Den burtkomne Faderen/XLIX

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 114-116).

Eg fekk fortelja Bror min alt. Og ei tung Byrd er teki av meg.

Signing yvi eit godt Menneskje! Ingen veit kva eit godt Menneskje er utan den som lid Naud. Men han veit det, og han skal vitna paa Domedag.

Sæl den, som hev det sonande Ord og den hjelpande Hand! I honom vandrar den heilage sjølv um paa Jordi enno og all Tid.

Og Siger og Fred samlar seg um hans Hovud; og han skal ikkje smaka Rædsla, men gaa inn i det ukjende som i en ljos Draum.

Amen. Alle Guds heilage vitnar dette, og dei som lid, sannar med: ja, ja! Signing yvi den som kjem i Herrens Namn; Helg i Høgheimen yvi den hjelpsame!

Men dømd er den, som fører vondt yvi eit Menneskje, eller piner det, eller brenner det i Sjæli med Vanvyrdnad og vonde Ord, eller ser Fall og Naud og ikkje rettar ut ei Hand, at han kunde gjera Uppreisning. Dømd er han, og ein utestengd; og Rædsla skal vera yvi han; og naar han kjem paa den vonde Dagen og bed um Fred, finn han kalde Augo og ingen som kjenner han.

Dette er min Dom. Eg ser det og skynar det og bøygjer meg for Domen og tek mi Straff; for i Refsing er Soning naar ein tek ho som Refsing, og ber ho som Bot, fast og friviljugt.

Men dei som var mine Djevlar og pinte meg, tilgjev eg; for mot meg gjorde dei det dei skulde; og deira Synd er deira Sak. Eg skriv til dei eg kann naa, og gjer Fred; for daa eg sagde Sanningi, at eg hatar dei, svara Bror min: «du ska endaa tilgjeva dei; for naar du hev gjort vèl mot din Fiende, vil du kje hata han lenger.»

Men dei eg hev synda imot og ikkje lenger kann naa, paa deira Vegner tilgjev Bror min meg i Guds Namn, so sant som eg sjølv tilgjev, og so sant som eg viljugt ber mi Refsing.

Og den store Tyngdi sig av meg, og eg andar friare.

Og no kjem Vaaren med Sol og linn Luft. Og alt Liv vaknar. Eg fær Mod og vert glad. No, daa eg hev funne ein god Bror, hev eg meir aa staa imot med.

Kunde eg faa leva nokra Aar til, og leva eit nytt Liv, so trur eg enno eg kunde finna Faderen.