Dreg du den, så dreg du den

Fra Wikikilden
Dreg du den, så dreg du den

av Folkeeventyr
fra Nordahl Rolfsens lesebok, Gyldendal 1954


Ei kjerring skulle køyra staur, men så visste ho ikkje kor mykje ho skulle leggja på. Då ho hadde lagt på ein, sa ho: «Dreg du den, så dreg du den med, og dreg du den, så dreg du den med.» og såleis heldt ho på, til hesten ikkje vann lasset av flekken. Så måtte ho lessa av att, og så sa ho: «Dreg du ikkje den, så dreg du ikkje den heller, og dreg du ikkje den, så dreg du ikkje den heller,» og såleis heldt ho på, til ho ingen ting hadde att på kjerra.

Tilbake til toppen av siden.