Den burtkomne Faderen/XLVIII

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 112-113).
◄  XLVII
XLIX  ►

Hugverken er ikkje burte. Inst inne kjasar han sitt gamle Kjav; og Bringa er tyngd og saar, og eg maa agta meg, at ikkje Angesten skal vakna.

Det er det at eg ikkje fær tala ut. Ofte vilde eg skrifta for Bror min. Men eg kunde ikkje. Det er sùmt eg skjemmest av. Og unemnd Synd er som ei Mare og ein hard Brystknute.

Det er ærlegt aa halda Bank. Og den andre var verre Blodsugar enn eg. Men Tunga stivnar, naar dei Minni kjem, og eg kann ikkje faa sagt det.

Ein kann ikkje skrifta for seg sjølv. Ein hev kje Mot til aa sjaa seg i Augo og segja heile Sanningi. Det er som ein Operation. Ein orkar ikkje aa vera aaleine med seg sjølv, naar ein skal leggja si Sjæl opi.

Ein anna skynar halvkvedne Visur, og gissar og ser hva ein meiner og vil hava fram, av Mæle og Minespel og Augnelag; og ein tarv ikkje segja dei siste pinefulle Ordi. Og han hev eit mildt Auga og eit lempande Ord, naar han ser at ein vert rædd; og han segjer Ting som ein sjølv ikkje kjem paa, og som kann letta og lindra. Og berre det at han sit roleg og held ut, og ikkje rømer som for noko stygt, er der Hjelp i.

Ein Dag naar eg er sterk vil eg tala med Sant Paal. Han hev fortalt meg sitt Liv; og englerein er han mot meg; men so mykje hev han røynt Verdi, at han kann skyna meg. Og han dømer ikkje strengt utan um seg sjølv.

Det vilde letta so godt. Og eg fekk sova betre um Næterne.