Hopp til innhold

Dei tvo Gardemenn

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer (s. 130151).

Dei tvo Gardemenn.


Her paa ei austlensk Bygd var i dette Mannaminne ein Mann, som het Olaf Berge. Han var fjorde Sonen paa ein liten Gard, so han hadde ikke Arven at taka til, og derfor sagde han, daa han var so framimot vaksen: „her er ingenting at vera etter for meg her heime; eg lyt til Byen og sjaa, om det ikke skulde vera større Utveg der.“

So foor han til Byen daa; men han var endaa uvis om det, han skulde taka seg til. Lærdom var han ikke lagad for, endaa han hadde lett for at lesa; men han var handig, so han hadde lært at gjera alt det, som høyrer til ein Gard sosom at snidkra og smida og sauma baade med Naal og Bust. Han hadde jamvel gjort ei Stoguklokke, som vel ikke var fin og heller ikke fullgod, men som endaa gjekk utruleg godt. Handelen hadde han og Hug til, og det største Næmet hans laag kanske netup der; for om det var berre ein Kniv han kaupte og selde og bytte, so skulde han altid tena ein Skilling paa den. Han hadde derfor alt lagt seg up ikring eit Kuværd, so han var ikke so stor Fanten endaa, naar han kom til Byen.

Men han likad ikke Handelen heller so i det smaae; for han kom etter, at han laut ljuga vel myket, skulde han tena rett godt; og det var langt fram til at faa somange Pengar under Hand, at han kunde handla større og vera meir sannsagd. Han gjekk derfor in i Garvarlære og handlad berre med eit og annat smaatt attaat.

Men, han likad ikke Garving heller, og so gjekk han in i Urmakarlære og var der eit Aars Tid. Han tok seg so vel fram der, at Meistaren sagde til honom ein Dag: „Naar du heve stadet ut Læra di, so kan der verda myket til Mann af deg; men du maa ikke halda paa med denne Klokkeplanen din. Haldt deg til den javne practiske Gjerning og drøym ikke om at faa slikei Sangklokke istand. Den er ikke til nokonting, og Umaken løner seg aldri.“

So vardt han skriven ut til Soldat; og daa han var leid for han fekk høra illt for Klokkeplanen sin, so vilde han ikke ganga in i Borgarcorpset men hvervde seg. „Det gjelder inkje uprøvat,“ sagde han, „og eg fær vel Tid at læra nokot og finna ut det, eg er bedst lagad for.“

Han førde seg godt up i „Gardisonen,“ var vaken kom Fuglen til si Tid, og heldt Gevær og Bajonet og Mundering og alt so blankt, at du kunde spegla deg i det. I Handgrip og Fotslag var han som dei beste. „Du lyt standa paa Tipp og Taa og vera plent som ein Pundare, naar du tener Kongen,“ hadde Olaf lært. Og derfor vardt han og vel likad og fekk mangei Fritid til at stella med den Sangklokka, som altid sat i Hovde hans, og so til at handla med eit og annat og ellers tena seg ein Skilling attaat med Klokkepynting og Erind.

Ja denne Sangklokka. Det var ei Stoguklokke, som spilad ein Slaat etter Slaget, han hadde høyrt der up i si Bygd, daa han var mindre. Og dette gav honom in den Tanken at gjera ei, som kunde spila ein Vise- eller Salmetone. „Kvert Aar eg er heimatter høyrer eg paa denne Klokka,“ sagde han, „og det er liksom Klokkemakarens Aand eg skulde høyra. Han heve liksom lagt den etter seg atter i Spilverket sit. Klokka mi skal tona atter i ein betre Song.“ „Det er Synd om deg, som er slikein flink Gut, at du skal fara etter slike Grillor“ var Svaret han fekk af den gamle Meistaren sin, som han sagde dette til. Han hadde Lov til at koma dit paa Verkstaden og sjaa etter og læra meir, naar han hadde Tid.

Daa han hadde tent ut, foor han heimatter om Vaaren, og var der paa Garden hjaa Broder sin i Slaatten om Sumaren. Der vardt han kjend med Grannedottere, Anne, som berre var ei Smaagjente, daa han først foor heimanfraa. Hennes Fader var daud, so ho hadde fengjet Fadersarven sin. Den var heile tri hundrad Daler, so det var myket til Gjente der i Bygde; og ho var fin og so klok, at ho kunde alt det, som høyrer ei gild Gjente til. „Eg heve sjølv lagt meg up in paa tusind Dalar,“ sagde Olaf med seg sjølv, og fekk eg hena, so kunde me kaupa ein liten Gard. Det er so vaalundt i Byen og, og eg er ikke so frisk og sterk, naar eg er der.“

Ja, han sveiv daa etter Anne, og ho skynad snart Tanken hans, og meinte at Olaf kunde vera likso god som nokon annan. Det gjekk som af seg sjølv dette, alt til det var afgjort altsaman.

Det raakad so til, at der sama Hausten var ein Gard tilfals i Grannelaget, og Olaf kaupte den, endaa han hadde ikke meir en det halve Værd; men han hadde god Tiltru, og so var det faste Pengar i Garden det andre. „Det er vel eit Vaagan, om me gifta os no i Vaar,“ sagde Olaf ein Laugardagskveld til Anne, „men eg maa so hava ein Hushaldare paa Garden, kvaar som er, og so er det likso godt, at du verdt det fyrst som sidst. Det er nokot pinsamt er det at ganga lenge trulovad.“

„Som du vil,“ svarad Anne, „og naar me leggja smaatt i Vegen, so kan det vel ikke vera so faarlegt med det. Eg skal nok gjera like for Mat og Klæde, eg og, skal du sjaa.“

„Eg heve aldri voret rædd for at koma fram,“ meinte Olaf; „naar Folk bruka seg, finna dei altid ein Utveg; og det er tidt likso billigt som det er godlidande for Mannen at hava seg ei Kona.“

„Ja du kan tru eg skal kara,“ meinte Anne, „og verdt du liksomyket om deg som eg, so skal det ikke nauda.“

Dei gifte seg daa, og det gjekk godt nokre Aar frametter. Det var gode Aar, og der var meir Timber i Skogen en han trudde, og han ytte af Garden meir en Folk vaaro vane til det der i Bygde. Anne var lykkeleg til at upala Buskap og han Hestar. Og naar han bytte Hestar, so gjorde han det for det meste so godt, at han hadde den fjorde gilde Hesten for ingenting, naar han hadde bytt tri Gonger. Naar Mannen siter med ein stor Gard, og ikke tarv sjaa for myket paa Fodre, so kan det endaa vera ein ærleg Handel; og det var ingen som kunde segja annat, en at Olaf var ein greid Kar.

Daa han no hadde greidt det verste fraa seg og saag, at han naadde fram, so tok han til at tenkja paa Klokka si atter. Han tok og til at lesa meir, og alt dette gjorde, at han ikke dreiv Garden som før men tidt gjekk i Tankar. So kunde han sitja heile Dagar med det Klokkemønster, han sat og gjorde seg up. So tok han det sundt og so sette det ihop atter og stelte med Spilverket. „Gud betre meg for deg Olaf,“ sagde Anne tidt, „Du er ikke som i gamle Dagar, og du seer det gjeng tilatters med os kver Dag.“ „Vent no,“ sagde Olaf, „so skal du faa sjaa, at eg gjerer nokot, som eg baade kan gilda meg af og tena Pengar med. Denne Tanken stend for meg; eg kan ikke faa honom ifraa meg, før alt er gjort.“

Men ingenting vardt gjort. Han reiste til Byen med Mønsteret sit, og kostad Pengar ut paa mange Maatar, og Anne gnaalar og sutrar, og Olaf gretnar og leidnar. „Der er ingen stor Tanke i deg, Kjering,“ sagde han ein Dag. „Aa nei, kven kan venta slikt af Kvendfolk.“ — „Er slikt store Tankar“ meinte Anne, „so er me Kvendfolk kloke, som ingre hava.“

Og slikt tok det eine Ordet det andre, som det tidt kan henda millom dei beste Parfolk. Men so var det ein Kveld Anne kom up paa Loftet til ’n Olaf, der han sat og stelte med Spilverket sit, og ho spende etter det med den eine Foten. „Er du vitlaus Kjering!“ kvad Olaf i, „rører du det, so veit du ikke hot eg kan gjera. Eg varar deg, og du veit eg er ikke at fjasa med, naar eg rett verdt Aalvor. Høyrer du Kjering! Det maa hava voret deg, som sette det i Ulag her ein Dagen, daa det vardt skuldad paa Smaaungane.“

So reid dette af for den Gongen; men det vardt kaldare og kaldare millom deim. Olaf var ikke den, som trættad „med Born og Kvendfolk,“ men han kunde gjeva eit og annat vrongt Ord ifraa seg, naar Anne, stakkar, mulde og mool; for det er ikke so godt at vera Kone helder, naar Mannen slikt slær seg paa underlege Ting, og det gjeng attende med Huset. Og det verste var, at ho tok til at fæla for Vitet hans. „Gud betre meg for os,“ tutrar ho ein Dag for seg sjølv, daa han var ut i Skogen, „om eg no brende Mønstret hans up, so kanske han kom ut or alle desse Tankar, naar det reint kom burt for honom. Han er strid; det han vil, det vil han, og han kunde gjera det verste baade mot meg og seg sjølv. Men nokot maa eg finna paa.“ Og dermed tok ho Spilverket og heiv det lukt paa Elden.

Om Kvelden kom Olaf heimatter, og daa han spurde etter Spilet, som han ingenstad kunde finna, svarad Vesl’olaf: „Fa’r! Mo’r brende det up i Dag.“ Olaf vardt kvit som Krit; og daa han fekk Mælet for seg, sagde han: „Ja no Anne, no er det ute millom os; eg toler ikke at sjaa deg for Augo mine etter denne Dag. Ut, ut or Huset med deg! og vil du ikke ganga, so hentar eg Lensmannen og kastar deg ut. Det verdt vel Bygdesladder, men det fær vera det sama. Vil du taka med deg den mindste Gjentungen, so gjer det. Du veit eg lyt syrja for deg og alle; eg veit mi Pligt. Gakk til han Storbonden, Svein Sandbu han vil kunna gjeva deg Raad no liksovel som daa han eggjad deg up mot Arbeidet mit ved at læ aat det. Gakk til kven du vil, men kom ikke til meg! kan ikke du koma ut i Kveld, so kan eg! men i Morgon tidleg, naar eg kjem atter, stryker du.“ Og dermed gjekk han.

Olaf stod fast, og alt det Anne gret og let, so var det som at tala til Steinen; og naar Anne kom in, so rømde han ut, og ut fraa Huset laut ho. „Det er fælt at sjaa seg nøydd til at gjera slikt,“ sagde han, „men det er raadlaust med det. Ho kunde likso gjerne hava tekjet Livet mit.“

Daa han no hadde fengjet skipad til Huset atter, og stelt det paa beste Maaten med hena og Borne, — for han var snild og godhjartad — so tok han paa etter Minnet at gjera Mønstret sit upatter, og han gjorde det nye betre en det gamle. Han fann Knipet med Tanken sin, og til Byen foor han, og synte det fram, og den gamle Meistaren hans sagde: „Ja, ja, dette er godt og vel, og det kan vera til Ap og Gap men der er ingen Nytte med det.“ Dette var imidlertid nok for ’n Olaf. Det var ikke meir han vilde. Og han fekk seg ein Verkstad der heime paa Garden og tvo tri Læregutar, og desse Songklokkune, som sidan vardt kallat Bergsklokkune, likad Folk so godt, at han fekk god Afsetning paa deim, og tente up atter sine gamle Tap. Og dermed tilgav han Anne og. „Hadde ikke ho brent up det gamle Mønstret,“ sagde han, „so kanske eg aldri hadde funnet ut den rette Vending med det. Det er fyrst naar det leitar paa, me finna det beste.“

Unge Svein Sandbu var en gjæv Gut; han var einaste Sonen paa den store Garden, og Faderen aatte i tusindviis attaat. Timberskogen stod der spard, so han var som Hamp, og Faderen sagde altid, naar Folk meinte, at det vilde gjera godt at hogga nokot ut i den: „Ikke ein Stokk skal koma paa Strandbakken. Det skal vera, til han Svein Son min tek imot Garden og lyt løysa ut Syster si. Slikt var det altid her paa Sandbu, og so skal det vera etter meg og.“

Svein lærde tidleg at lesa; for Faderen sagde: „Gutten skal faa Boklærdom. Folk taka til at vera so kloke no, at eg kjenner meg tidt skamfull, for eg heve lært so litet; og Svein vesle skal ikke hava det Anket paa seg, naar han eingong verdt Gardemann. Eg er altid før til at kosta sovidt myket paa Guten.“ Men Svein var tungnæm, so det gjekk ikke so fort. „Han er ikke lagad for Boke, sagde Skolemeistaren der i Bygde ein Dag til Mo’r hans. Men ho meinte han sagde so, for han sjølv kunde so litet. „Svein er den klokaste liksovel som den rikaste Guten paa lang Veg.“ „Aa dit Narr,“ svared Faderen, „Du er liksom alle galne Kjeringar og Kraaka, som spurde Reven etter den fagraste Fuglen i Skogen, den stygge Barnsungen sin. Eg fæler for det verdt Tufs med Guten baade med Boke og annat. Du skjæmmer hanom ut og med all den Godlaaten. Men, det er ikke nokot at røda om dette. Me faa taka honom som han er og gjera det beste ut af honom. Eg rødde med Presten her ein Dagen, for eg heve alt lenge seet, at det verdt ikke nokot af med Guten her i Bygdarskolen, og Presten raadde meg til at taka ein Huslærare. Det verdt dyrt. Men, eg stend no vel ut det og.“

„Ja, der kom daa ein Huslærare til Gards. Og Svein kunde altid hava lært til vanlegt Husbruk; men han var so lat. Og daa han altid af Tenestefolk og Andre fekk høyra, at han var den einaste Sonen til ein so rik Mann, so trudde han at han altid kom fram, om han ikke las so myket. Der var tri fire Huslærarar; for daa dei sagde til Moder hans, at det gjekk traadt med honom, so vardt ho vond og vilde ikke hava deim lenger. Men so flink vardt daa Guten, at han stod fremst for Presten, endaa vonde Tunger meinte, at dette var, for han var ein so rik Manns Son. Men du kan vera for hard mot Presten og. Svein hadde jamvel lært andre Tungemaal, og sit eiget kunde han altid sovidt, at han fekk ut si Meining, om det so var med alt det Knot. „Eg talar ikke som Heimefolk,“ sagde Svein: „eg vil vera ein cultiveret Mann.“ Og derfor kallad han seg ikke lenger Svein, som var so breidt og bondsk, men Svend.

Han vilde vera klok Guten, og derfor amad han paa med det, at han skulde til Hovudstaden paa ein Storskole nokre Aar. Faderen meinte, at Guten etter all den Kostnaden maatte vera boklærd nok no, men Moder hans heldt med honom som altid, og afstad kom han. Eg vilde segja det usannt var, dersom eg sagde, at det var læra han vilde. Det var at sjaa seg om og vera fri for Faderens bondske Tankemaate, og so vera Storkar, det var det. Derfor kan du vel og vita, hot Slags Skolegang det vardt. Han tok dei dyraste Lærarar. Men, det er ikke Læraren, som skal gjera deg klok. Det lyt du sjølv gjera. Læraren er liksom Rullekrakken med Hol i, som Barnsungen lærer seg til at starta og ganga med. Den Vesle maa kreka og krabba og starta og taka seg eit Stig og so detta og risa upatter sjølv, skal der verda Gang af. Derfor kan du vel vita, hot det var for ein Lærdom Svein fekk, daa han las solitet sjølv. Men han lærde af Omgang og af alt det han saag og høyrde i Byen, so der kom liksom ei kvit Kalkskorpe utanpaa den grove Muren. At denne kom til at flagna af i Frost og Regn var so rimelegt; men han saag kvit og fin ut, solenge Godvedret varde.

Der var Syndehus heime, naar Svein skreiv etter fleire og fleire Pengar. Det var Gut, som ingen Smulegraatar var med Skillingen. Han gjorde Lag og baud til seg Søner af Statsraadar og andre Storfolk; og so vardt han boden ut atter imillom; for han var rik, og det kunde vera ein „Proprietær“ at faa for dei styggaste og eldste og leidaste af disse fine Bydamer, so det var altid ein Kar, som det var værdt at bjoda til seg. Han var snil og velskapt og daa han altid gjekk med flunkande nye fine Klæde, so var han reint ein „Gentleman“. Han hadde godt af Munnen, og daa han no kunde dansa og, so var han ein Selskapsmann af Velten, so det slett ikke var umogelegt, at han kunde faa ei Bydame og. Men, han „ranglad“ vel myket, og om dei unge fine Herrar aat og drakk aldri somyket paa Pungen hans, so gaavo dei honom ikke altid det beste Lov for Systane sine. Han var med alt mistenkt; men, han var so rik, at han endaa var den Karen, som det kunde vera værdt at tenkja paa.

Ei Jol han var heimatter, sagde hans Moder til honom ein Dag i Einmæle: „Her gjeng det Ord i Bygde, at du tenker paa ei fin Bygjente eller „Damme“. Det er daa vel ikke sannt det, veit eg? Du skulde heller tenkja paa ’a Sigrid Nordigard; det vilde høva betre. Eller kanske ho er rik denne „Damma“? Men rikare en Nordigardsgjenta er ho vist aldri. Og so ero slike fine Folk dyre at halda sitjande paa Straa. Og so veit du ikke heller, om der er den rette gode Naturen i hena.“

— „Du talar som ei Bondekone, gjerer Du Mo’r. Folk hava aldri den rette Elsken so paa Landet. Det er Rikdom og det rette Styr og Stell i Huset dei spyrja om. Men Hjarta, Elsk og Finleike hava dei ikke dei rette Augo for.“

„Gud betre meg for deg, Barnet mit,“ sagde Moder hans. „Du er utskjemd i Byen, høyrer eg; Du fær nok kjenna det, men daa er det forseint.“

Faderen kom in og spurde: „hot er det for Hus og Leven?“ Han fekk høyra det og brast i: „Me kunna ikke elska paa Landet? Hm? kanske me kunna ikke eta heller der?“

„Det er nokot annat det,“ meinte Svein.

Paa ingen Maate,“ svared Faderen, „Maten er for det eine Slags Liv og Elsk for eit annat, men det er for Livet vaart altsaman. Me eta ikke altid med Gaffel her paa Landet, det er sannt. Og me bruka heller ikke stort af Pipare og Senep og alle hine Slikkediskar, det er greid god sterk og stundom sur Mat, men den, som vil taka eit Tak med os, han skal kjenna, at det ikke er Fodring med Fjas. Me ganga ikke som gjødde Griser, men der er Senar og Segar (Muskler) i os. Det kan vera stygt, men det er sterkt. Slikt er det med Elsken vaar og. Vil du Gut, eta og elska som me, kan du vera heime, men vil du taka det paa ein annan Maate, so kan du fara ut og vera Fant for deg sjølv. Høyrar du det, Narret mit!“

„For Guds Skuld, Mann! tak det ikke so hardt,“ sagde Mo’re tutrande.

„No kjem du atter paa det gamle Viset dit,“ sagde Faderen, „og skjemmer Ungen ut. Du bankar, og so tek du deg liksom atter og kjæler Guten endaa meir en før. Derfor vyrder han deg heller ikke meir en som so. Du fær nok kjenna det; men daa er det forseint.“

Ja, Svein vardt heime, somyket vann daa Faderen fram; men med Mo’r si fekk han meir og meir Bukt, so ho gjekk in paa, at den Bydamen, han alt hadde lagt seg til som Kjæraste, var den beste, han kunde faa. Ho het Amalia, men etter den fine Byskikken var Navnet forkortad til Malle.

Ja, der kan du tru var Kjærleiksbrev so søte som Sukker millom honom og Malle. Han tok Mønstret ut af dei mest smørsmilande Romaner, og ho svarad i sama Stil, men det var meir Natur og betre Uplæring hjaa hena. Det var ikke det Knot som med han Svein. Den var som Silkesokkar i Tresko Stilen hans. Og den Gong han fridde var det no endaa verre. Han fall paa Kne og kyste hennes Hender som paa Theatret, og trugad med at han vilde skjota seg ihel, om han ikke fekk Ja.

So kom ho derup eingong og skulde sjaa Garden sin. Det var Sukker kan du tru. „Det er daa Fanden til Slasking og Kyssing med dikkon,“ sagde Faderen ein Dag. „Det er so ult at det kliktar i meg. Vilja de gjera slikt fyre Tide, so kunde de daa gjera det, so ingen saag det. Du Kjering, du veit, eg aldri kyste deg, naar Nokon saag paa det; og eg heve ikke voret vond mot deg for det.“

Malle tok til Graaten.

„Malle mi, Malle mi,“ sagde Svein; „kjære graat ikke. Han er ein Bonde Fa’r, og heve ikke den fine Følelse som eg og du.“

Faderen gjekk ut og mumlad: „Eg vil ikke saara meir den stakkars Gjentungen. Me hava ikke fin Følelse som du! Hm. Alt det Fantevæsen eg heve seet, dei kyssast det eine Bilet og slaast det andre. Det var Finleiken det.“

Malle reiste til Byen atter Dagen etter, og Svein fylgde med for at gjera det alt godt atter; men Malle slog up med Kjærasten sin, for ho sagde ho turde ikke koma i Huset til slikein Bjørn. Svein foor heimatter og vardt sjuk, og Moder hans sagde til Faderen. „Du dreper denne arme Son vaar med den grove Munnen din. Han døyr af Elsk. Slikt elskar „Culturen“, høyrer eg han segjer.“

„Cultura meg up og cultura meg ned,“ svarar Faderen; „den, som døyr af slik Elsk fortener ikke at liva. Minnest du den gamle Visa?

„Med Kys og Kjæling er aldri Naud:
Af Elskesjuken ligg ingen daud.“

Men med alt det, han kvad eller ikke kvad, so fekk han ikke Ro paa seg, før han laut til Byen og tala med hena og Fa’r hennes og gjera det godt atter. So lagde Svein til Byen, og ho fylgde der heim atter, og Gamlen maatte tola all den Kyssing og Klapping, om det var so, han sat og beit ihop Tennane. „Det verdt ikke Fred med det, før de faa koma ihop,“ sagde han ein Kveld, „og so surnar vist det Søte sovidt myket, at Folk faa Ro.“

Der vardt daa Giftermaal, og Brudlaupet varde baade vel og lenge.

Svein mool med Mo’r si, at ho skulde faa Faderen til at gjeva up Garden. Men han fylgde den eldre Skik, som ikke so snart gav up Gardane som denne nokot yngre Sedvanen. Han sagde til Son sin ein Dag. „Eg veit vel at du fær Garden ein Gong, men ikke fær du den, solenge Nasabeinet mit stend uppe.“

Det veit ingen langt fram, er det sagt. Han Svein sjølv — for han het og Svein — han var ein Haustkveld ute paa Fjorden og drog paa seg so sterkt eit Krim at det slog seg til Lungesott, og han døydde før Aaret var ute. Og so fekk han Svein Garden. Denne vilde han daa driva paa den nyare Maaten; for han hadde og ei Stund voret paa ein Landbrugsskole, og mange Bøker kaupte han om Jordbruk. „Eg vil faa eit Mønsterbruk,“ sagde Svein, „so Folk skulle læra nokot, og ikke driva det paa det gamle Slarv.“ Ja, Aaker braut han up og Leirberg grov han sundt og gjenom harde Berget kunde han grava Veitor fram for at faa Utlaup. Han fylde ut Gormyrar med Stein og Leirjord; kort, han gjorde Garden som ei Dokke, og Raad hadde han til det. Fjos og alt bygde han i den gjævaste Stilen. Berre Fjøskjellaren kostad ikring 4000 Daler. Det saag ut som ein Festning. Dei gamle Hus vardt nedrivne og nye bygde up etter Teikningar fraa dyre Bygmeistarar. Maskiner af alt Slag lagde han seg til. „Det svarar seg altid best at hava alting af beste Slag,“ meinte Svein, „og ikke som gamle Folk hava det at slita og slarva med rotet og brotet. Det er til eit Fyredøme. Slike Folk som eg bør vera eit Ljos for si Bygd.“

„Ja, dersom det var nokon Varme i dette Ljoset, vilde det vera godt og vel,“ sagde Olaf Berge ein Dag til honom, for han var Grannen hans; „men eg er rædd for, at ikke eingong du, som er so rik, vil halda ut med dette, endaa der mest ingen Ende er paa Timberskogen din. Men andre Folk, som skulle liva af Garden sin, som dei tidt endaa ero skuldige paa attaat, dei vilde byggja seg utor Huset og dyrka seg fraa Jorde med slikt.“

Dei vaaro gode Venner Olaf og Svein, for alt det dei stundom kunde antrast om Gardsstell og annat. Kver af deim totte, at han var visare en den andre, Olaf med sit eldre Stell og Svein med sit nye. „Men ser du daa ikke, at Livet gjeng frametter,“ sagde Svein ein Dag til ’n Olaf. „Jau,“ svarar denne, „og eg gjeng og med, men med Maate. Du seer vel at eg og dyrkar up ny Jord, naar det heve voret eit godt Aar, so eg heve Raad til det; og du maa likeins sjaa, at her i mangt annat ikke er so paa Garden min som før eg fekk den, daa du var ein liten Gut. Men eg heve ikke Raad til at fara fortare fram, og om eg hadde det, so vilde eg ikke; for det er med denne Framgang som med Kroppen vaar: veksa me for fort, so forveksa me os, som det heiter; anten veks det indre fortare en det ytre, eller og veksa Knokar eg Brystkasse fortare en Hjarta og den andre Inreidsla, so me sjukna og sjaa leide ut. Det døyr mangein af dette. Den gode Vokstren gjeng aldri ovende fort. Du seer likeins, at den altfor feite Aakren legg seg ned og ikke mognar. Eg gjeng meir etter Naturen en etter Bøker eg, og so prøvar eg meg fram som Hesten, naar han bankar med Framfoten in paa Isen, før han stiger ut paa.“

Dei vaaro kloke baade tvo: den eine af Boklærdomen sin og den andre af Livskunskapen sin. Og dei vardt valde paa Storthinget baade tvo, for alt det at dei vaaro or sama Gjeldet. Kvert Bygdarlag skal hava sin Mann, er den gamle gode Skikken; men det var slike framifraa Karar disse tvo, at Veljarane gjorde et Undantak. „Svein er en Framskridtsmann,“ sagde det eine Parti, nog Olaf er af dei støde Folk,“ sagde det andre, og so vardt dei baade valde.

Dei vaaro alt nokot til Aars baade tvo, men Olaf eldre. Svein hadde strævat og skrivet om Jordbruk og Vegvæsen og Laan og Framstig paa alle Maatar. Olaf hadde ingenting annat gjort, en Songklokka si, og so var han kjend som ein Mann med Fyndord og ein Haldare paa det Gamle.

Dei hadde Guds Gaavor af Born baade tvo. Men Olaf tok paa vanleg Bondevis korkje dei eller Kona med seg in i Byen under Thinget. Dei komo stundom og saago in til honom. Det var alt. „Det er berre til at forvenja deim,“ meinte han, „og Kona heve ikke meir Vit paa Byen en Gaase. Ho heve nok at gjera heime og sjaa etter, naar eg er burte, skulde eg tru, og med det er ho mest lykkeleg og.“

Svein derimot hadde med seg det heile Bøle. Han livde som Storkaren, gjekk paa Theater og Concerter med Kona og allesaman. Borne gjekk i Skole, Gutarne reid og siglde imillom, og Gjentune gjekk og lærde spila. Han hadde Storlag imillom, og ute var han kver Kveld. Det var dyrt, og det verste var endaa, at han ikke fekk Tid til at gjera nokot stort. Det var vel ikke stort det, han kunde hava gjort, men nokot var det likevel. Hende det, at han reis up at tala, so var det snart merkjande, at han ikke var inne i sine Saker. Olaf derimot gjekk gjenom alt og kjende greidt den Sida, han var med paa der og der; men det var ikke meir en sovidt han lyfte up Munnen sin eit Par Gonger. „Somyket heve eg daa lært,“ sagde han eingong, „at eg veit at tigja still; for eg skynar at det skal myket til at tala, so det er værdt at høyra paa.

„Men,“ sagde Svein ein Dag til Olaf, „du er tankelaus med Borne dine ved det, at du ikke heve deim med deg og seter deim i Skole.“

„Kan so vera,“ meinte Olaf, „eg seter deim i den Skolen, som eg skynar dei ero lagad for. Tvo Gutar ero heime og driva Garden og ellers læra seg til at vera Bønder, ein er til Sjøs, ein er her i Smedlære, og ein seer ut til at vera skapt for Lærdom; eg fær no sjaa om det rette To er i honom, før eg rett seter honom i Skole. Med Gjentune fær det ganga som det kan. Kunna dei bli gode Bondekoner, so er det godt; men at setja deim i Storskole vil eg ikke. Her er nok af det Slags Jomfruer, som ingen annan Utveg hava. Landet heve ikke Raad til at føda somange fine Folk. Det er liksom med Tilsynsfolk til ein Bruk, det. Der maa vera Likning millom Drift og Tilsyn, og heller vil eg hava mine Born til gode Verksfolk en til yrkjeslause Tilsynsfolk.“

„Du er den gamle du,“ sagde Svein, „men dei, som koma fram, dei koma godt fram, og det er vel værdt at spila i det Lotteriet.“

„Du vilde driva Staten, som du driv Garden din,“ sagde Olaf snurten, og dermed gjekk dei til at vera med paa ei Rettarbot om det lærde Skolevæsen, som fyrelaag Thinget. —

Olaf kom paa Thinget atter men ikke Svein, som det meir og meir gjekk tilatters med, so Folk tok til at tru, at han ikke lenger kunde gjera like for seg. Skogen var uthoggen og Garden gjeldbunden. Borne hadde lært af Faderen at fara med Skillingen som Smaastein, alt til det skrapp ihop altsaman, og Sandbu vardt seld ved Tvangsauction. Det var Olaf, som kaupte den.

Ein Kveld Olaf sat i eit Storlag up paa Slottet, sagde han til eit Par Statsraadar: „Denne Svein’en Sandbu ljota de gjeva ein Toll- eller Controlleurpost eller nokot annat. Han heve lenge søkt nokot slikt, og han heve daa voret Storthingsmann og haldet eit godt Hus, som baade Gjest og gangande Mann er mottekjen i. Og han er likso klok han som mange andre, som faa slike Postar, og der er inkje vondt paa honom at segja. Han heve voret verst mot sjølve seg.“

„Ja,“ sagde den eine Statsraaden, „men her er somange som søkja.“

Aa, meinte Olaf, „naar de berre vilja, so gjeng det vel. Men kunde han ikke bli kringreisande Agronom; for de vita, at han Hansen, som likeins hadde sett Garden sin overstyr ved nymodens Dyrkning og stor Livemaate, han vardt først gjord til omfarande Lærare i Landshusholdning, og sidan til Toldare.“

„Du er ein Skjemtarskalk,“ svarad den eine Statsraaden.

Aaret etter var Svein Controlleur. Olaf gjorde vel nokot til dette, men Sveins Kone det meste, for ho var af stort Folk.