Daa Olav lærde lesa
Utseende
Det norske Samlaget, (s. 9–12).
Daa Olav lærde lesa.
Dei segja, at Livet det lid og det skrid
og fram mot eit betre seg søker.
Min Ungdom fall inn i den underleg’ Tid,
daa fyrst upp til oss det kom Bøker.
og fram mot eit betre seg søker.
Min Ungdom fall inn i den underleg’ Tid,
daa fyrst upp til oss det kom Bøker.
Daa vardt det forlitet, at Mannen var klok,
og Tankar i Mengd kunde hava.
Nei, Visdomen maatte han finna i Bok,
og Folk skulde læra aa stava.
og Tankar i Mengd kunde hava.
Nei, Visdomen maatte han finna i Bok,
og Folk skulde læra aa stava.
Ei Bok var ei Æra: eg minnest det tidt,
i Høgsætet sat ho som Gjesten.
For det var med Lærdomen komet sovidt,
at Folk skulde ganga fyr Presten.
i Høgsætet sat ho som Gjesten.
For det var med Lærdomen komet sovidt,
at Folk skulde ganga fyr Presten.
Eg lærde aa lesa. Eg fekk meg ei Bok.
Og raude Bokstavar var Dygdi.
For endefram var det, han laut vera klok,
ein Son av dei beste i Bygdi.
Og raude Bokstavar var Dygdi.
For endefram var det, han laut vera klok,
ein Son av dei beste i Bygdi.
Men so sagde Far: „Det er alt utan Naud!
Verdt lik meg og fylg meg paa Ferdom!
Kast Boki, min Gut; eg gjev Presten ein Saud:
so slepp du fraa all denne Lærdom.“
Verdt lik meg og fylg meg paa Ferdom!
Kast Boki, min Gut; eg gjev Presten ein Saud:
so slepp du fraa all denne Lærdom.“
„Eg leser um Kvelden“, eg sagde til Far,
„so fer eg um Dagen paa Ferdom.
Av Presten eg „Spurningar“[1] fekk fyr mitt Svar,
so no skal du sjaa her verd Lærdom.“
„so fer eg um Dagen paa Ferdom.
Av Presten eg „Spurningar“[1] fekk fyr mitt Svar,
so no skal du sjaa her verd Lærdom.“
„So fær han ein Bukk denne Mann, som er halt,
eg meinar,“ sa’ Far, „denne Gunnar.
So gjev han deg Lærdom: han kjenner til alt,
og stødt kjem or Bøker med Grunnar.“
eg meinar,“ sa’ Far, „denne Gunnar.
So gjev han deg Lærdom: han kjenner til alt,
og stødt kjem or Bøker med Grunnar.“
Ja, Gunnar var klok, um han endaa var halt.
Og Gunnar var komen fraa Froland.
Han lærde meg myket og lærde meg alt
um Goliat, Samson og Roland.
Og Gunnar var komen fraa Froland.
Han lærde meg myket og lærde meg alt
um Goliat, Samson og Roland.
„Og Sjøen,“ sa’ Gunnar, „er fælande stor,
so Bandak ein Dam er imot’n.
Og Kongerik’ store her finst paa vaar Jord,
tenk Rusland og Halland og Toten!
so Bandak ein Dam er imot’n.
Og Kongerik’ store her finst paa vaar Jord,
tenk Rusland og Halland og Toten!
Og langt imot Sud der ei Slett er so vid,
— sosannt som ei Bøkerna ljuge, —
at der du kann sjaa yver Kongerik’ ni,
og Kyrkjor somange som tjuge.
— sosannt som ei Bøkerna ljuge, —
at der du kann sjaa yver Kongerik’ ni,
og Kyrkjor somange som tjuge.
Her heima er smaatt: det er alt som ei Mus
mot fælaste Uksen, som olmar;
for Dyr er aa finna so store som Hus,
og Fiskar so store som Holmar.
mot fælaste Uksen, som olmar;
for Dyr er aa finna so store som Hus,
og Fiskar so store som Holmar.
Og Mimring var slik, han var større en tri,
og stor som ei Tunna var Hatten.
Seks Alner var Goliat, Nimrod var ni,
og Viderik Værlandson atten.
og stor som ei Tunna var Hatten.
Seks Alner var Goliat, Nimrod var ni,
og Viderik Værlandson atten.
I Hornet blees Roland, der saarad han laag,
so hardt, at det huskad i Haugom.
Og Mannen, som Mahomed sagde han saag,
var tusund av Mil millom Augom.
so hardt, at det huskad i Haugom.
Og Mannen, som Mahomed sagde han saag,
var tusund av Mil millom Augom.
Fraa Serkland til Valland sprang Rolv i eit Laup
med tusund av Stridsmenn paa Skjoldet.
„Um Gauksto var Graut og um Tinsjø var Saup,
eg aat meg ’kje mett,“ sagde Trollet.
med tusund av Stridsmenn paa Skjoldet.
„Um Gauksto var Graut og um Tinsjø var Saup,
eg aat meg ’kje mett,“ sagde Trollet.
Med Staven sin Gunnar ein Aftan oss slo.
Eg Spurning og Svar lyt fortelja:
Han spurde, um me av dei Vegjerne tvo
den breide ell’ smale byr velja?
Eg Spurning og Svar lyt fortelja:
Han spurde, um me av dei Vegjerne tvo
den breide ell’ smale byr velja?
„Me unge og spræke, i varmt som i kaldt,
kann ganga den smale og leide.
Men du, stakars Krok, som er gamal og halt,
byr vandra den gode og breide.“
kann ganga den smale og leide.
Men du, stakars Krok, som er gamal og halt,
byr vandra den gode og breide.“
Smaaguten er gapen; men der leikar Liv;
og Gamlen er glad i den unge.
Han biter ifraa seg som kvassaste Kniv,
og Vit sprakar lett fraa hans Tunge.
og Gamlen er glad i den unge.
Han biter ifraa seg som kvassaste Kniv,
og Vit sprakar lett fraa hans Tunge.
Um Gunnar var gamal, han endaa var glad
og snildaste Mannen, eg kjende.
Han lærde oss lesa og Visor han kvad,
og Rispor han fann utan Ende.
og snildaste Mannen, eg kjende.
Han lærde oss lesa og Visor han kvad,
og Rispor han fann utan Ende.
Kvar Bok las eg ut. Eg i Boki var glad,
men gladare endaa i Hesten.
Og naar me kom upp og vardt stelde i Rad,
so vardt eg den fremste fyr Presten.
men gladare endaa i Hesten.
Og naar me kom upp og vardt stelde i Rad,
so vardt eg den fremste fyr Presten.
- ↑ elder „dei skrivne Spurningarne“, var Spursmaal og Svar, som Presten skreiv upp med Frakturskrift og gav ut til Ungdomen, for Potoppidans Forklaring var for stor aa læra. Det var so ei fjore fem Blaad. Eg minnest Folk, som ikkje hadde lært meir.