Den burtkomne Faderen/XXXV

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 81-83).
◄  XXXIV
XXXVI  ►

Eg segjer: «Kann du kje med Grunnar læra meg Gud og eit anna Liv?»

Han svarar: «Du veit kva den skeptiske Filosofi segjer, den gamle Visdom som alltid vert ny: Tanken kann skilja sund og løysa upp; berre Live kann byggja og skapa. Alt vert med Grunnar rivi som med Grunnar er bygt. Skal du leva paa noko, maa du leva deg til det.»

«Alt me elles veit, er bygt paa Grunnar.»

«Alt me elles veit, er bygt paa Røynsle, og endaa berre trur me det.

Du kjenner dei vise? Der er tvo Kunnskapsvegar, Tanken og Røynsla; dei er baae gode; ingen av dei fører fram. Klaart viser dei tenkjande oss, at Røynsla sviv i Lufti; klaart viser dei røynande oss, at Tanken driv i Skyerne; alle vedgjeng, at Vissa ikkje er aa naa. Og den skeptiske Visdom vert alltid ny: inkje noko er sant; alt hev Rett so langt som det tener Live.»

«Den Vissa eg hev um Gravitationen, er eg nøgd med.»

«Eg og. Men kva Grunnar hev du for Gravitationen? Me trur paa det som me røyner oss til.»

Me talar meir um Vitskap; og han segjer:

«Me maa vita alt. Heile denne Verdi maa me røyna ut, og oss sjølve med; og me maa vita kva det er me kallar Live.

Kann henda er me som Baani, som riv sund Leikurne sine og vil sjaa kva som inni er; og naar dei det hev set, er dei leide av Leikurne sine. Men endaa maa dei riva dei sund. Og so er det med oss. Det nyttar korkje Baal eller Bann: Galilæi maa rekna og mæla.

Kor det daa gjeng med Trui?

Den Verdi som er, granskar me ut. Det som du kallar Tru, det hev berre med den Verdi aa gjera som me skal skapa.»