Hopp til innhold

Bukken og Bekren, som bygde upp eit Hus paa Ripleheidi

Fra Wikikilden

Bukken og Bekren, som bygde upp eit Hus paa Ripleheidi.


Bukken og Bekren bygde upp eit Hus paa Ripleheidi. So kom Ikornet.

„Maa eg vera i Huset med?“ sagde Ikornet.

„Ja kvat eter du?“ sagde dei.

„Toll og Konglar og kvat eg finner,“ sagde Ikornet.

„Ja, du maa vera i Huset med.“

So kom Røysekatten. „Maa eg vera i Huset med?“ sagde Røysekatten.

„Ja kvat eter du?“

„Myser og Meinkjettor og kvat eg finner,“ sagde den.

„Ja, du maa vera i Huset med.“

So kom Tordivelen. „Maa eg vera i Huset med?“ sagde han.

„Ja kvat eter du?“

„Myk og Myhankar og kvat eg finner,“ sagde Tordivelen.

„Ja, du maa vera i Huset med.“

So kom Reven. „Maa eg vera i Huset med?“ sagde han.

„Ja-a kvat eter du?“

„Laamb og Kidungar og kvat eg fær,“ sagde Reven.

„Ja-a, du maa vera med.“

So kom Bjørnen. „Maa eg vera i Huset med?“ sagde Bjørnen.

„Ja-a kvat eter du?“

„Bukkar og Bekrar og kvat eg finner,“ sagde Bjørnen.

„Nei, du maa inkje vera i Huset med.“

Ja, med di han fekk no ikkje Lov, so vilde han taka paa deim. So sette dei paa honom heila denne Krigsmagti, som dei hædde teket inn i Huset sitt: Ikornet upp-etter Veggen etter Byrsa, Tordivelen inn i Augo hans med Myk, Røysekatten inn i Nosi til blaasa. So tok han ut og ut-yver Ramnedjuv og slo seg i Hel: so fekk Sigrid Djuvi seg ein ny Feld.