, at Ingen det trudde.

Men Ola laut lenger. So vaaro hans Ord:
„Eg sliter, men aldri verdt sliten.
Det nyttar solitet at liva her Nord,
og bu her og byggja paa Biten.
Den Mjøsen er stor —
D’er myket til Fjord.
Men endaa han er meg forliten.“

„Den Mann, som vil fram, han tilbake so braadt
af Narr etter Haaret verdt dregjen.
Han sjølv verdt soliten, for Alt er so smaatt.
Han seer seg af Skrellingar slegjen.
Skjeivt er her og vrongt;
til Slagvidd for trongt.
— Den Skreida ho stend meg i Vegjen.

„Og kanske eg enno kan gjera mit Verk,
om af meg det Beste er skavet.
Eg trur med meg sjølv, at eg enno er sterk,
med alt eg i Auren hev’ gravet.
Før Pust eg kan faa
eg kjenner eg maa
til Sletter so store som Havet.“

So Ola han tok til Amerika ut,
der Mannen so søtt ikke dormar.
Han fekk seg ein Gard, men han hadde si Sut
med Solsteik og Tora og Stormar.
Der Kjeltringar han
i mengdevis fann,
og Madkar og Flugor og Ormar.

No spyrst det, at Rum han ei enno kan faa,
og der som her heime er hugad;
men at i Amerika tenkja dei paa
no snart fraa seg sjølve at fljuga.
Om Soga er sann,
eg segja ei kan:
for Folk er so fæle til ljuga.

Ei halv Mil nordanfor Lillehamer seer Gudbrandsdalen best ut. Gausdalen kjem fraa Vest og Hovuddalen fraa Nordvest, og ved Samlaupet af desse tvo Dalføre vidkar Mjøsdalen seg ut. Du seer sudetter Mjøsen og nedunder deg den grøne Logen. Det er eit Samsyn af Flatland og Fjellbygd, som du skal fara vidt for at finna Maken til.

Gausdal ei god Mil up i Dalen der Vest er kanske Landets beste og finaste Dalsbygd; men ellers er Fron 6 Mil up i Hovuddalen Gudbrandsdalens breidaste og største Bygd. Der er rikt og fagert, og det er liksom Flatland og Fjellbygd paa ein Gong. Det er ei Bygd, som er værd at syna fram, og derfor vardt den vel og fraa fyrst af kallad Fron, som i det gamle Maal meinar Jord, Land, og daa mest stor og rik Jord. Det er gamle Greidor; for Logen, Navnet paa Storaae her, betyder Vatten. Fron og Logen var altso Jorde og Vatnet, Aa. Der var vel Jord og Vatten paa andre Stadar og, men dette var no det største og gildaste, maa vita.

Me lagde up i Austfjellet fraa Fron, og fraa Lidane der saag Dalen gild ut nedunder os. Det er ein myket til Dal, og du seer paa Hus og Updyrkning, at der er god Folkeskik. Det sama finn du atter aust paa Fjellet; for der var graven Køyreveg upover til Sætrom. Fjellet er fint og slett, det er sannt, men der var ikke lagt solitet Arbeid paa Vegen endaa. Og Sæterstellet sjølv er navngjetet over det heile Land i all Gudbrands- og Øysterdalen. Der er so fint og rumsamt og reint, at det jamvel stundom synes vera vel myket af det Gode. Men hugsamt er det at koma in i desse Sel og faa den feite Mjolk og sjaa dei snilde og fine Budeigjor med sin høvelege Klædebunad. Den som ikke er forvend med Byretter men kan liva med god Landskost, han vil her kunna hava det utruleg godt. Det skulde vera vel, om alle Ferdamenn bitalad sovidt godt for seg, at Budeigjone kunde halda paa med at vera so gode Værtinder. God maa Bitalinge vera, men ikke altfor god heller; for ellers vil den Schweitzerske Skikken koma, at Alt verdt umogeleg dyrt for vanlege Ferdamenn. Folk ero alt utskjemde her og der paa Sætrom, og daa mest nord paa Høvringen, der Engelskmenn so ofte hava legjet. Paa den Høvringsæter, som høyrer til Skytsskiftet Laurgard, var Prisen som i Victoria Hôtel. Men baade up paa Sætre og ned paa Skiftet var det so framifraa dyrt og urimelegt iaar under den Mannen, som hadde forpagtad denne Drift, at det truleg snart maa koma i den gamle Folkeskikken atter. Den, som snyter, kan liva vel men ikke lenge.

Det er eit Merke paa den gode Forstand up i desse Bygder, at dei ikke ero meir utskjemde af Engelskmenn. Folk up i Tinn vaaro eingong so utskjemde af „Rjukanfantar,“ at der ingen Sans var med den Bitaling, dei vilde hava. Det var lik halvville Folk, som ikke kjende Pengeværd, men trudde, at Skillingen var som Smaastein for „Kjolefanten.“ Det var anten 4 Skilling for eit Maaltid Mat eller ein halv Daler, og anten ei rimeleg Dagløn for at fylgja ein Mann over Fjellet eller eit Kuværd. Det var liksom Mannen var til, det. Men i si Uplæring maa Folk ganga gjenom denne Skolen; for det er likeins over alt, der nye Vaner og Livskrav koma in. Det er ingen Maate med det fraa Fyrste, alt til dei læra seg up til at hava sama Maal og Maate som andre Folk. Denne urimelege Dyrleiken paa Alt var liksom eit Svar paa den gamle Tanken hjaa Storfolk, at Bonden altid maatte vera glad i den mindste Skillingen. Og det er mangein Ferdamann, som enno gjeng med denne Tanken, og derfor ofte maa gjera Folk vronge til at taka imot den rimelege Reisande, som baade vil gjeva Takk og god Bitaling for det, han fær. Det gjelder til Fjells, at der er Folkeskik paa baade Kantar, skal eit godt Ferdaliv veksa fram, og dette kan likso vel hava sin gode Nytte for Fjellfolket som der er til Tankevekking og Helsebot for By- og Bokmannen.

Ja, det er vel Helsebot og Upfrisking at koma til Fjells! Du kjenner deg so lett i denne tunne Luft, at du likso lett gjeng dine fem Mil om Dagen der som tri ned i Dalen. Du verdt so sterk og hardbalen, at du kjenner deg ikke sjølv atter Du kan vera vaat og vada i Snjovatnet utan at faa Krim og krabba in i eit Høy-Sel eller liggja paa Strylskrakken og endaa kvittra som Morgonfuglen, naar du kjem ut og seer Sæter og Bøling og Fjell ikring deg. Skrotten verdt ingjengjen og Tanken upkveikt, og du verdt glad over at vera den Karen, som kan tola alt dette, og det er ingen Glede lik den at kjenna seg sterk. Og slikt som Maten smakar daa! „Det er til at missa si Forstand“ sagde eg eingong til Laatt og Løjge for mine Felagar, daa eg sat med ei Rjomekolle. „Takk Gud at du er solten; det kan aldri eg vera“, forteler Punch, at ein diger Handelsmann sagde til ein Stakkare, som saag ut som han var krøkt ihop af Staaltraad og bad om ein Skilling til Mat, for han var so solten. Der er meir sannt en Nokon trur i denne foretne Mannens Ord. Heve du livt ei Stund i Byen, so vil du hava kjent, at den beste Retten ikke smakar fullsøtt; for der er ikke det Tiltak, det moralske Mod i deg, at du kan skava deg up til at bli solten og trøytt. Du sleng og slarvar og skynar deg ikke lenger paa Maten og Svevnen. Skjerp deg up og tak til Fjells, og so skal du faa eit godt Hjartelag for den Arme utan at misunna den Rike, som ikke veit af slik Livsglede. Han liver millom Svevn og Voka, millom Svolte og Mette i ein Døs, som mergsteler honom og sløkkjer ut Elden i Augom hans.

At arbeida og vera solten og faa Metten sin gjev ikke den Sprett og Spenn paa Flatlandet og i Byen som til Fjells. Derfor ero Folk meir spretne der. Det er jamvel likeins med Dyr. Rein og Gjeit ero so aandfulle, at det sprakar af deim, og Fjellhesten heve reint Mannavit imot Broder sin paa Flatlandet. Likeins er det, som eg tidt heve sagt, med Saud og Naut. Det er den lette Luft og alle dei Faarar, som dei maa verja seg for. Og so det reine Vatnet og den fine Maten daa! Det vesle Graset, som veks der hægst uppe, er finare en fint, og der stend ein Godtev (Aroma) af det, som du aldri kjenner Maken til i den finaste Blomsterhagen. Og i Aar etter den seine Vaaren og den gode Haustsida var det no reint uvanlegt med denne Grasangen. „Ja, det stend ein framifraa Tev af Grase i Aar,“ sagde ein Valdris, som eg rødde med om dette. Alt til tett upunder Jøklane hende me i milde Dagar lette Pust fulle af den søtaste Blomsterangen, og der flaut langs Lidane millom desse makalause Fjell ein Straum af Vellukt, som Ingen kan gjera seg nokon Tanke om, før han kjende den. Og der er annat til Glans og Gliming af Gras og Blomar her en paa den rikaste Flatlandseng. Det er inkje Under, at Smøret her verdt gult og Kjøtet smaksamt. Det rette Slags Spikekjøt med rette Mjosken og Angen maa koma af Fjellsauden. Og nokot so fint som Reinstunga er ikke finnande i Kjøtheimen. Ein Matkrok kunde missa det vesle Vitet sit, kjende han rett til dette. Den grove Grisen, han ligg her nede og fører i seg all den Fleskematen og kjenner litet eller inkje til dette olympiske Liv. Det er inkje Under det verdt Kar af Fjellguten, naar det rette To ellers er i honom. Han er som dei grekiske Gudar paa Berget sit upfødd med Nectar og Ambrosia. Hadde eg ein Son, han skulde alt fraa han var liten, tri Maanadar om Aaret vera til Fjells.

Der er ein stor Tanke, at Livet verdt finare og edlare, ettersom det heve tungt for at koma fram. Der synes vera hardt og kaldt for Fjellblomen, men han er den rette Stormannen imot Herkemugen nede paa den feite Eng. Han er Aristocraten imot Plebeieren ned i Hagen, som verdt vøld og vatnat. Men, der er litet af denne Aand imot alt dette Kjøt hernede, endaa her er ikke solitet af dette fine Graaset i vaare Fjell. Min „guanocratiske“ Følelse kjende seg upvermd, naar eg saag i Tanken alt dette Fjellgraset føda somange Sauder og Ungnaut som det vilde kunna. Det kan trygt verda sagt, at ikke den tiende Part af Beitet paa vaare Fjellvidder kjem til Nyttes enno. Paa Heimsætrom og i some Lægder lenger uppe, altso i den vanlege Sæterheimen, verdt vel det meste afbeit og tidt jamvel altfor snaudt; men up i den større Feheimen med Drifteleger i dei lognaste Lægder og so endaa lenger uppe i Dyreheimen, der Reinen finn sine finaste Straa, der er det knapt eit Gras af hundrad eller tusen som enno er for livande Munnar. Me hava i dette ein større ubrukad Naturrikdom en Nokon trur, og den verdt vel eingong til Gagns; men det er enno Synd at sjaa alt dette fine Liv døy under Snjoen. Daa eg foor der over Fjell og Fly, talad eg eldfullt om Saudedrifter og Gjeiteferder og all den Ull og det fine Kjøt til Fabrik og Byar og eit updyrkad Flatland, som eg saag i Tanken framfyre meg. Og mine Felagar sagde, at eg for ein einaste Saud slikt framkomen vilde faa meir en for det beste Vers, og at eg vilde faa Olafsordenen, om eg kunde faa i Gong det mindste „Stutteri“ af dette Slag, og istaden for Poet leggja meg etter at vera „Opdrætter.“

Ja, me kjende os her uppe so lette og aandfulle, at me vaaro kipne mot vaare „Industririddere“ og „Guanocrater.“ Dei gjeva sin store Nytte desse Folk, so det er ikke for Ingenting, at dei sitja inne med all den Magt og faa sine „Ordener.“ Men eg vardt, som sagt, gjord Narr af, daa eg imillom ved all den ubrukad Rikdomen kom up i „guanocratiske Phantasier.“ Eg sagde, at me maatte læra af Folk, som koma heimatter fraa Amerika, slikt som her up i Rusvatnet. Eg sagde ifjor, daa me likeins vaaro her uppe, at det var Synd at dette fiskerike Vatnet laag slikt til Unyttes, og at ein Mann der vilde kunna faa seg ei god Sumarløn. Men no i Aar var netup ein Lomværing komen heimatter fraa Amerika og hadde i Sumer leigt Rusvatnet og fiskad utruleg myket. So vilde det koma til at ganga med det eine Fjellbeitet etter det andre.

Det var paa mange Maatar, eg slikt lagde ut at „Guanocraterne“ hava Rett; men det hjelpte ingenting; eg maatte jamvel sjølv læ aat deim, daa me komo til ei Sæter, der Mykdyngja laag og velte seg nedetter Bakken etter sama Tyngdelog og Nenneregeler som Jøklane eller Bræerne. Det var sama Slags Rivner og Baaror og Straumdrag i dette halvfaste To. „Hurra,“ sagde den Eine af os, „hadde alle desse glitrande Isbræer her i Fjellom voret af slik Hevd, so vilde vaare „Guanocrater“ hava lovsunget dette Land og funnet det likso fagert som no me gjera.“ Ja, ja, meinte eg, spott ikke med dette; det hadde nok voret Forslag i den Rikdomen. Men Vatnet i vaare Bekker og Æar hadde no daa komet til at sjaa fælt ut. „Guanuocraterne“ vilde hava komet i sama Legervoll her som deires Frender i England, der reint Vatten snart ikke lenger er at finna for alle dei Folk og Fabrik, som skjemma det ut.

Ein Engelskmann, som her i Sumar i „London society“ skriv om Alperne, sagde: „dei ero store og gilde slike Fjell, og me Engelskmenn lika deim vel; men, dei ero dyre; dei taka burt myket godt Land, og England heve ikke Raad til at halda seg so dyre Kaksar.

Ja, dei ero dyre desse Storfolk, og her er vist mangein Mann som med Engelsk „Guanocratisme“ heller vilde hava eit rikt Flatland en alle desse Heimar, som liggja ovanfor Mannaheimen, nemlig fyrst Sæterheimen fraa 1800 til 3000 Fot over Havet, so Feheimen fraa 3 til 4000 Fot ved Lag, so Dyreheimen fraa 4000 til imot 5500 og so Jotunheimen lenger upigjenom. Snjoheimen og Skoddeheimen kan du og kalle denne Hægd som berer up mot Himleheimen[1]. Men vaar stakkars Jord treng til slike Fjell liksom Mannalivet til store Tankar og gode Gjerningar. Dette sjaa me best af det australiske Fastland, der ingen rett Mannaheim med Saadhæve kan vere paa dei fleste Stadar, for der er ingre Fjell som kunna draga til seg Toka og stengja den vatsfulle Luft, so ho fell ned i Regn til sine visse Tider. Der kan soleids veksa godt det eine Aaret men det andre ikke, og derfor maa Folk fara paa det Uvisse ikring med Saudedrifter ettersom der er eit grønt Straa. Der er soleids heller ingre Aadrag; men naar det ausande Regnet kjem, so fløymer der over det flate Land, og so søkk Væta ned i Jorde og Sanden atter, og der er ikke ein Vatsdrope at finna. Nei, anten no dette etter Luftlæra verdt tydad paa denne eller ein annan Maate, so høyra Fjell med til Naturens gode Husholdning, og eit Land skal ikke klaga for det er valt ut til at vera ein Fjellheim. Det skaper Aand til Kjøtet, som paa Flaten gror. Og naar Slettelandet verdt overfyllt og livstrøytt, so koma Folk herup. Det sjaa me alt i det skotske Bergland, der eit Maal Jord og Stein tidt kan vera likso myket værdt som ned paa det flate Land. Rikingen, som er forgjeven af sit ufriske Arbeid eller af gode Dagar, han maa til Fjells i den gode Aarstid og fiska og jaga og anda den reine Luft og sjaa Guds store Gjerningar. Engelskmenn taka alt til at kaupa Fjell og Fehavnar og Fiskeveide her uppe og. Daa me komo gjenom Brudeskardet og saago ned i den yndefulls Heimdalen, vardt me arge, for me hadde høyrt, at ein Engelskmann no hadde kaupt den, og derfor paa Engelsk Vis vilde koma til at stengja alle andre Folk ute fraa den. Ein annan Engelskmann var ellers snild: han laante os Baaten sin paa Gjendin.

Dersom Folk forstod at liva, so reiste dei til Fjells berre for at faa ein Drykk af det makalause Vatnet, som gjeng deg til Merg og Bein, naar du sveitt bøygjer deg ned over den svarte Mosen for at ledska Tunga di. Der er forklaarad eller sublimerad alt det, du fær her uppe: jamvel Fisken i dette kalde Vatnet er so feit og fin, at han braanar som Sukker paa Tunga di.

Her maa koma ei Tid, daa kver som paa nokon Maate kan, dreg til Fjells om Sumaren, daa Sjukingen reiser hit istaden for til desse Bad, og daa bleiksottige Bydamer, desse Culturkrøkjor, fara herup forat venja seg til at vera Folk.

Og all denne Stordomen stevner det mot Enden med! Det er Synd, men det er raadlaust med det. Det meste af all den Jord og Sand paa Flatlandet er Afskavningar og Afrustningar af Berg, som Is og Vatten og Vind hava ført ned til Slett og Dal og fyllt deim up og dagleg fyller paa. Stein og Grus trillar ned etter Lidane og kjem aldri upatter; Bekk og Aa skrapar med seg dags dagleg, og i Flaumen gjeng det rennande Vatten stint som ei Mjølrøra og stundom undan Jøklarne reint som ein Leirgraut. Jøkulen glett og glider ned etter, og gnider og rullar Stein mot Stein og skurar paa Fjellet. Du seer enno dette gamle Gnag, naar du er so haagt til Fjells, og du kan tenkja deg all den Skuring og Afmaling, daa her laag Is overalt. Derfor er Fjell og Fly tidt so svarvad og rundsleikt. Det gjeng vel seinare no, men det gjeng stødt. Frost og Vatten sprengja Berg og Stein, Vind og Veder eta og eta og blaasa Mjølet og Gravrustet ned i Dalen. Dekkar og Dalar fyllast up i Botnen, og Rygg og Rand uppe verdt lægre. Dalen verdt meir og meir skraa, for det renn og trillar fraa deruppe til der lenger nede, og det flatnar af. Toppar og Tindar sjaa ofte ut som ei rustad Knivsegg og morkne Bein med Hakk og Hol og Skav og Skard. Det biter og det blæs der uppe. Det var so det gjorde meg ilt, daa eg f. Ex. saag Knutsholtstind og merkte meg alt dette Gnag af den navngjetne Tidartann. Denne Norges hægste Tind er enno vist sine 500 Fot hægre en Galhøpiggane; men so og so mange Millioner Aar sidan var ho vist utruleg hægre. Det er eit yngre og veikare Steinslag i desse Jøtunfjell og Horungerne en i slike gamle Heigjeitslar som Rundane og Gautstod, men det skjev og det sliter paa desse og, om nokot seinare. Naar so Alt verdt utjavnad og Jorde so til Aars, at ho ikke lenger orkar føda nye Fjell, daa heve ho fengjet slipad sine kvasse Kantar af og er liksom fint uplærd; men om ho daa lenger kan vera denne glade Heim for Folk og Fe er nokot, som ikke eg veit.

At Ingenting, som er stort, kjem utan at vera lagad til i Fyrevegjen, seer du best, naar du dreg til Fjells. Der seer du, at Alt, Stig for Stig verdt større og større men so med Maal og Maate, at du kjem i Vane med desse større og større Berg og djupare og djupare Dalar, og derfor liksom ikke merker, at du gjeng fraa det Mindre til det Større. Du lyfter deg up og verdt smaatt i Senn kjend med det Større, som du altid seer kvila paa det Mindre, og om der ligg Skodd paa ein Fjelltopp, so er du so uplærd med Bergbygnaden, at du af Dalen og Fjellsida kan draga ut, om Fjellet er haagt eller laagt. Dette slog meg mest eingong eg foor i Bøverdalen og saag upetter mot Toka dei agande Stormaal af Grunnveggine til Gald- og Glitterhø. Toka dreiv af, og eg steig upetter paa den andre Sida og, som ventande var, saag Kaksane sitja derinne paa sine Kongesæte. Jamvel paa Landets Vestside, der Fjelle stiga brattare up, seer du det Større kvila paa det Mindre inigjenom, og naar du f. Ex. kjem in til Fortun, so seer du slike Breidmaal og Storsidor, at du skynar, du maa vera ini ein Storport til Jøtunheim. So gjeng du up Dalen, og so flatnar det litevetta, forat Grunnen kan vera stød og sterk for Overbygnaden, og dermed stiga Skagastøylstindane til Veders, so det kvekk i deg. Du hadde vel seet, at nokot Stort maatte vera lagad til, men denne Stormflugt var deg likevel nokot ny og liksom uventad. Likeins er det, naar du kjem up Vestfjordalen og med Eit seer Gautstod stinga seg up som ei Hand med kvite Stripor fingremillom. Men naar du so seer etter, so kviler likeins ho paa sine „Kne“.

Det heve voret ein god Bygmeistare til desse Fjell, og du kan af dei Gothiske Kyrkjor i Utlandet sjaa, at desse Bygmeistarar maa hava lært af Bergbygnaden. Der er Skruv og Skaalar upigjenom og Smaaspir paa alle desse Underbygningar, alt til Stortaarnet toppar seg up som vokset fram af all denne underbygde Reisning. Slike „Kathedraler“ seer du nok af til Fjells med ein Samklang i Stilen, som du før aldri saag Maken til. Og ingenstad heve eg seet dette so vel som paa Fjelldraget millom Bygdin og Gjendin: In etter fraa Kvasryggen og endaa meir upetter ved Leirungsbræa er der Kor som paa Vestminsterabbediet. So er der Spir som Tjønholstind (7600 Fod). Mot Bygdin er Torfinstindane likeins Kringbygningar med Taarn, og fraa Nordkanten upfraa Gjendin seer du der sudvest over Dalen Tind inetter Tind og Svartdalspiggane vestigjenom (alle ikring 7000 og 7500 Fot). So seer du inetter paa all denne Ut- og Underbygning nokot endaa hægre stiga up i Toka, som daa me saago det i Aar fraa Ryggen burt mot Rusvatnet. Toka driv af, og me saago liksom ein kvit Krage, og so kom der eit Vindsug, og Mugnatind[2] stod der i all sin Stordom. Den saag mest ut som eit Kyrketaarn herifraa, og fraa Nordsida af Heimdalshø som ein upvend Ørneveng, og fraa Stugunose Vest ved Nystuga som ei Ravneklo. Det er ikke lett at faa Syn paa denne Tind, for Gubben er so inbygd ved alle desse Utanverk, som skyggja honom burt, at dersom ikke dette var gjort for at faa Bygningen sterk, so maatte du tru at det var for det, at den Store aldri sting seg fram, men ventar i sin stolte Storleik paa, at Folk skal leita honom up. Han smiler og leter Mindremenn breida og briska seg og fara med Kytor. Det er likeins med Galdhøpiggen og dei største Kultane der vest mot Aardal i Horungknippet, som kanske naar Alt kjem til Alt halda Maal med Mugnatind. Og det er likeins med Storerunden. „The greatest is behind“ sagde Shaekspeare.

So seer du, før du kjem fram til desse Stormenn, ein og annan Kollen liksom med Tilsprang til nokot Stort. Men det vardt ikke nokot af honom. Der var ikke det Stormaalet fraa fyrst af, og so er han sidan sliten af Isen og Vatten og Vind, so han no stend der liksom ut i Forstoga og teke imot Gjesterne. Slike seer du f. Ex. i Griningsdalen, og up paa Fronsfjellet er Krøkla og Graahøgda; men det merkjelegaste af desse er likevel Bitihorn, som i Grunnen er ein Stormann, men vantar den sidste Tummen paa Nose. Det er likeins med Heidalsmugen (ein Muge, nokot Stort) og Skaget. Dei naadde ikke Maal sjølve, men naar du stend paa deim, seer du best in til Jøtunheimen; for kjem du up paa sjølve Storkultane, so er det Alt liksom flatt ikring deg, og so kaldt daa!

Fram for det nørdre Rundeknippe er og slikein Utbygning, nemlig Formokampen (4700 Fod), som der er eit stort Kringsyn fraa. Og der er so javnlendt, at du mest kan kjøyra up til Toppen fraa Høvringsætrom; og up til desse er der graven Kjøyreveg fraa den nye Storvegen paa hi Sida Logen millom Sel og Dovre.

Det var so kring Midten af August, daa det er best til Storfjells, at me ein Godveders-Dag foro der up. Der var so mild og mjuk ei Luft deruppe, at du liksom ikke kjende deg sjølv atter, so lett og glad var du, og so søtt var der. Og der stod Blomar med den finaste Angen fraa seg. So saago me os ikring, og so velte me os i Solbakken, og so lagde me Loven over Augom for liksom at halda fast paa Synshina alle desse Syn og prenta deim in i Minnet.

Over Dalar, som laago liksom blaae Stripor nedunder deg, saag du i ein Halvring millom 4 og 5 og 6 Mil ifraa deg eit Belte med Snofjell og Taggar og Tindar. Eg sveivde meg ikring og snudde meg fyrst mot Nordvest; der laag paa Dovreryggen vestigjenom Snjohætta og Skridshmed andre nokot mindre Kampar; so store og vesle Horungen over Lesja. So Dalføret mot Romsdalen med Toppar af Vengtindane og Trolltindane der lengst Vest i det Blaae. So Kjølenfjell mot Lom og Vaage liksom ved Sida af Blaahø(5000 Fot) der beint over Dalen burtfor deg, so du mest maatte kunna stiga der burt paa. So Skridulaupen i Midten med den lange Skridulaupsbræ og Fjell i Fjell med Svaahø, alt vest mot Nordfjordbræa, som mange af desse Jøklar vaaro Snippar af. So Lomsegge vestetter til Hestebræa med Piggar og so Kjæringhætta der lenger Vest paa Ishavet. So sudvest over Dalen til Kvitingskjølen. So Smaadalen med bratte Vegger framfyre og up til Glitretind; og so i sama Drag Galdhøpiggen, som herifraa saag ut som eit Gjentehovud med eit kvit Skaut ikring. Det var nokot af Styggebræa, som herifraa saag so fin ut. So Tungor af den store Memurubræ med svarte Piggar paa, og Memurutinden som ein Fiskerygg med Finner der over Ishavet[3]. So store og vesle Nautgardstind og Piggane paa Tykning-Sua (den som su(g)er Tykning til seg) ned mot Blaatjønholet. So Beshø (Besse, ein Bjørn) og Gjendegapet og Kjæmperyggen millom Gjendin og Bygdin med alle dei Tinder og Piggar og Mugnabræa ned mot Leirungen. Dette verdt kallad Kalvehøgda paa Gudbrandsdals-Sida, for Bræa siig framover desse Flug og brotnar af i Klumpar, som kunna falla i tome Lufte og trilla in paa dei svarte Fjellvegger sine 3000 Fot. Bræa „kalvar“, verdt det og sagt paa Grønland. — Der var vel Tindar paa denne Jøtunryggen lengst mot Sud, men om den eine Munken, som kunde vera stor nok til det, var Mugnatind eller ei, var uvist, for den ligger slikt til, at den godt herifraa kunde vera burtskygd af Besshø. Sole skein, og det glitrad og glodde af Isen, og Toppar og Tindar og Fjellvegger slengde sine Skuggar burtover Jøklane. Det var so du kunde ynskja, at du maatte liva og døy burt i denne Jøtunheimen.

So bar det sudetter over Valdersflyerne til Skaget og Rutenfjell over Espedalen og i sama Leid sudetter var Heimdalshø der burt mot Mugnafjell og nærare os Heidalsmugen som ein Griserygg med mindre Knattar. Her vardt Landet snjofritt og saag graatt ut med blaavorne Dalstripor i. Nedetter mot Sud og Sudaust laag Svingar af Gudbrandsdalen med Logen som eit grønkvitt Band og ein og annan Garden med gule Aakrar. So aust mot Øysterdalen med Fjellsletter og ein og annan Knappen, og so kom du up til Rundeknippet der strax i Aust, som du herifraa berre fekk sjaa den vestre Bundten af, og som vel er yndefullt men ikke vidare stort. Her i nordre Sel kalla dei denne Sukkertoppen med den Snjostripa mot Nord Storerunden, men den rette Storerunden ligg i det søndre Knippet fram mot Atnedalen. Og der er likeins Digerrund og Rundvatshøgda, som alle ero nokot hægre en denne nørdre Rundebunten; men Skilnaden er ikke so stor. Denne vestre Storrunden er 6200 Fot og den øystre imot 6800.

Nei up fraa Furusjøen gjenom ein Dal seer du eit litet makalaust Stykke af Rundane med Toppar og Tindar og Dalar og Kvervestaup imillom. Og fraa Mysusætre ei halv Mil lenger Nord og ei god Mil sunnanfor Formokampen der beint ei Mil up fraa Moen i Sel gjenom den ville Uludalen der seer du fraa Trammen ned mot Dalen eit fagert Syn af det vestre Rundeknippe med ein af dei største Boltane, som heiter „Smedubelgen“ lengst framme, og so „Smedhamaren“. Naar Morgontoka driv af, og der er komen Nottsnjo nedetter desse Kilar liksom med Kongen der attpaa — slikt som ein Sundagsmorgon i Sumar — so er det ikke til at fortelja dette Synet med Solskin paa mot den blaae Himil. Der paa Mysusætre er best at vera og derifraa gjera sine Utflugter, naar du vil sjaa Rundane fraa Vestsida. Naar du kjem der straks up paa Skarvet, so seer du austover den fine Rundefly baade nørdre og søndre Rundeknippet og inigjenom Dalen ved Rundehalsen og Rundevatnet som skiler deim aat. Det vestre men litt lægre Knippe er herifraa det mest yndefulle, men det seer meir svarvat og utslitet ut. Taggane standa atter som Pipor i Bein af ein morknad Kjæmpekrop. Rundvatshøgda paa Sudaustsida er derimot meir klumputte og sterk med svarte fælande Botnar og Utraaser. So seer du in i Glupen Digerrund, men korkje Toppen af denne eller den rette Storkulten kan du sjaa herifraa. Der paa den Sida burtover Flyen er først Illmannhø (5550 Fot), som me vaaro uppaa. So Illmanndalen austimillom den og Rundvatshøgda, som skal vera nokotnær den hægste. Den heve tvo Greiner og stupar af aust mot Atnesjøen med breida Barmar og der heiter Svulte. Og imillom denne og Diger- og Storerunden ligg Lang-Glupen.

Kvelden før me foro paa Formokampen trefte me der paa Høvringen han


Sigurd fraa Sel.

So du heiter Sigurd, du? sagde eg.

— Ja gjerer eg so, og Fa’r min het og Sigurd.

— Det er vel daa Sigurd paa Sigurd langt upigjenom?

— Solangt som det er spurt.

— Og det verdt vel nedetter og daa, for du heve vel’ ein Sigurd du og?

— Ikke det eg veit. Eg er ugift eg, maa vita.

— Det var underlegt det af ein so sterk og hugheil Kar. Men du heve daa vel voret forelskad?

— Aa ja, det heve nok voret Raad til dess. Men det var vel so lagjet veit eg, og so skal det nokot annat en Elsk til og. Eg var no liksom so for meg sjølv, eg. Eg vilde fiska og skjota og sjaa meg litt ikring i Verde, og so let eg ein yngre Broder min faa Garden. Og han gifte seg og fekk Guds Gaavor af Born, og so laut eg vera liksom ein Tenestegut hjaa honom, og hjelpa til, so godt eg kunde, at Garden vardt i Ætte; for det er ikke naadigt, at fostra up slik ein Barnakrull, og det helst i desse Dagar, daa Ungdomen vil liva finare og læra meir og gjera mindre en daa eg voks up.

— Det var eit sannt Ord det Sigurd, meinte eg; og naar Bro’r din heve somange Born, so er det liksom kver af dikkon skulde hava havt maateleg mange. Men det verste er, at der vel ingen Sigurd Sigurdson er i all denne Barnaflokken, for han heiter vel ikke Sigurd Bro’r din og?

— Nei, han heiter Olaf.

— Seer du det, du! og dermed verdt der ikke slenger Sigurd etter Sigurd paa Garden. Men, du er den Karen enno du, at du kunde faa deg ein liten Sigurd.

— Aa, for den Skuld, svarad han smilande, endaa det vilde vel vera so som so med det og, men . . .

— Du føngje enno ei ung fin Gjente, du.

— Aa, for den Skuld; men . . . Er du gift?

— Ingen af os her.

— Troll til Karar, som lata Gjentune slikt venta. Eller kanske der er ikke stort Kvendfolk i Byane?

— For den Skuld kunde det vel vera ei Raad; men det er dyre Saker Bydamerne og, bakvendt nok, di mindre dei ero tes, di dyrare ero dei, og hava sine Grillor attaat. Og so kan det vel vera med os som med deg, at me hava andre Ting at liva for, og so er det vel heller ikke fritt for, at me liksom du kunna hava ein Broder eller Slektning, som kan gjera denne Gjerning for os baade tvo, so vaar Ætt kan liva.

— Du heve nok voret ute blandt Folk før du, kan eg høyra, sagde han skjemtefullt.

— Aa ja. Men, hot vilde du hava for at syna os Vegjen austover til Døra-Sætrom?

— Naar det ikke er Engelskmenn so er eg billig.

— So du gjerer Skilnad paa Folk?

— Ja, det var vel det. Og so naar Folk ero so skjemtefulle som du, so faa dei det og billigare. Det er mangein Mann eg vilde bitala attaat for at faa fylgja, so klok og morosam kan han vera.

— Du heve vist tent mangein god Skilling af Engelskmenn du?

— Aa ja. Men det kan vera grovt til Natur i dei Folk. Dei ero mest liksom galne etter vaar Tanke at segja. Der kan vera Sinne der! Eg skal aldri gløyma eingong eg var med han Lord B. . . . . Naar Hunden hans ikke gjorde Rett, so skaut han honom i Sinne. Og han vilde mest skjota Folk og. Aa kjære vene sagde eg eingong til honom, skjot ikke denne unge fine Hunden. Han var so klok som eit Menneske. Men ja mi Sæl sette han Hagelladningen etter Bakenden hans. Men Hunden smatt undan, so det berre strauk i Rova. Eg fekk Hunden, og det skulde Ingen hava seet slikteit Dyr, som det vardt; for han var Hvalp daa. Men, det var Slag, som var godt; det var Overlag og det. Eingong eg var med Lord G. . . her in i Rondom, skaut han den eine Bakfoten af ein Rein; men han sprang mest like fort, det arme Tinget, og Hunden etter, daa han kjende Blodteven, og han naadde „Krøturet“ og rann ikring sveiv dei liksom Snurrebassen, for Reinen laut sviva undan for at verja seg. Og so sveiv dei og sveiv, alt til me komo etter og fingo leggja ned Dyret. Ein annan Gong tok han likeins atter ei meidd (saarat) Simle, og han tok hena i Barken, so han hekk der som ei Bjølle under Halsen, daa ho reiste seg up paa Bakfotom. Ja, han var endaa den Karen, at han kunde taka taksjerre Hestar. Det var ein Gong her ned i Tunet paa Laurgard den gilde Borken hans Ola Formo fekk Uslaatten paa seg; — for han kunde stundom vera so lagad han — Han sette ut som Fuglen, og daa Hunden saag, at eg og flaug etter, so lagde han i Vegjen og tok Hesten atter der nord paa Jordet og flaug up mot Halsen hans, og der var det Vitet i Gampen, at han stod still, daa han forstod Meininge. Aa ja, han var nøydd til det; for Hunden, som var so klok, at han ikke skadebeit honom i Halsen, greip etter Topp og Maan, so han dinglad der som ei Klokke. Eg minnest ikke den Ting, som gjorde meg so vondt, som daa han vardt skoten. Han kom paa Aata, den Stakkaren, og Sigurd Bro’son min, som laag om Reven, trudde det var ein Skrubb om Notte, og skaut honom. Han vardt mest fraa seg, stakkars Guten, daa han saag, at det var Hunden hans Fa’rbro’. Eg heve havt mangein Hest i mine Dagar, men ingen aatte eg, som eg vilde hava bytt i med den Hunden. Det var ein Engelskmann, som baud meg in paa hundrad Daler for honom. Eg trong nok om Skillingen, det var ikke for det; men eg hadde ikke Hjartelag til det.

— Du er dyregod, sagde eg, aa ja, den som er dyregod er mannagod og.

Om Morgonen fylgde han os up paa Formokampen, og det var Gut som gjekk, so gamal han var. Han var sine tri Alner og herdebreid og reint mønstervaksen med alt det, at han no tok til at krupna og bugna over Herdane. Daa eg sagde: Du er Gut til at fara i Fjellet du, svarad han: Det laaknar med meg no. Eg er ikke den sama Karen, etterat eg laag sjuk her eit Aaret. Nei den Gongen eg fylgde Presten Berner til Byen daa var eg Kar. Eg sveiv og sveiv i Byen og kaupte eit og annat, alt til Klokka kunde vera som fire, daa eg lagde i Vegen, og eg var i Eidsvollbakken Klokka tie, og det var mindst fem Bismarpunds Vigt eg bar i Skreppa mi. Eg skulde hava Sukker og mangt til Smaaborne heime. Og eg var endaa den Karen, at eg skulde hava nokot aat meg sjølv og.

— For ein Krigsmann, du vilde hava voret!

— Aa ja, det var ikke Mange, som lagde meg paa Ryggen, daa eg var paa mit Beste. Og jamvel her eit Aaret, daa eg var med Lord G. . . gingo me her i Fjelle. Han tok ut om Morgonen som ein Rein, og han gjekk godt lenge; men so vardt han med eit afgjeven, og Notte kom paa os, og me fingo ingen Varme. Dei Klæde eg bar, laut han faa, og den Haren eg hadde skotet og steikt Dagen i Fyrevegjen aat han up. Me lagde os der in med ein Stein, og han fekk sova; men det var no so som so med Svevnen min. Eg laut up og hoppa og springa for at halda meg varm. Eg gjekk endaa om Morgonen mindst tvo Mil fastande; for den Matbiten, me hadde, laut han faa, skulde han koma fram; men endaa var eg likegod til ei ny Ferd, daa eg hadde fengjet meg Mat her paa Høvringen. Det var ein klaar Dag om Morgonen, og daa Lorden vaknad og saag ende up i Himilen, sagde han: „Stort Sængerum i Nott; haagt upunder Taket“.

Her ligg mangt eit Fet etter deg her i Fjellet. Og so for alle dei Reinsdyr du maa hava seet!

— Ja, eg heve seet Drifter so store, at eit tusen Dyr gjorde det ikke, som var med. Og der nord paa Ryggen fraa Storerunden her ned mot Dalen saag eg eingong somange Mærakkar, at der var kvit som ei Snjofonn nedetter. Men her i Kampen, du, var det rart eit Aar! Her var fire Reinsdyr, som hadde vant seg til at vera berre her. Naar eg var her Nord, sprang dei Sud, og so gjekk det rundt ikring. Dei hava det slikt, at dei leggja sin Elsk paa ein og annan Staden, so dei ikke koma derifraa før dei verda skotne. Gud veit, hosi det kan hava seg. Det maa vel liggja i Grase, veit eg. Det Aaret desse Dyre vaaro her, fylgde eg ein Christiania-Mann her up. Det var ein fin og rik Mann, og so slik ein god Kikare, som han hadde. Ja, han var ikke betre en den, eg fekk af Engelskmannen, og ikke so god heller; for han var no reint Overlag den. Eg kunde skile sjaa eit Krøtur paa sine tri Mil. Hm! han vardt seld paa Auctionen, som Bro’rson min gjorde. Der gjekk no alt med der, maa vita. Han skulde løysa paa Garden, men Gud veit . . . Eg var burte, eg, og han vardt seld for ein Slikk. So gjeng det. Eg var til Throndheim med Hestar daa. Ja, daa kan du tru eg hadde ein fin Hest. Han var alad paa Garden. Moder hans var slik, at ho var ufal, og Fader han var af den navngjetne Tallaraas-Ætte. Det var ein god Mann, han kom til: det var til ein af dei rikaste Kaupmenn i Throndheim, og eg fekk spyrja til honom ifjor, men han dreg paa Alder no. Eg stod der og tingad med Kaupmannen ut i Porten, og so kom der ein Lomværing, som sagde, at Øyken ikke var værd meir en den Finmutten, som eg alt var boden og hundrad Daler attaat for Hesten. Er det ikke skamlegt, at Bygdarfolk skulle leggja seg i slikt, og skjemma ut Marknaden? Me kunde hava ein god Hestehandel her uppe, men Folk ganga i Vegjen for kverandre. Det er Ovund og vondt Hjartelag, maa vita; for her er Rum for os Alle. Men eg sagde: „før eg slepper Hesten for det, skal eg ganga her ned i Fjøra og slagta honom,“ og Kaupmannen saag, hot der budde i Øyken og gav meg 120 Dalar attaat Finmutten, som eg sidan selde for seksti. Det var ein god Handel. Men det var Hest og, som var værd sine Pengar. Eg er ingen Hestehandlare; men eg veit det eg veit, og Rett skal vera Rett, og det skal Ingen snyta meg paa ein Gamp.

— Nei du veit nok meir en mata deg, meinte eg. Men den Bymannen du rødde om?

— Ja, han sette seg in med Varden her liksom de no gjera, og tok fram Flaska si liksom de, og saag paa Fjellom; men han var ikke so kjend med alle Tindar og Bræor som de. Og daa gingo dei fire Reinsdyr her nede. At me ikke skulde hava Byrsa, sagde han!

— Sjaa der burte liggja desse Fiskevotten, me rødde om i Gaarkveld. Der er vel myket Fisk i deim, sagde eg.

— Ja myket? Der gjeng Stim so tykke, som eg høyrde om af Sild i Throndheim. Men han er vond at faa fatt i. Han er ful den Fisken. Men den, du fær, er god.

— Kan han vera stor?

— Stor! Han er fengjen der over Bismarpundet. Men han er ikke so god daa. Maaten er best. Han er vist alt daa so gamal som eg. Veit du hos gamal Fisken kan bli?

— Nei.

— Ja, det er mangt me ikke vita. Desse Fjell maa vist vera fælt gamle.

— Ja, dei ero alt fraa Adam var liten.

— Aa eldre; for Mann vardt skapt sidst. —

Ja, du er Guten, som kan laga det fint til, sagde eg til honom, daa me hadde komet tilbake og han synte os Selet sit, som han hadde for seg sjølv med Skorstein og Husbunad og Tavlor paa Veggen mest af „London News“, som han hadde der til Afminne om sine Engelskmenn.

Aa ja, svarad han, eg heve altid havt den Taatten at stella det hugsamt ikring meg. Det gjeng mest for det sama med Kostnaden, naar Tiltaket og Folkeskikken er i Mannen. Men, eg eldes, og Gud veit . . . . Det forfell alt paa Garden, no. Der er ikke lenger Magt, maa vita. Sjaa no Selet her nede. Det var Sigurd Godfa’r min, som bygde det, og det stend med Steingolv og Ovnstang og alt, som daa det vardt gjort. Han gjorde Alting so framifraa, han, at Garden heve flotet paa dette i tvo Mannsaldrar. Men, det eldes Alting, liksom me sjølve gjera, og det er som det verdt sagt af gamle Folk: „Der kjem Øydare etter Avlare; der kjem Bikkje i Bonde-Stad“. — Det var ein Husmann, Godfa’r min hadde til at timbra og inreida dette Selet og mange andre Hus ned paa sjølve Garden, han let byggja. Slik Husmann kjenner eg ikke no, og der var ingen Mann i all Sel, som Godfa’r min vyrde meir. Daa han laag paa si Sottesæng og Godfa’r kom der burt for at sjaa til honom med Fa’r min, som daa var ein Smaagut, — daa lagde han Hande si paa Veslegut, som stod der burt ved Sænge, og sagde: „Lat meg no sjaa, at det verdt likso gild ein Mann af deg som af Fa’r din“.

Me rødde myket den Kvelden og fekk os eit Reinshjarta, som hans væne Bro’rdatter steikte og lagad til for os. Ho hadde voret i Byen og den Gjenta og lært eit og annat der. Men der er ellers slik husleg Folkeskikk der uppe, at ei slik Gardemanns Dotter vilde kunna laga til ein Rett for den mest kræsne. „Barnet er ikke stolet or Ætte“, sagde eg. „Stakkars Gjentebarn, ho heve det ikke for godt“, svarad han, og dette sterke Andlitet hans med den nokot upkrøkte Munnen saag meir tungsindigt ut en vanlegt. — „Aa“, meinte eg, „slike Folk koma altid fram“.

So rødde me om „Ofsin“ eller Storflaumen i 1789, som Fa’rsyster hans før hadde fortalt meg, at ho godt kunde minnast — Der er gamle Folk i den Ætte — og han sagde, at mest det Halve af det beste paa Garden daa vardt lagt under Aur og Grus, som Logen førde med seg, og at han i si Tid hadde gravet burt Gruset paa mange Maal af den gamle gode Aaken. Eg trur han sagde, at det var ikring tretti Daler Maalet det vilde kosta slikt at leigja det reingravet. Men, det løner seg endaa godt, lagde han til; for der under ligg god gamal Jord, so det munar.

Om Morgonen skulde han med ein liten Bro’rson sin driva nokre Kalvor ned til Gards, og daa det drog up til Regn, so fylgde me med. Daa me komo nedetter den nygravne Vegjen up den bratte Lid til Høvringen sagde eg: „Ja det er ei Mønsterbygd dette, som slikt kan slaa seg ihop og grave slikein Veg til Støyls“. „Aa ja“, svarar han, „men det gjekk traadt stundom. Her ligg ikring 180 vaksne Dagsarbeid paa Garden, men me forstod, at det vilde svara seg i Lengde, og me vaaro Alle samstelte so nær som han rike Anders her ned paa Garden X. . . . han vilde ikke vera med, og han lagde attaat alle mogelege Hindresteinar i Vegen. Denne Plassen her nede, me snart koma til, ventad han at faa, for han hadde tilgode af Mannen, og so vilde han ikke hava Vegen der over Jordet, men fekk Ingenieuren under dette store Vegsverket her nede, til at skræma os. Men eg, om eg sjølv skal segja det, gjorde ikke mindst til at finna ut Vegaleide og driva paa, og sidan til at vera Tilsynsmann med Arbeidet. Daa Vegen var ferdig og me stod der siste Dagen, sende han ein Mann og ein Smaagut; men eg jagad deim heimatter og meinte: „naar Anders heve voret burte før, so kan han vera det no og“.

„Men“, imælte eg, „han brukar daa Vegen no“.

— Brukar den! Det er Ingen, som brukar den somyket eller heve den Nytten af den i si Drift. Større Skarv og verre Granne finnst her ikke fraa Mjøsa til Dovre. Her snudde han seg ikring og støyrde med Staven i Bakken og skaut Eld ut or dei dimde Augom og heldt paa med Ordstraumen: „Han vard værd at bli risdengd, og eg skulde enno taka tvo slike, so gamal eg er. Han tverkar os paa alle Vis. So var det under Vegsverket her nede, at Bro’rson min skulde skaffa Timber for ein tri fire hundrad Daler. Men trur du ikke, at Anders lagde seg imillom med „Ingenieurerne“ og fekk Liveringe aat seg sjølv til større Utlegg for Staten? Det kunde hava voret ei Hjelp for os, men han trong ikke til det. Det skulde han hava seet og lagad seg deretter, hadde han voret den Grannen, han burde vera. Det vilde eg hava gjort, og eg heve gjort slike Ting i mi Tid. Men, han siter om Garden vaar, eg seer det nok, og det vilde og vera eit godt Stykke at faa inaat, for Garden vaar er Perla i Sel. Men, solenge som eg liver, skal eg sparka imot. Han heve Magte, det er Ulykka. Det gjeng, som det stend: „Den som heve, han skal faa“. Sjaa no fekk han og for Gud og Ingenting denne Bygningen etter „Ingenieurerne“ af Staten. Ja, det er vel Karar, Landet sender ut til sine Gjerningar! Her lagde dei Vegen for langt up paa denne Sida upom det beste Brustøde, som finnst i Landet, her framme med Berg mot Berg paa baade Sidor og so smalt over Aaglupen, at eit Mastetre kunde naa til. Og so bygde dei denne Bru, som dei sidan maatte lyfta up, daa Flaumen kom og synte deim Vatsmaalet. Det kostad mindst sine tri tusen dette, og so fingo dei Svellkuvor og Steinsprang her uppe i Vegen, som baade gjera den faarleg og so her dagstøtt treng til Ishogging om Vintren. Eg sagde det nok, men dei ero so sjølvkloke, at det er raadlaust med det. Men dei lydde meg likevel, daa eg sagde, at Laurgardsbru ikke maatte byggjast paa den Maaten, dei fyrst vilde. Eg kjende Grunnen eg; for eg hadde lystraa der so mangein god Gong. Men no er Fisken burte. Lesjavatnet er utgravet, og Grus- og Bræevatnet kjem og fær ikke afsila seg. Lesja heve mist sit Fiskeri og me her i Sel vaart. Alle hava tapat og Ingen vunnet. Det er desse „Reformer“, som her no verdt talat somyket om.

— Ja, det gjeng ymse, meinte den Eine af os andre, men kostar gjerer det. Eg veit soleids, at ved eit Telegrafarbeid tente rette og slette Arbeidsmenn kring tri Daler Dagen.

— Om det ikke er godt for Landet, so er det godt for alle desse „Ingenieurer“ og Tilsynsmenn, solenge det gjeng, meinte eg. Men du Sigurd! hosi kunde det hava seg, at denne Andersen, som eg heve høyrt, kunde faa den store Garden G. . af den gamle Ekkja? Er han i Slekt med hena eller med Mannen hennes?

— Jau, det skal eg segja, meinte Sigurd: Han lovad, at han skulde gifta seg med hena, og so fekk han den gamle Galningen til at breva til seg Garden, og daa so det vel var gjort og han sat fast, tok han sine Ord atter og vilde ikke hava hena. Er det ikke Menneske! skulde nokon hava høyrt slik Maate at koma til ein Gard paa?

— Aa, det er ikke tidt du høyrer slikt; men det hender alt imillom. Her i Vaar kom ein Fader med Dotter si in til Christiania for at spyrja ein Sakførare til Raads i ei Sak som denne. Gamlen aatte sin Gard — det var nok paa Raumariket — og han hadde berre dette eine Barnet, som ein Gut vardt trulovad med og fekk Brev paa Garden fyre Brudlaupet; og daa so han hadde fengjet det, vilde han ikke vita nokot af Kjærasten sin men sagde at Garden daa var hans. Fader og Dotter maatte fraa Garden, og daa der ingen Rett var at faa paa Guten, som slikt hadde narrat deim, so reiste dei til Amerika.

— Er det ikke fælt til Kjeltringskap her kan vera paa den eine Sida og Galskap paa den andre, sagde Sigurd; eg trudde at Anders var ein Einstøding eg.

Men du Sigurd! kan den giftasgalne gamle Galningen finna seg i, at Anders slikt siter med Garden hennes og truleg gifter seg med ei ung fin Gjente?

— Finna seg i det! Der er Synde-Hus, eit reint Helvite, er der; men ho er nøydd til at liggja i sine eigne Baand, naar ho heve letet Fa’n slaa Rennesnara ikring seg.

— Og han brukar no og bur paa Garden med Gamla?

— Ja, han ferer her imillom og kjøyrer fraa Garden og seler alt det Korn og Flesk, som der var upspart.

— Kanske der var liksomyket Flesk der som paa Haakonstad?

— Aa nei, svarad han smilande; men der er altformyket af slike gamle Uaator, og Anders er Gut, som kan gjera deim i Pengar, det er vist.


  1. Denne Indeiling i slike Heimar er no so som so. Ei Indeiling etter Vokstren verdt meir brukad, men den heve og sine Motgrunnar, og i alt gjeng det eine over i det andre. Solangt som Folk saa og høysta heiter Saadheimen eller Saadhævet til upimot 2000 Fot over Havet. Granvokstren til imot 3000, og Furuvokstren litt hægre. Bjørkevokstren til imot 3400, og Rapevokstren (Dværgbirk) til ikring 4000; so litt Gras og Mosavokstren til 5000, so Svartsteinen og litt Mose til 5600 og so Snjoen.
  2. Det verdt kallad Knutsholstind; men heile dette Fjellparti verdt i Valders kallad Mugnafjell (Storfjell), og derfor skulde denne Tind, som me no tru er den hægste i Landet, heller heita Mugnatind (Stortinden). Der er ellers eit lægre Fjell lenger fram mot Valders, som og verdt kallad Mugnatind.
  3. Me (mid) muru, truleg af Muru eller Mare, eit Trollvæsen, Skrømt. Og der paa den hægste og største Bræeslett i denne øystre Parten af Jøtunheim er der fælt nok. Det er Muru god nok det. Jøklane rund ikring til Galdhø og Glitretind i Nord og Veo- og Nautgardsbræa mot Aust og Tyknings-Sua mot Sud ero alle Snippar af denne store Likduken. So er der Lægder og Dalføre mot Vest der imillom og Smørstabbane med gruseleg Bræ, og Skarvdalsegge og so Mjolkedals- og Koldedalstindane og Fleskenose, alle med stygelege Bræor, og so smaa Lægder og Dalar og so Horungerne.