De gustibus non est disputandum
De gustibus non est disputandum
er det gamle velkjende Romerske Ordet, som Bokmaalet vender so, „at om Smag og Behag kan man ikke disputtere.“ Me segja: „om Liking og Misliking er det aldri værdt at ordskifta,“ og „naar eg likar det, og du likar det, so er den Sak aldri værd at tala om.“
Philosopherne leggja dette slikt ut, at det berre er i vanlege Smakssaker, at Folk ero so usamse, men at der for dei større Tanker, slikt som om det Fagre i Maaling og Bildthogging og Diktning er ei sams Grunnlog, som Alle maa lyda og samstavas om, likso vel der som naar det gjælder om det Rette og det Sanne.
Dette vilde kanske vera sannt, naar Alle vaaro likeins skapte og like gamle og like kloke, og hadde ført det sama Slags Liv, kort vaaro i eit og alt so like som tvo Vatsdropar. Men daa no aldri tvo Menneske ero so like, so sjaa dei heller ikke Livet paa sama Maaten, men hava kver sine serskilde Tankar baade om det eine og det andre, endaa naar en Ting er mønstergod i sit Slag, so verdt der sjelden store Tvistemaal om den, naar Folk faa tenkt seg om.
Det er no ellers javnan so, at dei som nokot so nær hava like gode eller like daarlige Hovud og hava lært like myket eller like litet, dei plaga hava, i det store, nær paa sama Grunntanken, so det er berre Smaating dei ero usamse om. Er der paa den andre Sida Skilnad i Kunskap, so er der ein tilsvarande Skilnad i Tykke om den og den Ting. Det er Skilnaden i Kunskap som gjerer mest, og det er denne Skilnad, som gjerer, at Folk tenkja kver paa sin Maate om dei største Spursmaal i Livet. Den som er nokot til Aars kan prøva dette paa seg sjølv. Eg for meg minnest liksom Trappestig i mi Utbilding. Daa eg var so gamal, likad eg den Bok f. Ex., og daa eg var so gamal, syntes eg den var nokot Vas, eller eg saag den under ein annan Synsvinkel, og slikt gjekk det frametter, at eg daa dyrkad den Afguden, og daa den andre, nett liksom Israels Born. Eg dyrkar truleg ein Afgud no og, men det er ein annan en dei gamle, og soleids kjem eg til at halda paa al min Dag, jamvel naar eg veks nedetter likesom Istappen under Taket; for det er ikke ventande, at Verdsens Uplæring og endaa mindre nokon einaste Mann enno skal vera komen so langt fram som til det fullsanne i alt. Det er godt at me ero komne so langt, at me berga os godt tilsvidare med det. Her er god Tid enno for Folk til at grava og leita, og de trøytna aldri i det Strævet, sæle ero dei. Af dette kjem det likefram, at kver Skribent heve sine visse Lesarar. Er han sjølv ei aandelig „Sypige“, so fær han straks alle af det Slag med seg, og det er mange. Daa maa han f. Ex. vera „sentimental“ og bruka Krinolinestil, og hava mange usæle og uprivne Folk i si Bok. Eg gret mine modige Taarer over slike Bøker, daa eg stod paa det „Standpunkt“.
Der er nokot, som Engelskmannen kallar common fighting ground eller sams Grunnlag. Ein Jurist segjer soleids til ein Theolog f. Ex. there is no common fighting ground between us; det vil segja, me hava inkje sams Grunnlag at standa paa og soleids er det aldri værdt at tala om annat en om Vind og Veder. Om det kunna me koma overeins, ja og so om Mat og Drikke og likeins og om utvordes Gjerninger i Livet. Men om Tankeliv og eit Grunnsyn af Livet og Historien er det aldri værdt at mæla eit Ord; for daa opnar seg med eingong Afgrunnen imillom os.
Det er dette sams Grunnlag, denne sams Underbygning af Kunskap og Tankar, som maa til for at koma til sama Utslag i vaare Domar om Politik, om Bøker og i alt det som til er af Mannatankens Gjerningar, med Undantak daa af vaare Meiningar om moralsk Rett; for i Grunnsetningane om denne ero til all Lykke baade den lægre og den hægre sams, endaa der er mange af dei finare og ædlare Ting i denne og, som ikke den raae Mannen seer. Det er gammelt, det, at jamvel Gudstanken i os verdt meir og meir forskjellig, ettersom den eine stend over den andre i Kunskap og god Uplæring. Villmannen heve ein vill Gud, og ettersom han verdt upplærd, verdt der og meir Folkeskikk paa Guden hans. Dette sjaa me af all Historie, om det var Naud paa at sjaa med Augom ein so greid Ting, Her kan likeins kver kjenna med seg. Eg for meg kjem godt ihug, at Guden min vardt „civiliseret“ og kjærlig, ettersom eg sjølv vardt det. Og naar dei himmelske Ting slikt afspegla i os vaar Kunskap og Livslærdom, so er det inkje Under, at dei tusen jordiske Ting gjera det.
Den store Folkemengd veit for det meste likemyket, og derfor er der og so mange der, som samstavas i sine Meininger om dit og dat. Men ettersom du lyfter deg i Kunskap up fraa denne Mengd, verdt det færre og færre som fylgja med deg. Det minkar altfort uppetter med dine Likemenn, og du kjem i mindre og mindre, men i betre og betre Selskap, alt til du kjem so langt up, at du verdt reint aleine, dersom du er ein Gud. Men daa du no ikke verdt det, til all Lykke hadde eg nær sagt, so fær du altid ein og annan med deg i Selskap. Kunskapens Tre er som eit annat Tre i det, at det smalkar og spitar af mot Toppen.