Den burtkomne Faderen/XLVII

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 110-111).
◄  XLVI
XLVIII  ►

Eg kann ikkje døma um hans Tru; men eg kjenner magti av hans Gjerningar

Og Von er der i den Tanken, at ein skal leva rett, og gjenom Liv finna Ljose. Daa er det ikkje lenger stengt. Fyrr skulde eg visst dette.

No er det for seint. Der er ikkje Magt i meg lenger. Med Helsott i Bringa byrjar ingen eit nytt Liv.

Eg vert veikare. Berre sume Dagar er eg uppe, og berre ei lita Stund. Sist var eg uppe for lengi, og daana burt der eg sat; etter det laag eg sengfast i mange Dagar.

Men Verken er linnare. Og Tokterne kjem sjeldnare. Og Hugen er meir roleg. Eg er vel for trøytt. Men stundom tenkjer eg det er Sant Paal, som driv det vonde burt med sine sterke Ord, og med Varmen av sitt gode Hjarta.

Lengi trudde eg det ikkje, men endaa er det sant: at Menneskje kann hjelpa Menneskje. Og ofte tenkjer eg med meg sjølv: han hev Lækjekraft, um han ikkje veit av det.

Kanskje dette er ei Vending i Sjukdomen min? Klarar eg Vaarknipa, so klarar eg Sumaren; og vert den god, klarar eg meir. Gjerne tok eg no nokre aar til, daa eg hev funne eit Menneskje som eg trur paa.