Hopp til innhold

Dyre-Styrk og Dyre-Mod

Fra Wikikilden
Ein Soge-Bundel, utgitt av Hans RossDet norske Samlaget (s. 1218).

Dyre-Styrk og Dyre-Mod.


Det var ein Gong ein Kar, som kom heim atter, han hadde voret ute og tenat Kongen; so foor han yver ei stor Heid. Naar han kom daa midt paa Heidi, so laag der ein Hesteskrott, og der innved sat ei Løva og ein Bjørn og ein Skrubb og ein Rev og ein Maur og ein Falk, og alle vilde eta og ingen torde: dei tvilade, dei komo ikkje til um det. Detta gaadde Karen og so krabbade han seg av Vegen og vilde løyna seg ifraa. Men so feste Løva Auga paa honom og kom til honom og sagde: „Kann du no luta denne Øykjeskrotten imillom oss, so me verda alle fornøgde og mette, so skal du faa alle okkar Styrk og alle okkar Mod, fyrst du ynskjer deg det.“

„Ja eg skal prøva,“ sagde han. So hogde han av Læri fyre Løva, Bøgerne fyre Bjørnen, Skrovet fyre Skrubben, Sidorna fyre Reven og Hovudet fyre Falken, og Ryggen fyre Mauren: „der er du den minste, til aa smjuga inni og eta utor Mergen, du,“ sagde han.

So sat han, til dei hadde etet, so vaaro dei alle fornøgde og mette. So foor han ifraa deim. So kom han til ein Kongsgard, og der var ein Hyrding, som gjætte tretti Griser, og kvar Kveld hadde han mist ein Gris; men um Morgonen sende Kongen honom ut med tretti atter, av di han laut hava fullt Tal til kvar Dagen. So fann Karen Kongen ute i Tunet, — han stod og hogde Ved —, og so spurde han um han kunde faa Tenest.

„Ja, kvat kann du gjera?“ sagde Kongen.

„Det er det same fyre meg; kvat du seter meg so kann eg gjera det, annat en ljuga og stela: det maa Kongen sjølv gjera.“

Ja, daa vilde han leiga honom, sagde Kongen; „fær eg deg til aa vera med denne Hyrdingen, som gjæter Griserne, og prøva aa berga Grisen, eg misser til kvar Dagen?“ sa’n.

„Kven fer av med den?“ sagde Karen.

„Det er ein Rise, som eg heve lovat burt ein Gris til, til kvar Dag, og det maa eg halda,“ sagde Kongen.

„Ja det vøre Moro aa vera med dit,“ sagde Karen.

Hyrdingen tok ut tidlege um Morgonen atter, og Karen foor etter, naar det leid paa Dagen. No gjætte Grishyrdingen paa nokre store Flotter; so kjem Karen til honom nokot braadt, og han vardt rædd og sprang ifraa baade Griser og alt saman og tenkte, det var Risen som kom. „Du er nog rette Hyrdingen, du!“ sagde Karen. „Ja men eg hev’ vortet so skræmd, — eg er so rædd, eg tor’ ikkje annat springa min Veg, eg.“

Daa det hadde lidet eit litet Grand, so kom der ein Rise so stygg og fæl og vond. „Kvar er Grisen eg skal hava idag?“ sa’n.

„Eg tenkjer du heve fenget Griser nog,“ sagde Karen.

„Det skal me freistast um, det!“ sagde Risen.

„Ja det vøre mi Moro og, det,“ sagde Karen: „Løve-Styrk og Løve-Mod!“ sa’n. So sette han midt paa Risen og til aa klora og bita so stegglege. Risen slo og spende, og Løva beit og klorade. „Bjørne-Styrk og Bjørne-Mod og!“ sagde Karen. Daa vardt han dubbelt so god og so gjorde han Ende paa Risen i eit handsnutt Bil.

So kom Hyrdingen heimatter um Kvelden med alle Griserne. „Korso kann det hava seg, med di du kjem atter med alle Griserne?“ sagde Kongen. „Ja det kom ein Kar etter meg, som skapade seg i ei Løva og ein Bjørn og drap Risen.“ „Det var snild Kar,“ sagde Kongen.

No hadde den Kongen tri Døtter, og so hadde han mist baada dei eldste Døtterna sina til eit Troll. So hadde han atter den yngste Dotteri, og der slapp aldri Menneske inn til henne, annat han sjølv; og han kastade seg yver eit Vindespil inn til henne. So bad ho so vent, at ho maatte ut: ho saag dei andre reika ute paa Vegen og Gatorna, og ho maatte sitja inne altstødt. Nei, hann torde ’kje sleppa henne ut. Dermed var det ein Dag, Kongen skulde ut paa ei Langferd, so sagde han det til Karen: „No set eg deg til aa vakta Dotter mi, um du trur deg til aa sleppa inn til henne.“ „Ja eg slepp altid inn der du slepp inn,“ sagde han. So tok Kongen ut.

So stod Karen utanfyre og gloste paa detta Huset, som ho var inni. „Falke-Styrk og Falke-Mod!“ sa’n, — so fauk han av upp-aa nokre høge Svaler, som vaaro jamhøge mest med Taket, der Kongen hadde faret yver paa Vindespilet. Naar han kom daa dit, var der no so fullt med Trapper rundt ikring. „Reve-Styrk og Reve-Krokar!“ sa’n, — so vardt han Rev og flaug rundt ikring Trapperna som ein annan Katt. So kom han inn aat Dyri og saag igjenom Lykleholet: der sat ei Ungmøy paa ein Stol og kjembde seg. „Maure-Styrk og Maure-Mod!“ sa’n, so krak han inn igjenom Lykleholet. Naar han kom daa inn um Dyri, so vardt han i ein Kar atter, og Gjenta vardt so rædd, at ho uvitade mest.

„Du tarv ’kje verda so rædd,“ sagde han, „for eg er ein Kar, som kann ynskja meg i kvat eg vil, mest, og eg skal verja deg,“ sa’n. Og so fortalde han, korso han hadde fenget denne Magti til aa skapa seg um, av alle dei Dyri. So vorto dei gode Viner daa.

So bad ho so vent, at ho maatte ut ein Dag. „Eg torer væl ’kje sleppa deg ut,“ sagde han, „eg kunde missa deg; Risen kunde koma og taka deg.“

No fortalde han det, at han hadde drepet den Risen, som tok Grisen. „Ja naar du heve drepet Grise-Risen, so drep du Risen, som tek meg, og.“ Og ho bad og freistade, at ho maatte ut, um det var berre eit litet Bil, so vidt at ho fekk anda fritt.

So kom Kongen og heim atter, og so fortalde Guten, at ho freistade og bad so, at ho maatte sleppa ut: dei laut lata henne faa koma ut eit litet Bil. „Ja vaagar du deg til det,“ sagde Kongen, „so fær du og standa fyre henne.“

Ja, so slepte Karen henne ut. So var det berre eit handsnutt Bil, so kom der ein svart Dott, liksom ei Sky, — tykte dei det var —, og tok henne og foor av med henne. „Falke-Styrk og Falke-Mod!“ — Risen fyre og han etter, i Falk.

So kom dei til eit stort Berg; der kom dei burt fyre honom: Risen foor inn, og alt var som sokket ned. No var der so fæle Glovur inn igjenom Berget. „Reve-Styrk og Reve-Krokar!“ — vardt han Rev og smaug av inn igjenom so langt som han kunde sleppa, so slapp han ’kje lenger. So kagade han inn igjenom ei smal Riva, der gaadde han alle tri Kongsdøtterna saato paa ein Benk og kjembde seg. Maure-Styrk og Maure-Mod!“ — vardt han Maur og krak inn igjenom Berg-Riva og upp etter Leggen paa den yngste. So kom ho i Hug, kvat Slag detta var, og bad Risen um ho maatte ut litet Grand. „Ja du maa nog det, naar du inkje er lenge,“ sagde han.

So gjekk ho ut og bar Mauren paa Leggen sin. Naar dei kom ut um Berget, var han Kar atter.

„Kann du segja meg Raad, korso eg skal frelsa dykker ut or Berget?“ sagde han.

„Jau, var det ikkje du som drap Grise-Risen?“ sagde ho.

Jau det var han.

„Ja so far dit og tak Hjartat og Livri og Lungorna utor den Risen og kom heran atter med det, so kann du koma inn paa same Vis som du kom idag; men du maa leggja det ned eit litet Stykke ifraa Berget. So skulo me bidja, me maa ut alle tri, so kastar du Hjartat og Livri og Lungorna upp-aa Berget, so spring baade Berg og Rise og alt saman i hundrad Molar, — so verda me frelste,“ sagde ho.

„Falke-Styrk og Falke-Mod!“ — so var det berre eit handsnutt Bil, so kom han til der Grise-Risen laag daud. „Løve-Styrk og Løve-Mod!“ sa’n og so reiv han Risen i Fillor og tok Hjarta og Livr og Lungor og stappade ned i ein Larve-Sekk og tok ut atter. „Falke-Styrk og Falke-Mod!“ — vardt han Falk atter. Kom han nær Berget atter og lagde han Sekken eit litet Stykke ifraa. Ynskte han seg i Rev atter og smaug av inn igjenom Glovorna, til han kom til den innste Riva, so ynskte han seg i Maur og krak upp igjenom og upp etter Leggen paa den yngste Kongsdotteri.

So bad ho at dei maatte ut alle tri.

„De kunna nog det, naar de inkje ero lenge,“ sagde Risen.

„Nei me skulo vera snøgge,“ sagde dei.

Naar dei kom no ut, so gjekk dei eit litet Stykke ifraa Berget, og han vardt Kar atter og kastade Hjartat og Livri og Lungorna upp-aa Berget, og Berget tok Eld og det brann og sprang sundt, baade Berg og Rise, i Molar. So vardt der ein ven Gard, so ven som dei aldri hadde seet Gard, der som Ryseberget var. Og der kom tvo unge Prinsar utor Garden og gjekk burt til Guten og nevetakkade honom fyre Hjelpi, han hadde gjort.

„Me vordo skapade her i eit stort Fjell, og no er Risen drepen og me ero frelste. No skulo me taka kvaar si Kongsdotter, ifall dei vilja, — og Rikdom hava me nog av sjølve baade fyre oss og fyre deg, so maa du bledja og taka kven du vil av deim,“ sagde Prinsarne.

„Ja, eg vil helst hava den yngste, eg,“ sagde Karen.

So vordo Kongsdøtterna tilspurde um dei vilde vigja med deim. Ja det vilde dei. So sende dei Bod etter Kongen, og Kongen vardt baade glad og fegen og sagde, dei maatte hava Døtterna hans til Konor, naar dei inkje nauvade nokot; og Riket hans maatte dei byta imillom seg. Men dei hadde Rikdom og Rike nog sjølve, dei hadde kvaar sitt Rike jamsides der dei Bergi hadde voret, som Grise-Risen og den andre Risen budde.

So gjorde dei trifaldt Gjestebod, og der komo alle Viner og Frendar, alle Kongens Folk og alle deira Folk, og dei drukko Gjestebod i fjore og tjuge Dagar.

Fare no væl baade Viner og Frendar,
med Æronne,
for no er ho komi i gods Manns Hender,
i Liljor skal han skjera henne Klæde.