Hopp til innhold

Du døyr for dit Liv

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer (s. 120129).

Du døyr for dit Liv.


At syrgja for seg, for Born og Viv,
Det kostar so mangein Mann hans Liv.

Ja, det er andre en Hærmenn som falla i Striden. I Livsens daglege Strid falla fleire en me tru. Bokmannen, som helseslit seg med sin Tanke og Pen, han fell i denne Strid likso vel som Sjomannen i eit Skipsbrot og Lotsen for at frelsa Skipet. Handelsmannen som seler usunn Vare, og Garvaren, som misser Helsa, si bøygd over „Bukken“ sin, dei falla liksovel i denne Strid som Jagaren fallande utover Fjellet og Fiskaren og Kjøyraren, som i Kjøld og Stygvedr draga paa seg Turkesjuke, eller Steinhoggaren som fær Lunga si full af Steinmjølet. Den stille Reikenskapsmannen, som sjuknar af Arbeidet sit, fell likso vel i denne Strid som Lækjaren, naar han sjølv verdt sjuk og døyr, for han seer til Sjuke. Endelaust vilde det vera at reikna up alle deim som slikt døy for si Livsgjerning. Den, som leser dette, kanske gjeng med si Banasott for sit Dagverk. Den, som prentar dette, andar in Forgift af Blybokstavane, og kanske eg og paa min Maate tek for hardt i med dette Livsverket mit.

At liva til Gagns det slit og riv,
me starva og stræva saart.
Og det som tidt er vaart beste Liv,
det kostar os Livet vaart.

Men, at døy paa denne Vegen er at døy vel. Derimot er det at døy illt for dei mange, som missa Helsa si for dei gjera forlitet og liva for vel. Og det er truleg likso mange af deim, som døy af det at liva for vel som af det at liva for daarlegt. Rust eter up meir Jern end det, som verdt slitet burt.

Eg kom in paa desse Tankar ved at lesa i Times her ein Dagen om Livet og Barnastellet i some Engelske Fabrik. Bladet segjer bland annat:

„Det er usæle Ting som koma for Dagen i mange af vaare gildaste Fabrik. Det vilde i Sanning forfæla os, om me rett kunde sjaa alt det, Folk maa lida for at gjera aat os some af vaare mest brukelege og dagligdagse Ting. Dersom soleids ein Rakekniv, ein annan Kniv eller ein Gaffel kunde fortelja si Soga om det Rum den var slipad i, om alt det forgiftige Metalmjølet fraa den, som var komet in i Lungune paa Verksmannen, kunde den dette, so vilde me mest koma til at trega paa, at me vaaro komne in i den Folkeskikken, som slikt dreiv os til at liva af Helsa og Livet til vaar Næste. Den drepande Naturen af some Verk i Sheffield er i Sanning forfælande. Tapet af Liv i Krigstenesta er ingenting imot Tapet af Liv i den borgerlige og huslige Tenesta. Dei som slipa og skura Gaffeler framfor alt, dei hava eit Arbeid som plaga drepa deim i det 25de Aar. Tversummen er knapt over det 30te Aar. Af dei som slipa Rakeknivar døy ikke mindre en tri fjorde Partar i sit 40de Aar, og Filehoggarane naa javnan ikke lenger en til sit 32te Aar. Alt dette kan ikke forundra os, naar me vita, at mindst ein Fjordepart af Staalet verdt skavet burt i Mjøl.

Det er tungsamt, nok at vita, at me skulle vera nøydde til at krevja somyket af vaksne Folk, men reint hjarteskjerande er det at faa vita, at Smaaborn skulle ljota lida det sama. Ved dei mest drepande Arbeid i Sheffield maa Born vera med i sit niende eller tiende Aar. Dei fleste Born taka til med Gaffelsliping før det tiende Aar, some so unge som sjau eller aatte Aar, og i eit Tilfelle var eit Barn paa seks Aar finnande inmed eit Hjul, der det hadde stadet turslipande for Fader sin i maanadsvis. Jamvel ved dei store Jernog Staal-Verk med alt sit Nottarbeid ero Smaaborn paa sjau Aar fundne arbeidande Nott og Dag up til tie Timar i Slag. Det er umogeleg for dei fleste af os at faa i Hovudet vaart alt det slike Smaakrypar maa lida og tola. Det er stridt nok for den vaksne Mannen at verka i 10, 12, 14, eller endaa 16 Timar om Dagen i eit trongt Rum med daarleg Luft, og andande i seg det drepande Govet af Staalskuring, eller halvsteikt af Smelteovnar og Valseverk; men det, som alt slikt maa taka paa dei kløke Smaaborn, det er meir en me kunna tenkja os til. Og stundom stræva dei slikt Nott efter Nott i Døgrevis. Eit eller tvo Exempel vil vera nok til at forfæla Lesaren: — „ein Smaagut paa nie Aar stod med Fader sin i tri Døger for at valse Staalfjødrer til Sprikestakkar. Ein annan Gut under 12 Aar, „hadde i fulle fjorten Dagar stadet ved eit Støypeverk fraa Kl. 6 om Morgonen til Midnott; han orkad ikke lenger.“ — Det er inkje Under, at desse stakkars afgjevne Smaakrypane „stundom sovna ved Arbeidet sit og snaava eller og falla, naar Metalgolvet verdt heit og sleipt, og det gjelder at nøyta seg, og verda brende eller stungne af det glodraude Jernet eller paa andre Maatar faa svida for Vant af Omsyn.“

Alle Fabrik, som slikt bruka Smaaborn, dei synes at vera like hjartelause. Endaa ved so smaae Verk som Hovel-knyting — eit Fyreverk til Vevnad — der er Smaaborn paa 6 Aar uplærde til at arbeide 14 Timar om Dagen. Ei Veslegjente paa 13 Aar, som slikt hadde bundet fraa sit 6te Aar, sagde: — „Knytaren slog meg for at halda meg vaken.“ — Ved Glasverk lida endaa Smaaborn mest vondt. Somt Arbeide gjeng paa Nott og Dag, og Smaaguten maa likso vel som den vaksne taka til Ombytes; og er den eine burte, so lyt den andre in i Staden hans, og soleids tidt missa Svevnen sin dei faae Timar. Og der er heit, fælt heit. Det var eingong Hatten vardt smeltad ut af Gjerd paa Tilsynsmannen, som stod in med Hovudet til ein slik Gut. Paa ein annan Smaagut vardt Haaret afsvidet, og han sagde, at Klæde hans tidt sveid. Midt i denne forfælande Hiten maa dei hava den største Gaumen med seg, og det er utreiknad, at dei javnan maa ganga millom 2 og 3 Norske Mil i 6 Timar. „Mangein Gong, daa eg var ein liten Gut,“ sagde ein af desse, „stod eg slikt her paa denne vesle Flekken tvo Døger i Slag, alt til eg knapt kunde halda Augo mine uppe, og var so trøytt, at eg ikke fekk sova; eg var nøydd til det. — Det er for ein Familiefader nokot at tenkja paa, at Smaaborn hans i Aldren fraa 6 til 12 Aar slikt all Dagen og myket af Notte slita i denne Hiten og ganga 3 Miler (Engelske ikring ei halv Norsk) i Timen med spend Ettertanke, daarligt fødde og inkje lærde! Tenker han paa dette og so paa det, at barnligt Solskin med Elsk er burte, so vil han, den usæle Mannen, sjaa den sorgsame Lagnaden af alle dei stakkars Smaafuglar, som maa prøva slikt for at kunna liva.

Det er greidt, at Borne paa denne Maaten veksa up i den største Faakunna. Some af deim hava i sit fjortande Aar aldri høyrt somyket som af London eller Dronning Victoria, og dei viste ikke, anten ho var ein Kvendmann eller ein Karmann. Eit Barn, som vardt spurt om Dronning Victoria, svarade: „heve aldri høyrt Navnet paa det; kan ikke fortelja Meining af det.“ Det hadde inkje høyrt om Bibelen, om Evangeliet eller om Jesus. Ein 12 Aars gamal Gut svarad: (Jesus) „bur ikke i England: trur det maa vera eit Land.“ Ein annan hadde høyrt gjetet Herrens Navn, men kunde ingenting fortelja om honom. „Han vardt ikke drepen, men døydde som andre Folk. Han kom til Livs atter, men eg veit ikke om han liver no.“ Ein annan meinte, at Christus var eit Menneske. „Han var ein Fader, og lærde deim at lesa i Bibelen.“ — Ein annan var ein Philosoph utan at vita af det: „Edens Hage er der, Folk ganga og eta up i eit Tre. Det var inkje framifraa Menneske — — Gud gjorde Mannen, og Mannen gjorde Kvendfolk.“ — Kanske den mest sorgsame Tanken, som kjem fram ved alt slikt er den at koma ihug, for ein Heim det maa vera, der Born kunna koma til 14, 15 eller 16 Aars Aldren i slik myrk, villmanslik Faakunna. Foreldre maa mest vera vordne Dyr, før deires Born kunna veksa up slikt ulærde og forsømde. Der kan knapt vera talad det mindste om aandelige og religiøse Ting. Her er ulykkeligvis altfor sterke Prov paa, at Borne afspegla Foreldre sine. Fælt at segja, det er altfor greidt, at Foreldre med Vilje hava lagt alt dette Arbeidet paa Borne sine, ofte forat dei kunna hava nokot at drikka og slarva med. Ei Kona som sjølv fraa det sette Aaret sit var upfødd paa sama Maaten, „sette den vesle Gjentungen sin, no daud, til det sama alt til „tri Vikor vardt seks.“ Ein Aatteaaring, som med Fader sin hadde havt ikring ei Norsk Mils Veg til Verkstaden, vardt af Faderen leten liggjande atter om Notte ved Dyrne af Smelteovnen med ein liten Kjole under seg og ei Fillekufte over seg. „Aiei“, sagde den arme Krypen, aiei, her er heit her. — Ved Glasverk maa dei smaae koma fyre dei vaksne og standa etter deim for at faa Dagsverket sit ferdugt, og om dei vaksne ganga ifraa til Maaltids, so neita dei aat Borne den sama Hugnaden.

Slikt Pineskap maatte krevja ei Rettarbot fraa Riksstyret, om der so ingen annan Grunn fannst for den Aatferd. Men, om no det, me alt hava sagt er aldri so pinsamt, so er der andre Ting, som er endaa meir kvekkjande. Om Folk ero harde og uvitande og sjaa i sjølve seg og Borne sine berre Dyreverk, so er det endaa fælare at Driftherrane kunna tola slikt paa sine Verkstadar. Men om dei og hava fengjet Smitten af denne drepande maskinlike Dyreluft, so er det endaa værre, at dei ikke skulle sjaa, at dei i Lengde maa tapa Penge med slik Drift.“ —

Ja, det var sorgsamt at sjaa den uhorvelege Mengd af dei lægre Fabrikfolk Engeland. Om Fridagar kunde dei taka seg Utflugter med Jernbanen. Dei vaaro jamleg daa vel klædde men med eit Aasyn som Dauden sat i Halsen. Og dette kraftfulle livsfriske Folk skal vera slikt medfaret af Fabrikarbeid! Arme England, det bitalar surt Rikdomen sin, og denne Rikdomen kan umogelig vara, for den einaste Nationalrikdom som varer, det er eit aandeleg og likamleg friskt Folk. Dei Engelske Fjelbygder verda utlagde for Fefoten, og det flate Land verdt meir og meir ein einaste By og eit einaste Fabrik. Alt dette dæmmer burt den Kjelda, som det friske Folkelivet skulde strøyma ut ifraa. Det var dette eg skreiv om i mi Engelske Bok og som gjorde denne Bok so utoleleg i England; for dei maatte finna — og sagde det og — at det var altfor sannt altsaman.

I Frankrike og Tyskland saag eg og myket af all denne Armodsdomen; men daa eg ikke var so lenge i desse Land, fekk eg sjaa mindre der; og der er vel heller ikke so illt der som i England, endaa eg saag mangt i Paris som var forfælande.

I den solsteikte Gata kjende eg nedantil up igjenom Malmgrindar nokot endaa heitare koma gufsande. Det var fraa dei mange underjordiske Verkstadar. Eg gjekk ned i some af deim og saag halvnakne, holøygde, uptærde Folk i ei Sveittelaug. Derifraa kom somangt af det som glodde i dei Parisiske Handelsbuder. Der var den eine Nottsida til det straalande Livet. Det vilde vera ei Graatebok af Jeremias at ganga gjenom dei mange Fabrik — fraa Kniplingsfabriken med sine visne Fingrar og lungesjuke flate Bryst, og til alt det grøvste som verdt gjordt med sine beinbrotne og lamslegne Menn. Verkstadar springa i Lufte med alle som i ero. Kolgruvor dytta seg til eller fljuga i Eld og Alle kovna. Mangt af det fine, me eta og slita, er liksom samanvovet af upslitne Mannaliv. Eg seer ofte den daudbleike Silkevevaren liksom dasande framfyre meg, naar eg bind paa meg Halskluten. Mangt af alt dette gjorde meg sjuk i Utlandet, der det laag like in paa meg.

Eg lengtad heimatter til eit Land, som verdt kallad armt. Men den armaste Husmannen liver endaa her som i Paradis mot all denne utlendske Armodsdomen.

Men, me maa og vera med i „Civilisationen“ vera med om det so skal ganga os som den danselystne Gjenta, daa den svarte Mannen i Likning af ein ung, fin Gut kom og baud hena up til Dans og leikad paa, til ho vardt sprengd, plystrande Feleslaatten:

„Jomfru Lisken, veit Du ka’!
Vil Du vera mi Flikka?
Fyrft paa Hælen og so paa Taa-e
so fraa Benken og burt i Kraa-e.
:|: Jomfru Lisken, veit Du ka’!
vil Du vera mi Flikka?“ :|: