Den burtkomne Faderen/XL

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 95-97).
◄  XXXIX
XLI  ►

Han var her med ein Potteblom, eit lite fint ungt Tre; det hev alt Knuppar og sprett snart.

«Dette,» segjer han, «hev eg tigga meg til; og du skal ha det til aa sjaa paa no, daa det tek til aa vaarast. Men du skal sjaa vèl paa det.

Veit du kva Mystik er? Naar du ser paa slik ein Blom, og ser at han veks, so ser du det mystiske.

Ser du? I den vesle Krusi er der ein Neve svart Jord. Av den Neven svart Jord lagar denne Voksteren det du her ser: Rot, Legg, Grein, Kvist; so Blad og Knupp; so Blomar og Frukti. Men alt ihop og kvar serskild Ting so forunderleg gjenomtenkt og gjenomført. Alt ihop og kvar serskild Ting i Former so fine, at ingen Kunstnar kunde finna paa slikt, og med Lìter so utsøkte, at vaare største Maalarar med all sin Teknik og alle sine Fargar ikkje kann gjera det etter. Alt dette fær slik ein Vokster fram av ein Neve med Mold. Og den Moldklumpen reint ut strøymer det fram med Former og Fargar og utenkt Fagerdom. Det er som Blomen hadde Røterne sine i Æveheimen, inne i Guds Skapardraum; slik vell det og strøymer med Liv og Venleik.

Og dette er ikkje noko som hev hotta til og hendt ein Gong i Verdi av eit Horve Høve. Og ikkje berre denne Voksteren hev slumpa til aa faa slik ei Løyndoms Kraft. Kvart Aar hender det, og Millionar Vokstrar kann Kunsten. Og kvar hev sin Maate; kvar hev sine Lìter og Former, alle gjenomtenkte med den finaste Kunst, og alle gjenomførde og fasthaldne so klaart og so strengt, liksom kvar Vokster hadde Teikningar aa gaa etter. Men endaa aldri tvo likt.

Ja, sjaa paa dette; og tenk deg inn i det Avgrunns Djup av Gaate, som opar seg berre i slik ein liten Blom. Og høyr etter, um denne Blomen ikkje skulde ha noko aa segja deg!»