Hopp til innhold

Det gjeng godt fyr’n Olav

Fra Wikikilden

Det gjeng godt fyr’n Olav.


D’er litet atter av ein Kar,
som i sin Elsk er sviken.
Han gjeng, som han ein Skugge var,
og aldri saag du Liken:
Han hatar Mann, han hatar Møy,
og flyg som Skodd paa Heidar.
Han ynskjer, snart han maatte døy
Og sleppa falske Eidar.

Eg visst’ ei, um eg Sud ell’ Nord
ell’ Aust ell’ Vest var faren,
for sviket hadde dei sitt Ord,
ho Anne og ho Maren.
Eg trudde væl, at Maren var
so heiltupp ei den sanne.
So det, som mest til Hjarta skar,
var Lygni hennar Anne.

Men rett som so i Sorg eg gjekk
og hatad heile Verdi,
ei Bod ifraa ein Norsk eg fekk
at Anne var paa Ferdi.
Ho hadde reist fraa Far og Mor
og vilde upp meg søkja.
Og gjenom heile Sverge foor
den stakars vesle Krøkja.

So var ein Dag eg stod paa Vakt,
— den Vakt tok ingen Ende —
det til meg av ein Mann vardt sagt:
„Her kjem til deg eit Kvende.
Ho er fraa Norge, høyrer eg,
ein Kjærast’, kann eg banne.
Med Graat og Laat ho søkjer deg.“
Aa, jau, det var ho Anne.

Daa fekk eg sjaa det falske Spil;
daa kom det heile Ordet,
at Anne nær var trugad til
aa taka Gjermund Jordet.
Men daa det galdt, vardt Anne ør
og vilde upp meg finne
og gjorde det, som aldri fyrr
var gjort i Manna-Minne.

Ho kvad (Aa nei! i Sorg du kann
ei kveda, so det høver;
for fagre Ord du aldri fann,
naar Tvil og Elsk deg kjøver.
D’er fyrst, naar upp du vakna fær
ifraa den vonde Draumen,
at i din Song um den der er
den rette fulle Flaumen):

„Aa hjelp’ og trøste meg! min Olav kann
du gløyma, at eg liksom upp deg gav?
Eg etter gav ei Stund, men Ro ei fann.
Det var som ned eg stirde i mi Grav.

For veik eg var, og er deg aldri verd.
Eg gjorde Synd, og etter Synd kom Sut.
Det bit og brenn og ingen Ende fær:
Den Orm ei døyr, den Eld ei sloknar ut.

Du burte var: eg fekk ’kje Ord til deg
og segja Blomen din var frisk i Rot.
Eg fann ’kje Fred, fyrr eg den lange Veg
fekk fara paa min arme nakne Fot.

Eg ventar Svar og ser paa Munnen din.
Kom med eit Ord, og gjev mitt Hjarta Ro!
Ver naadig og deg tenk i Staden min:
Eg stod og brann imillom Eldar tvo.

So svar meg godt! Du er so klok og blid.
Der heima foor eg kring so trøytt og vaat,
og spurde Berg og Stein og Fjell og Lid.
Men alting svarad med min eigen Graat.“