Hopp til innhold

Eg er hugsjuk

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer (s. 4748).

Eg er hugsjuk.


Eg hugsjuk er. Di Horpe still!
Eg enn kan tola Strengen slaa
med lette Hand, so Tonen mild
mit Øyra kunde skjelva paa.
Om Hjartat Voner bera maa,
dei lokkost fram af Tonen blid,
Om Taar’ eg eig’, so renn ho daa.
og slepp’ at brenna Panna mi.

Men djupt og villt du Strengen slaa,
og Leikens Tone fyrst dernæst!
Du, Songarmøy, eg graata maa,
mit tunge Hjarta ellers brest,
for eg hev’ vorit Sorgens Gjest,
og svevnlaus legjet mangein Gong;
og no mit Hjarta springer mest,
om ikki det flyt burt i Song.

Naar mjuke Tonar bylgja paa
og kring meg strøyma som ein Flaum;
paa breide Byljor driv eg daa
og voggar meg paa denne Straum,
og ikki eig’ for annat Gaum
en heilt for denne Livsens Flod,
men dovnar af som i ein Draum
og liksom døyr med Tonens Ljod.
(dei tvo fyrste Vers etter Byron.)