Hopp til innhold

Dei Olavarne

Fra Wikikilden
Det norske Samlaget (s. 78).

Dei Olavarne.


Og Olav heet Son, og Olav heet Far.
  Det Olav paa Olav var,
solenge som det var spurt til Mann
  som Eigar av Nordigard.

Det er som med Lauvet, du seer i Skog:
  Det rotnar i Flo paa Flo,
um Vaaren grønt og um Hausten gult,
  og svart under kvite Snjo.

Og Olav var stor og Olav var sterk,
  og Olav var spræker Kar.
Men endaa so vardt det altid sagt,
  at betre var gamle Far.

Det myrknar ikring deg, naar so du kjem
  frametter imot di Grav;
og difyr so hava dei gamle fyr Tru,
  at Folket det minkar av.

Men det er med Mannen og Mannaætt,
  som Grønska paa Skog og Jord:
Det er liksom Lauv og Gras iaar
  er grønare en ifjor.

Slikt var det med desse Olavar:
  der døydde ’kje Styrken ut;
for av denne store Olavs-Ætt
  den sidste var „Storegut“.

Ja, det var med detta, som naar du rett
  vil ut yver Sjøen sjaa:
Den store Bylgja kjem altid fram
  som fødd av dei mange smaa.

Men sidst av den største Bylgja verd fødd
  fraa Rulling so breid og rund
den Brotsjø, som velter med kvite Foss
  og slær seg paa Sanden sund.

Og likeins du ut paa den opne Sjø
  det vanlege Synet fær
fraa slikteit fyssande Bylgjedrag,
  at sunder seg sjølv det slær.

So verd der som stilt, der Baara brast,
  med Bylgjor so smaa i Kross,
til dess det seg lyfter eit Bylgjedrag,
  som vekser seg til ein Foss.

Og difyr kjem Fader til „Storegut“
  paa Tale somangein Gong.
Ja, han verd den Mannen i denne Segn,
  som synger den heile Song.