Det stend Age av Kongens Umbodsmenner
Utseende
Det norske Samlaget, (s. 47–49).
Det stend Age av Kongens Umbodsmenner.
So var det eingong han Kaptein Riis
— det Navnet til Mannen svarar —
foor Bygderna kringum paa gamall Vis
og saag etter Kongens Karar.
— det Navnet til Mannen svarar —
foor Bygderna kringum paa gamall Vis
og saag etter Kongens Karar.
Han aat og han drakk og han livde væl,
— den Tunna var traa aa teppa —.
Og den, som var riker, han var so sæl,
at Hermann han kunde sleppa.
— den Tunna var traa aa teppa —.
Og den, som var riker, han var so sæl,
at Hermann han kunde sleppa.
Som ventande var, so tok han inn
til Lag paa dei største Gardar.
D’er Gjestabodskost, med Kropp og Skinn
aa eta upp Kongens Karar.
til Lag paa dei største Gardar.
D’er Gjestabodskost, med Kropp og Skinn
aa eta upp Kongens Karar.
Og so fekk han Pengar og Fugl og Fisk
og stundom den største Stuten.
So stakk han i Pung, og lagde paa Disk
den rikaste Gardeguten.
og stundom den største Stuten.
So stakk han i Pung, og lagde paa Disk
den rikaste Gardeguten.
So tok han istaden ein Husmanns-Son,
um det var den lægste Karen.
Fyr Stakaren var der ’kje minste Von
aa sleppa fraa „Lange-Maren.“
um det var den lægste Karen.
Fyr Stakaren var der ’kje minste Von
aa sleppa fraa „Lange-Maren.“
Med Sjersantar tvo slikt foor han kaut
ikringum med all den Stasen.
Og dei fekk ein Saud, naar han fekk eit Naut.
For Kapteinen han er Basen.
ikringum med all den Stasen.
Og dei fekk ein Saud, naar han fekk eit Naut.
For Kapteinen han er Basen.
Slikt var det med Smør og annat Verd
fyr Guten, som laus seg falar.
For Sjersanten, veit du, Skillingen er,
og Kapteinen han er Dalar.
fyr Guten, som laus seg falar.
For Sjersanten, veit du, Skillingen er,
og Kapteinen han er Dalar.
So foro dei kringum fraa Hus til Hus
med Aalvor men og med Lentor.
So livde dei dagleg i Drykk og Dus
og flaug etter fagre Gjentor.
med Aalvor men og med Lentor.
So livde dei dagleg i Drykk og Dus
og flaug etter fagre Gjentor.
Slikt fara dei kringum som Skrubb og Ravn,
og alle dei Knokar gnaga.
Men daa dei var ute i Kongens Navn,
so torde ’kje Folk deim jaga.
og alle dei Knokar gnaga.
Men daa dei var ute i Kongens Navn,
so torde ’kje Folk deim jaga.
So foro dei Bygderna upp og ut
til Alle med vondt aa venja,
og Ingen fekk eingong han Storegut
til desse Fantar aa dengja.
til Alle med vondt aa venja,
og Ingen fekk eingong han Storegut
til desse Fantar aa dengja.
Eg sagde til honom: „No fær du sjaa,
for all den Urett me lida.
Du saag, at du maatte fyr Ivar Aa
um Retten med Neven strida.
for all den Urett me lida.
Du saag, at du maatte fyr Ivar Aa
um Retten med Neven strida.
Eg Kristian Lofthus ved Lillesand
paa Ferderna mine raakad.
Og der eg daa med denne kloke Mann
um alt dette vonde spraakad.
paa Ferderna mine raakad.
Og der eg daa med denne kloke Mann
um alt dette vonde spraakad.
Eg ferer med honom til Kjøbenhavn
og yver slik Urett klagar.
Me tala til Kongen i Landsens Navn,
so verd det væl betre Dagar.
og yver slik Urett klagar.
Me tala til Kongen i Landsens Navn,
so verd det væl betre Dagar.
Aa klaga fyr Kongen er aldri Skam,
fyr det skal eg trygt deg borge.
So visa me deg fyr Kongen fram,
at Karar her finnst i Norge.“
fyr det skal eg trygt deg borge.
So visa me deg fyr Kongen fram,
at Karar her finnst i Norge.“