Hopp til innhold

Den gylte Skog

Fra Wikikilden
Ein Soge-Bundel, utgitt av Hans RossDet norske Samlaget (s. 1928).

Den gylte Skog.


Ein Gong var det ein Konge her i Norig, som heet Trane, — det var mange Kongar her i dei Tidom — han budde paa ein Kongsgard som heet Rikeborg. No var han Enkjemann og hadde ei Dotter med fyrsta Kona si; men so tok han ei Gygr, som var Enkja og som hadde ei Dotter, ho og.

So vilde Kongen aat Staden, og der skulde han kaupa so myket Stas aat Gygr-Dotteri; og daa han var daa buen til fara, so spurde han Dotter si, um han ikkje skulde kaupa nokot aat henne.

„Aa du skal ikkje kaupa annat aat meg en Sorg og Sut,“ av di ho syrgde so paa Moder si, ho, maa vita.

So daa han kom aat Staden, so spurde han alle Stader etter „Sorg og Sut,“ men fann det ikkje nokon Stad. Men daa han var daa paa Heimvegen, kom det fjukande til honom ein Fugl, som sagde det: „kaup meg, kaup meg!“

Kongen spurde, kvat han heet.

„Eg heiter Sorg og Sut,“ sagde han.

Den tok Kongen og gav Dotter si, daa han kom heim. So daa ho skulde tilsengs um Kvelden, daa sagde Fuglen henne, at han var ein fin Riddar; men at det var kastad Fugleham paa honom, so at han var Fugl med det var Dag, men var Menne naar det var myrkt; men ho maatte ’kje sjaa paa honom daa, elder so kom han inkje atter oftare. Men daa han hadde sovnat, daa kunde ho ikkje halda seg, men tok eit Ljos og vilde sjaa honom; daa var han so ven, at ho hadde aldri seet so ven Kar i all sin Dag. Daa maatte ho bøygja seg ned og kyssa honom, og so draup det ein Talgdrope ned paa Oksli hans, — daa vaknade han.

„Aa jeia jeia meg!“ sagde han, „kvi gjorde du detta? No ser du meg aldri meir! — Ja det kann væl henda, at eg kjem att’ ein Kveld til, men gjerer du det same daa, so ser du meg inkje meir!“

So gjekk det likeins den andre og den tridje Kvelden, ho va inkje god til halda seg, av di han var for myket snild og ven, men tridje Kvelden sagde han: „ja no ser du meg inkje meir,“ og so vardt han burte.

Men fyrr han tok avstad, sagde han til henne, at han hadde Heimen sin paa ein Gard, som heet den gylte Skog. Og dermed so var der ei Gygr, som vilde hava honom til aa taka Dotter hennar ti Kona, „og daa inkje eg vilde hava Dotter hennar,“ sagde han, „so kastade ho Fugleham paa meg; men no skal eg segja deg, korso du skal bera deg aat: du skal taka med deg Tjenestgjenta di og prøva aa koma til den gylte Skog; men de ljota fara igjenom try Berg, og Gjenta veit Raad, so inkje Bergtrolli der skulo slaa dykker i Hel.“

Detta fortalde ho Gjenta. Gjenta sagde det: „Fyrr me taka ut, ljota me faa oss try fine Silkeplagg og hava med oss.“

So foro dei langt og lenge, til det vardt Kvelden; so komo dei aat eit Berg.

„Ja her faa me inn,“ sagde Gjenta.

„Aa nei,“ sagde Kongsdotteri, „me vilja ’kje, for Bergtrollet slær oss i Hel.

„Aa nei,“ sagde Gjenta, „eg veit nog Raad fyre di,“ og dermed bankade ho paa.

„Kven er, som bankar paa mi Dyr?“ sagde Gygri.

„Aa d’er tvæ fina Jomfruer, som bidja um Hus i Naatt.“

„Ja det kunna de gjerna faa,“ sagde Gygri, „men naar det lid paa Naatti, so kjem Mannen heim atter og so drep han dykker.“

„Aa neimenn gjerer han inkje,“ sagde Gjenta, „for no skal eg helsa deg Godnaatt ifraa Syster di, som er gift med Kong Trane: ho liver herlege og væl; og her hava me eit Plagg, me vilja giva deg, so du skal ’kje hava havt det slikt, sidan du var Brud, og kan henda inkje daa helder.“ So sloppo dei inn, og so fingo dei seg Mat og Drikka, og so lagde dei seg.

Midnættes Tider kom Jøtulen, frøsande og vond, so det var so de duvde i Berget.

„Tvi, det tevar Kristenmanns Tev her!“ sagde han.

„Aa ja, kjære Far!“ sagde Gygri, „det kom tvæ fina Jomfruer og fingo Hus, du fær inkje gjera deim nokot; dei helsa meg Godnaatt ifraa Syster mi, ho er Stykmor aat den eina Jomfrui, og meg hava dei gjevet detta fine Plagget.“

„Kvar vilja dei av?“ sagde Jøtulen,

„Aa, dei vilja aat den gylte Skog,“ sagde Gygri.

„Aa, dit koma dei aldri,“ sagde han, „eg kjem derifraa no, eg.“

„Aa jau, du fær hjelpa deim til, du,“ sagde Gygri,“ du fær laana dei Bergarenna di,“ — det var Hesten hans, det —.

„Ja eg fær væl det,“ sagde han, „og so skal du segja til deim, at fyrst dei koma aat Berget til Syster di, so skulo dei strjuka Bergarenna paa Lendi og segja det: „der du tok Aabiten, skal du taka Kvelden,“ so gjeng ho heim-att aaleine.“

So i Morgonkvisli foor han avstad gjæta Geiter. Ut paa Morgonen gav Gygri dei Mat og Drikka og so sadlade ho Bergarenna aat deim og sagde deim, kvat dei skulde segja til Bergarenna, naar dei slepte henne attende. „Aa so maa de helsa Godnaatt til Syster mi,“ sagde ho. So baado dei Farvæl med henne og toko ut.

So foro dei lengstom og lenge, til det vardt Kvelden, daa komo dei til eit Berg atter og so struko dei Bergarenna paa Lendi og sagde det: „Der du tok Aabiten, skal du taka Kvelden,“ so strauk ho heim-atter; so bankade dei paa der.

„Kven er som bankar paa mi Dyr?“ sagde Gygri.

„Aa det er tvæ fina Jomfruer, som bidja um Hus i Naatt,“ sagde dei.“

„Ja det kunna de gjerna faa,“ sagde Gygri; „men fyrst Mann min kjem heim-att i Naatt, so slær han dykker i Hel.“

„Aa nei, det gjerer han aldri,“ sagde Gjenta; „me laago hjaa Syster di i Naatt, og ifraa henne skulo me helsa deg Godnaatt; og so hava me eit Plagg, me vilja giva deg, so du skal ’kje hava havt det slikt, sid du var Brud, og kannhenda inkje daa helder, — og eitt gaavo me henne med; og ho livde herlege og væl og snild var ho til hjelpa oss til: ho fekk Mann sin i det Lotet at han laante oss Bergarenna si her hit, og det trur me du gjerer ogso.“

„Aa ja, de faa væl koma inn daa,“ sagde Gygri; og so fingo dei seg Mat og Drikka og so lagde dei seg.

Midnættes Tider kom Jøtulen og var so vond og fæl, at det dunde i heile Berget.

„Tvi! det tevar Kristenmanns Tev her!“ sagde han.

„Aa ja, kjære Far!“ sagde Gygri, „det kom hit tvæ fina Jomfruer og baado um Hus; du fær inkje gjera deim nokot ilt.“

„Kvat vilja dei?“ sagde han.

„Aa dei vilja aat den gylte Skog,“ sagde ho.

„Dit koma dei aldri,“ sagde han, „eg kjem derifraa no, eg,“ sagde han.

„Aa jau, kjære Far!“ sagde Gygri,“ dei laago hjaa Syster mi i Naatt var, og ifraa henne skulde dei helsa oss Godnaatt, og ho fekk Mann sin til at han laante dei Bergarenna si her hit, og dei gaavo meg eit fint Plagg; no fær du gjera so væl aa laana deim Bergarenna di til Berget aat Broder min; eg skal segja deim, kvat dei skulo segja til henne, naar dei sleppa henne attende, so faa me henne nog atter,“ sagde ho.

„Aa ja, eg fær væl det daa!“ sagde han.

So um Morgonen foor Jøtulen avstad gjæta Geitar, fyrr desse tvæ vaaro uppe. Gygri gav deim Mat og Drikka og so sadlade ho Bergarenna aat deim og bad deim, at dei skulde strjuka henne paa Lendi, naar dei slepte henne attende, og segja det: „Der du tok Aabiten, skal du taka Kvelden og.“ Og so maatte dei helsa Godnaatt til Broder hennar. — So baado dei Farvæl med henne og toko ut, og foro yver Berg og djupe Dalar, yver Fjell og Finne, all Dagen.

Um Kvelden komo dei til eit Berg atter, og so sende dei Bergarenna attende, og bankade paa der.

„Kven er, som bankar paa mi Dyr?“ sagde Gygri.

„Aa d’er tvæ fina Jomfruer, som bidja um Hus i Naatt,“ sagde dei.

„Ja det kunna dei gjerna faa,“ sagde Gygri, „men fyrst Mann min kjem atter, so drep han dykker.“

„Aa neimenn gjerer han inkje,“ sagde Gjenta, „me skulo helsa Godnaatt ifraa ollom Systrom hans: me laago hjaa den eina i Naatt, og henne gaavo me eit Plagg, og eitt skal du faa, so du skal ’kje hava havt det slikt, sid du var Brud, og kannhenda inkje daa helder, — og ho hjelpte oss til, at me fingo laant Bergarenna hans her hit, og det same fær du hjelpa oss til med her ifraa, av di me vilja aat den gylte Skog.“

„Aa ja de faa væl koma inn daa,“ sagde Gygri. So fingo dei Mat og Drikka, og so lagde dei seg.

Ved Midnættes Leite kom Jøtulen heim, han var so ill og vond, at det var so det riste i heile Berget.

„Tvi! det tevar Kristenmanns Tev her!“ sagde han.

„Aa ja, kjære Far!“ sagde Gygri, „det er tvæ fina Jomfruer, som fingo Hus her i Naatt; dei laago hjaa Syster di i næmaste Berget i Naatt var, og hjaa hi Syster di i Gjærnaatt og dei skulde helsa oss Godnaatt, at dei liva herlege og væl; og dei hava laant deim Bergarennorna sina, kvar ifraa seg, og det same fær du gjera.“

„Kvart vilja dei?“ sagde Jøtulen.

„Aat den gylte Skog,“ sagde ho.

„Aa dit koma dei aldri,“ sagde han, „eg kjem derifraa no, eg.“

„Aa jau Far,“ sagde Gygri, „um du hjelper til og fortel meg, kvat dei skulo segja.“

„Eg fær væl det daa,“ sagde han. „Fyrst læt du deim faa væl Mat aa Drikka, og so sadlar du Bergarenna aat deim, og ho finn Vegen aat den gylte Skog, og der stadnar ho; so skulo dei strjuka henne paa Lendi og segja det: „der du tok Aabiten, skal du taka Kvelden,“ so gjeng ho attende aaleine. Men Garden, dei koma aat, er beint svart, og uti Garden stend ein Kar og høgg Ved, og han er svart, og han bid deim ganga inn, og det skulo dei gjera, og naar dei koma inn, so er alting svart: der sit ein svart Kar paa ein Stol paa Golvet, og ein svart Kar ligg der burti Sengi. Og so skulo dei inkje vera bljuga. Han synest vera so ill, den som ligg burti Sengi, men det skulo dei inkje ansa: dei skulo eta og drikka det, dei faa. Og fyrst dei daa faa etet, so skal Kongsdotteri ganga avstad og kyssa den som ligg burti Sengi, men Gjenta, som er med henne, skal kyssa den som sit paa Stolen paa Tilet, og daa verd det tvo fine Riddarar utav deim, og daa verd Garden maalat og gylt baade innan og utan, og daa kjenna dei einannan atter og daa vita dei sjølve korso dei skulo fara aat; men du maa segja deim væl fyre no, som eg heve sagt.“

So tok han ut i Morgonkvisli og vilde gjæta Geiterna sina. So daa dei vaaro utkvilte, riso desse tvæ, og so gav Gygri deim duglegt Mat og Drikka og fortalde deim so væl alt det som Jøtulen havde sagt. So fingo dei Bergarenna og ho rettleidde deim aat den gylte Skog; og strakst dei struko henne paa Lendi og sagde ved henne det, „der du tok Aabiten skal du taka Kvelden,“ so foor ho attende.

Garden, dei vaaro komna aat, var svart, so som Trollet hadde sagt, og ein svart Kar stod uti Garden og hogde Ved, og han bad deim ganga inn, og det gjorde dei. Daa dei komo inn, so var alting svart: ein svart Kar laag i Kvila og ein sat paa ein Stol paa Tilet. Han sette fram kvaar sin Stol aat deim, og bad deim setja seg.

„Vilja dei ’kje sitja, so kunna dei standa,“ sagde den som laag i Kvila, og var so ill.

„Aa jaumenn vilja me sitja,“ sagde Gjenta, — ho var so frisk paa Munnen ho, — „me ero so passa trøytta,“ sa’o.

So gjekk han stad og gav deim nokot Drikka, den som sat paa Stolen, og bad deim drikka.

„Og vilja dei ’kje drikka, so kunna dei gjera, kvat dei vilja,“ sagde den som laag i Kvila.

„Jaumenn skulo me drikka,“ sagde Gjenta, „me ero so passa tyrsta,“ sa’o.

So lagade han til Mat aat deim og bad deim ganga burt aat Bordet og eta.

„Og vilja dei ’kje eta, so kunna dei ganga forutan,“ sagde den som laag i Kvila.

„Aa jaumenn skulo me eta,“ sagde Gjenta; „me ero so passa svoltna,“ sa’o.

Daa dei so hadde etet og takkat fyre Maten, daa gjekk Kongsdotteri aat Kvila og kyste den som der laag, og Gjenta kyste den, som sat paa Stolen, og daa vordo dei tvo fine Riddarar; daa vardt det Gleda og Gaman, for daa kjende dei einannan: denne, som laag i Kvila, var den som var kastad Fugleham paa, — og daa var han fridd ifraa di —, og hin, som sat paa Stolen, var ein Kongsson som aatte Garden „den gylte Skog“: for no stod Garden der maalad og gylt alle Stader og han laag i ein fin Skog, der kvart Tre syntest vera gylt. Og denne Kongssonen tok Gjenta til Kona og han i Fuglehamen tok Kongsdotteri, og so vigde baade Pari paa ein Dag og Brudlaup heldo dei i fjore fjortan Dagar. Og medan dei lagade til Brudlaups, sende Kongsdotteri Bod heimatt til Rikeborg til Fader sin, at han skulde koma til Brudlaups til henne. Og den Tid Gygri, som var Stykmoderi, høyrde, at denne vardt so væl gift og skulde verda Erving aat Garden, — ho hadde tenkt, at ho aldri skulde seet denne meir, men at ho skulde fenget Garden med Lut og Lunnende aat Dotter si —, daa vardt ho so sinnad, at ho gjekk av og hengde seg upp, og Dotter hennar vardt likeso sinnad yver at ho inkje skulde verda gift fyre Kongsdotteri og faa Garden, og so hengde ho seg upp.

Men Kongen foor med alle sine velduge Riddarar aat „den gylte Skog“ og drakk Brudlaup aat Dotter si. Aa daa det var umme, tok Fader hennar baade henne og Mann hennar med seg attende til Rikeborg, og der vordo dei Ervingar til alt, som Kongen aatte og hadde, og der livde dei herlege og væl.

So gjekk det med deim. Og den som inkje vil tru det, kann gjera kvat han vil, for eg veit at det er sant: han liver den sidste som fortalde det.