Hopp til innhold

Daa stor-uksen skulde slagtast

Fra Wikikilden

Daa stor-uksen skulde slagtast.


Det var ein gong han Ivar Haga var paa skulde forsova seg, og det var den morgoen stor-uksen skulde slagtast. Korleis han elles var komen paa rangstell med svevnen den hausten, skal de og faa høyra noko um.

Han Ivar og ho Anne var godhelsuge og strævsame folk, og hadde kome seg godt. Dei hadde kara av seg meste skuldi, og baani bar det til verta gagn i. Han Knut var sytten aar, han Ola femten; ho Mari gjekk aat presten, og han Nils var elleve paa lag.

Fyrste aari hadde han Ivar drive aaleine kar, so nær som i hardaste onnom. Men det var vorte meir og meir aa gjera, so no hadde han havt halv-tenest-kar nokre aar, — han tok til koma att oftare, des meir det seig ut paa aari med honom, denna plaagsame ryggjeverken au. Men i vinter meinte han det skulde gaa med den hjelpi han sjølv hadde. Og naar ho Mari var framsloppi, so laut fulla ho Anne vera berga med hjelp paa si lei au. Berre ho ikkje vart klein, ho Mari; ho hadde fenge slikt eit vondt krim, daa ho var med hogg bitlauv uppunder Vardfjellet Det kom ei ver-kula, so dei mest størna; det regnde og snjoga i-blautt, so det fanst ikkje ein turr traad paa dei. Der gjekk no fulla yver att, — dei hadde vore so friske alle hittil. Men det kan nok vera ho Anne hadde rett den gongen, at det var kje baan-arbeid slikt.

Det var som det var utpaagjort med alle ting i haust; det var kje ver til faa fram noko med. I mosa-onni var det denna turre kalde nordanvinden, som hekk i støtt og stendig, og etter at snjoen var komen i fjelli, hadde det skift med snjoslaps og linne i einingen. Ikkje vart det føre aat nokor skikkeleg køyring, og ikkje gjekk det brjota til nokor gjerd. Det einaste han hadde fenge gjort til gagns, det var, at han fekk skote sund og køyrt av dessa stygge steinane nede i stor-aakren.

Og so var det denna slagtingi; det verste han visste i heile aaret. No leid det sjau vikor paa vinteren, og enno hadde det vore berre utid. Kvinnfolki vil kje gjerne hava slagta, naar veret er so bilomtil med frost og linne. Og so var det detta »nyet« som ein skulde gaa og venta paa. No saag det endeleg ut til det kunde verta ei vend med veret. Det hadde kome ein skikkeleg snjo-dett, kaldt var det, og »nyet« hadde floge upp og stod so kvasst og klaart burtpaa lie. Og so var det gode aspektar i alnakka; han var burte denne stygge vindpeiken, som det hadde stae slikt eit ver av i heile haust.

Men so var det denna stor-uksen, »Lykkedrengen», som baani kalla han. Det var reint som utpaagjort med den au. No gjekk han i fjorde aaret, og heldt paa vart olm, so han laut gaa plaagast med stokk. Ja det var denne sjølleia han Ola Stuga, gjætleguten, som var valdan i det. Han hadde floge paa fire-fotom og baula aat om, han, so han hadde fenge han so langt paa sluten, at han tok han paa honni og kasta han attyver seg, og det var no ikkje meir en maata. Det var berre skade i gjætleskreppa, som han hadde tapt burt, so rædd vart han.

Det var kanskje likast han hadde teke han Elev paa bodet hans i vaar lell, endaa det var so reint for lite. Men han venta so visst han hadde kome att; for det var greitt aa skyna han likte uksen. Rare ruggar desse fekarane au, gjekk ikkje han Elev nedi storbygdi same dagen og gav 2 dalar meir for denne skranken nedpaa Vik, som ikkje var fullt so drjug i maal, og ikkje paa langan lei so pen. Men det er mannen og drammen dei ser paa, fekarane au. Aa ja, han spann no sagte ikkje silke av den handelen han Elev heller, so laak fe-pris som det i haust vart.

Han kunde vel føtt uksen ein vinter til au for foret skuld; men det var ingi von til aa faa han upp i nokon pris aat vaaren heller, so saarbeitte som fekarane no let seg. Det var nok mange som hadde gjort haustreisi, høyrdest det ut for; men dei var no so lite sætande, — dei let aldri vel fyrr aaret etter.

Nei, han kunde slagta uksen sin han. Aat sumaren laut han vel gjera noko ved stallen au, og daa kom det nok til aa gaa kjøt, og hudi trong han til reip. Desse togreipi var berre til aa slaa seg forderva med; dei toler ikkje ein vaksen kar skal gyrda eit skikkelegt lass.

Det hadde kome for han best det hadde vore i heile haust, denne uksegreia; men han hadde aldri kome til aa tenkt so vel yver alt som no, daa det leid innaat. Han hadde jamnan vore slagtar sjølv, endaa han var no so imot aa taka liv som nokon kunde vera. Det var sume tider det kom for han, at det var reint som aa gjera svik mot gode vener dette, fora vel og laata vel, og so ei natt koma og gaa paa dei med overmagt. Men det var berre baantull aa tenkja paa slikt; det laut gjerast, og det var liksom han ikkje unte nokon annan aa gjera det heller. Naar han gjorde det sjølv, so visste han korleis det vart gjort Han hadde støtt gjort det paa gamal-gjerdi: brjote dei ned paa sleen og skore ut velendet mea dei var kvik levande. Slikt kunde ganga med gamle størbeinte kyr, men det var nok ikkje paalaupande med stor-uksen det. Og so var det ei stygg gjerd, denne gamlemaaten. Han saag dei slagta paa den nye maaten i Sygard ein gong, og det var rett svint gjort, og litor pina for dyret, sjaaande til. Men dei kunde no segja kva dei vilde, — det stod kje til, at kjøtet vart korkje so pent eller so godt som daa dei brukte den gamle gjerdi.

Ho Anne hadde nok gote paa, at dei skulde faa fat i han Erik; men det meinte han Ivar det skulde ikkje verta noko av. Han Erik var elles ein stillfarande og sedeleg mann, som han Ivar sa; men i slagtartidi var han reint som eit anna menneskje. Det var sagt, at dei saag det paa gonga hans lang veg, naar han var »ute paa drepings, som han sjølv kalla det. Han gjekk som paa hjul, og naar han kom inni svali med slagtar-øksi, trødde han mykje tyngre i golvet en derimillom. Smaagutane kalla han jamnan »Erik Blodøks«; dei hadde set det namnet i »Jensens læsebog«, og tykte det høvde. Dei smaa baani trudde det var rette namnet hans, og var rædde naar han kom paa garden; for daa var det jamnan det spurdest daudt, og det var aldri godt aa vita, kor det kunde ganga med blakkbukken eller vetlelambet, naar det styggjelset kom brytjande. — Nei, han hadde set seg lei paa han Erik der i Sygard den gongen. Han heldt slikt leven, skratta og skravla, so ein kunde høyra han yver halve bygdi, dommenerte og kommederte, so han Per, sjøl mannen, flaug som ein piska katt. Det var som det skulde vore hans Erik alt saman. Og so var det slik ei høgtid og høffelering; so vilde det til drammar og eitkvart anna godt, og so heile 12 skilling i slagtarpengar. Og so var det mest berre i storgardom han vanka; det kunde verta halde for ei slags storheit au.

Han Ola Gamleplassen var fulla ein gong kverv nok, og han fór mykje i smaagardom og plassom paa slagting. Men dei hadde det ordet paa han, at han slo for hardt, so blodet stadna med ein gong, og kjøtet vart utsjaaand som ein blodsege alt saman. Han Ola hadde vore ei kjeftriva og slaastbikkja i sine unge dagar, og det vart støtt att nokre kaldtokka hermar etter honom, der han fór, som ungane vart farande og gala uppatt. Vissa var han Vetlenils so ferdug til slikt Og ikkje var det slikt millom dei, at han gjerne vilde be han um nokor beinka heller. Nei, han skulde nok greia det sjølv, berre han tok seg tak og stelte seg vel paa; for det var no berre eit tiltak med den slagtingi au. Og so var det ikkje fritt for det hekk att so mykje ungdom i honom, at han hadde hug til gjera eit lite meistarstykke endaa.

Ja so vart dagen fastsett, og kvelden fyrr gjorde dei alt i stand. Ho Marit Aasen rudde upp i eldhuset og bar inn ved og vatn. Pylsepinnar hadde dei spikka fyrr um kveldane. Han sjølv og gutane bar inn sleane som uksen skulde veltast nedpaa, og so heldt han som ein eksis der med sleom, og lærde dei kva kvar skulde gjera, og korleis dei skulde bera seg aat. Han Knut skulde halda i grimeskaftet med ei hand, og i eine honnet med hi, og setja mulen paa uksen godt upp. Han Ola skulde staa med ein handspikar og setja under vombi paa uksen og innpaa sleen, og so skulde han gjera ein vipp, paa lag som naar ein velter eit møkalass. So skulde han kasta handspikaren og fata reiphelda med vinstre og reipet med høgre handi og gyrda uksen fast. Han Vetlenils skulde halda i rumpa og gjera ein rykk innyver sleen, so bakenden au kom innpaa. Det var ingen av gutane som nemnde dasken, og ikkje han sjølv heller; han likte aldri aa høyra ord som »drepa« og slikt, og aller minst no, men alle visste det var dasken som var »signalet«. So var alt reidugt. Sleane stod midt paa golvet, med reipet greitt upplagt, handspikaren var sett i roi ovan døri, smiesleggja i roi framfor peismuren, og tvo nyslipte knivar i ei veggjesprunga uppyver sleggja. Paa ein krakk ved glaset stod det ei kolla med gryn og tvora. So var dei paastelte, og aat og la seg.

»Me skulde vera uppe seinast klokka tvo,« sa han Ivar til kona, daa dei la seg um kvelden. »Aa ja, det vert fulla ingen svevn av med meg fyre klokka tri sa han. — Han innbilte seg han laag vaken mykje meir en han gjorde, meinte ho Anne.

— »Eg undrast um det ikkje snart lid so me skulde vore uppe, eg«, sa ho Anne, daa det leid ut paa morgoen.

»Hm — han rann paa meg svevnen,« sa han Ivar, og ramsa i seg.

»Klokka hev stadna, og hanen hev gale mange gonger,« sa ho.

»Hev ho stadna att!« Aa ja — desse skarve Lia-klokkorne. Det var no ikkje betre venta helder — berre tri hjul. Berre han snart kom att-bingsand, denne Svaum, so han kunde faa stelt paa rette klokka. Det hadde fulla vorte vel tungt, lodet, daa han hengde paa denne nykelen i gaarkveld, lell daa. Ja sanneleg hadde ho ikkje stadna lite yver tvo! Han ut i svaldøri aa sjaa etter Vagnstjerna, og den stod alt paa Vetahaugen, so klokka skulde nok vera vel so tri den. »Huff, det er kaldt!« han kom inn att og gruste. Det var nok best taka til ryskja i gutane; det plar taka tid faa dei karane vakne.

Han ut i kovedøri.

»Upp no, Knut!«

»Jaa.«

»Og Ola og Vetlenils! upp no! Me lyt i vegen aat stor-uksen. Me hev forsove os.«

Det var liksom den store stundi, som var so nære for haandom, gjorde dei braavakne med ein gong. Men han Vetlenils var fyrst til fara i broki, og inn i peisen til faa paa seg sokkane. Dei reiv i seg morgobiten — ein ertebrods-klining og ein svelg mjølk. Han sjølv tok ned blekk-lykti, tendra i ljos, og so bar det yver garden burt i fjoset.

»Det er plent som daa lensmannen skulde i vegen fakka Ømbjørg-guten, dette, sa han Vetlenils.

»Ja du skulde sote hjaa lensmannen, til du hadde lært tagt still, du,« grein faren. »Det er kje verdt du skranglar so med denna grima du heller, Knut.« — Han likte ikkje spøk og staak i utrengsmaal, han Ivar, naar han var i det huglaget.

»Aa stakar Lykkedrengen daa,« sa han Nils, og klappa og strauk den breie blanke ryggjetavla. Faren glaamde vondt paa han.

»Du maatte vita meir en aa kjæla han no,« kvesste han Knut i.[1] — »Ja, det er sant, han vert vond . . . aa drepa, meinte han Nils aa ha sagt; men so haatta han seg.

Dei la paa han grima og fekk han leidd inn i eldhuset. Han Ivar gav grima aat han Knut, hengde av seg trøya og brette upp ermane. Kvar stod paa sit rom; ho Mari med spik-logen, og ho Marit Aasen med kolla og tvora, ferdug som ein tambur, naar det skal vera »parade for fanen« Ingen mælte eit ord. Berre han Ivar murra som inni seg sjølv: »Berre eg raakar rette flekken no daa, og passeleg hardt.« Og so fall slaget. Uksen berre naus og riste paa hovudet; men han Vetlenils var god-til draga so hardt i rumpa, at uksen trødde upp i sleen med eine bakfoten. — Aa ja, uksen fekk ein duv til, og endaa ein; men daa bles han som ein kval, og gjorde eit tverrkast med hovudet, so han Knut slepte grima. Ho Marit hadde alt lea seg burtaat døri, daa ho saag det skeivast med fyrste dasken; men daa han Knut slepte, kasta ho kolla og tok til dørs, og ho Mari kasta spiki og la etter Han Ola og han Nils fór i ein tull yver einannan utyver dørahella. Uksen gjorde nokre fæle grip etter han Ivar og han Knut, og so tok dei au til dørs, stengde att og sette paa stytt. Han Nils stadna kje, fyrr han kom yver hafella og attum laaven. Der stod han lydde, og torde mest ikkje blaasa.

»Vetlenils!« ropte det; og han Nils fram.

»Spring upp i Gumleplassen svintast du er god til, og bed han Ola koma ned hjelpa os.«

Og han Nils uppyver.

»Bed han skunda seg,« ropte faren etter honom.

Uppe hjaa han Ola laag alle i kvaraste svevnen. So kjem han Nils inn-hæsande:

»Du lyt skunda deg koma ned drepa stor-uksen!«

»Stor-uksen?«

»Ja, — Lykkedrengen.«

»Kven er det daa?«

»Det er eg.«

»Det er han Vetlenils,« kviskra ho Kari.

»Skal de slagta han no daa?«

»Ja, me hev halde paa med det; men han held paa skal forgjera os.«

»Kven som er med dykk daa?«

»Det er berre me.«

»Hev han brukt kniven paa han, far din, au daa?«

»Nei, han hev halde paa slaa han berre enno, men so vart han so sinna no paa sluten, at han rudde os ut alle saman. Aa nei, du skulde høyrt som han bles i nasa. Aa-aa!«

»Han slo han i galne enden daa, veit eg,« sa han Ola og stor-kneggja; men han hadde sprotte upp, og fingrane gjekk kringt med aa kneppa paa klædi.

»Ein skulde rektig slaa dykk i galne enden,« kvesste ho Kari. »Aldri høyrt slik aatferd med eit armt beist heller. Ikkje skynar eg deg heller — skratta aat slikt — og skund deg so au.«

»Ja, du fær springa ned att og segja eg kjem. Bed far din hava sleggja til reids.«

Og han Nils ut. Han Ola tok uppaa hylla etter knivsoppen, fann seg ut ein kvass kniv og bytte med den i slira, og la etter. Men det var no ikkje føre til aa springa i; myrkt var det og svella under snjoen, — ein fekk agta seg.

Mea ferdest han Vetlenils etter ymse endar ned etter bakkom, til han kom ned i garden. Der stod dei andre og venta.

»Kjem han?« sa faren.

»Ja, berre han fær paa seg broki,« hæste han Nils, — »og so skulde du staa ferdug med sleggja.«

»Sleggja vart nok att inne ho,« sa han Ivar, og so gjekk han burt i staburet og fann steinsleggja.

Han Nils kleiv upp paa eldhusmuren og skvatta inn gjenom glaset. Det loga upp att av brandom paa peisen sume tider; uksen dreiv att og fram paa golvet, riste paa hovudet og gav utor seg ein baul att rett som det var. So kjem han Ola inn i garden drivande.

»Han driv att og fram inni her og sjagar som ein full kropp no,« sa han Vetlenils — han fekk drist no, daa han saag han Ola.

»Hev faatt lite uppi hugu, er det von; no skal han straks faa meir,« sa han Ola og fata sleggja.

Uksen sende ut ein uhugleg lang og myrk tone.

»Jau, no kjem eg. — Du fær fylgja med og lysa, du mann,« sa han Ola og la burt aat døri.

»Der, tak lykti du Knut; eg er lei heile greia, eg,« sa han Ivar og gjorde ein sving burtmed stova.

Daa han Ola let upp eldhusdøri, bles uksen i nasa og vilde taka han; men han skaut seg framum han inni huset og til sides, og fekk paa han ein drei so han laag der med ein gong.

Han tok upp halsen paa honom, men det kom ikkje vidare blod. Dei snudde han, utan at nokon sa eit ord. Men daa dei tok han upp og saag kor han hadde blødt inni, sa han Ola: »Eg slo nok for hardt, som eg plar gjera.«

»Du gjorde det bra som du gjorde det,« sa han Ivar; »ein annan gong skal me stella det so du fær betre tidi paa det.« —

»Ja, du fær hava takk for arbeidet so lenge,« sa han Ivar, daa dei hadde ete og kura maten, og han Ola vilde gaa att. »Og ein ting hev eg lært: gamal øyk skal aldri freista læra nytt traav.«

»Aa, det gjeng i mist for nokon kvar som vil gjera noko,« sa han Ola.

Olav Aasmundstad.


  1. Dyret fær vondt for aa døy, naar ein kjæler og skriper det i siste stundi.