Bitristein
Bitristein.
So var det ein Mann og ei Kona og ein Gong, som hadde ein gild stor Herregard. So hadde dei ein Tenestdreng. No saadde Mannen Aakren sin um Vaaren med Rug og Kveite, og den voks upp og vardt so gild og væn, som dei hadde seet Aaker.
So var det ei Naatt, at Aakren vardt so nedvelt; so spurde Husbonden Drengen sin, kvat det var, som hadde velt so ned Aakren. „Ja det veit ’kje eg,“ sagde Guten, „inkje heve eg gjort det.“ „Ja du fær sjaa etter, kvat helst det er som fer soso aat,“ sa’ han. „Ja eg lyt so gjera,“ sagde Guten.
So sat han daa um Kvelden. Naar det leid paa Kvelden nokot lenge, so kom der eit stort Troll. So gjekk Guten innaat og vilde sjaa kvat det var. Daa foor denne Risen til aa velta seg att og fram i Aakren. „Kvi gjerer du detta?“ sagde Guten. „Eg ligg og kviler meg,“ sagde Risen. „Ja, men du maa ’kje liggja i Aakren.“ „Eg ligg kvar eg vil, eg, fyre deg.“ — „Kvat heiter du?“ sagde Guten. „Eg heiter Bitristein,“ sagde han. „Kvat er du vil daa?“ sagde Guten. „Eg vil draga av med Dotter til Husbond din,“ sagde Risen. „Ja so, vil du det?“ sagde Guten, „kvat vondt heve ho gjort daa, med di du vil taka henne?“ sa’ han. „Ho heve inkje vondt gjort meg, men Fader hennar heve gjort meg vondt,“ sagde Risen. „Kvat er det daa?“ sagde Guten. „Denne Aakren, som er saatt upp, ligg i Vegen min, og han skal aldri faa nokot godt av honom.“ „Ja so,“ sagde Guten. So gaadde han ’kje aat, fyrr Trollet kvarv burt fyre honom.
So gjekk han inn til Husbond sin og fortalde detta, at det var ein Rise som heet Bitristein, som velte so ned Aakren hans og sagde det, at „du hadde lagt Aakren i Vegen hans, so du skulde aldri faa godt av honom meir.“ Detta vardt han berre vond fyre, Husbonden, og sagde han lagde Aakren kvar han vilde paa sin eigi Eign.
So var det ein Kveld, at det kom so hard ein Smell i Stova, at det dunde og skalv so i henne, dei vordo forfurdade og reint forfælte. So gjekk Mannen ut. „Er Dotter di heime i Kveld?“ sagde eitt, som stod utanfyre Stovedyri. „Kvat vil du daa?“ sagde Mannen. „Eg vil draga av med henne,“ sagde Risen. „Vil du det?“ sagde Mannen, „ja men eg vil inkje vera av med henne,“ sa’ han. „Eg bid deg so litet um det,“ sagde Risen. — „Kvat heiter du?“ sagde Mannen. „Eg heiter Bitristein,“ sa’ han, „gakk inn og bid, ho vil koma ut!“
Mannen gjekk innatt, men han gat inkje nokot. So spurde Kona hans, kvat helst var ute. „Aa det var denne Ugjegna, som plagar fara her um Kveldarne,“ sagde han. „Kvat vilde han daa?“ sagde ho. „Han vilde ’kje nokot,“ sagde han.
So kom det ein Smell i Stova atter, so hard, at det draus baade av Omnspipa og av kvar Glasruta. Daa vordo dei so fælne, at dei sprungo ut alle saman. Med same Gjenta kom ut tok Risen henne og sagde det: „no skal du fylgja med meg!“ sa’ han. So kvorvo dei burt. Og Husbonden vardt so illa faren yver detta og Kona det same.
So sagde dei til Guten sin, at um han vilde fara avstad og henta henne atter, so skulde han faa henne til Kona og alt det dei hadde, fyrst dei vaaro daude. Aa ja, Guten stelte seg. So gjekk han heile Dagen, alt til seint um Kvelden; daa kom han til ein stor gild Gard, som var tvo store Aplehagar i. Men kvar ævige Haust vordo Epli avslegne der og komo burt, so dei inkje hadde nokot godt av deim. So bad Guten etter Hus um Naatti. Ja det fekk han. So spurde dei kvar han skulde av. Han visste ’kje det, sagde han, men han vilde til ein Rise som heet Bitristein, som hadde dreget av med Gjenta hans, og henne vilde han faa Fat i atter, sa’ han. „Aa, men kjem du dit, so spyr korso det kann hava seg, med di aldri Eplet maa vera i Fred heran; Risarne plaga vita so mangt.“ „Ja det skal eg,“ sagde Guten.
So tok han ut atter um Morgonen, og gjekk heile Dagen alt til seint um Kvelden. Daa kom han til ein stor grum Gard og bad han maatte faa Hus. Ja det fekk han. „Kvar agtast du etter, du litle Gut?“ sagde dei daa. Ja det visste han inkje, sagde han, men han vilde til ein Rise som heet Bitristein. „Aa gode!“ sagde Mannen, „med du fer dit likevæl, so spyr fyre meg korso det ber til, at her stødt og jamt løyp ein Hund ifraa Garden min og ein Hund til Garden; eg er so leidsam og leidd av denne Laupingi.“ Ja, Guten skulde spyrja.
So den andre Dagen lagde han i Veg atter og gjekk heile Dagen og alt til seint um Kvelden. So kom han til ein stor glup Gard og bad at han kunde faa Hus. Det fekk han. So spurde Mannen kvar den litle Guten agtadest etter. Ja det visste han inkje, sagde han, men han vilde av til ein Rise som heet Bitristein og faa i Gjenta si atter, som Risen hadde dreget av med. „Aa gode deg!“ sagde Mannen, „med du fer dit likevæl, kann du ’kje daa spyrja fyre meg, korso det kann hava seg at der er so vondt Vatn i Brunnen min; der heve voret so godt Vatn fyrr og no er det so vondt, det er ’kje drikkande: det er heiltupp rotet.“ Jau, han skulde spyrja.
So tok han ut atter andre Dagen, og so var det eit litet Bil, so kom han til ein stor Fjord; so kom han til Ferjemannen og so spurde Ferjemannen kvart han vilde. Ja det visste han inkje, men han vilde finna ein Rise, som heet Bitristein, sagde han. „Men vil du no spyrja honom, ko lenge eg skal vera Ferjemann heran yver til Fjellet hans: eg er so leid det. Det vøre do for furdelegt um eg skulde liggja her myket lenger, eg verd reinende utgamall i denne Tenesta. — So skal eg ferja deg fram og tilbaka fyre ingen Ting,“ sa’ han. „Ja eg skal spyrja,“ sagde Guten.
So kom Guten fram og kom inn i Berget og fann atter Gjenta, og dei kjendest. So vardt ho so forfælt og forfurdad, korso han hadde kunnat koma dit. „Aa jau, med stort Stræv so hev’ eg komet her,“ sagde han. „Aa jei, for furdelegt detta var, at du skulde koma! fyrst Risen fær sjaa deg, drep han baade meg og deg; han gjerer Ende paa kvat helst som kjem her; men eg lyt freista aa gjera det eg kann til aa hjelpa deg.“ So skulde han eta og drikka, og med han fekk seg Mat, fortalde han um alle dei Boderna, han havde til Bitristein. So sagde ho, han skulde smjuga av inn under Sengi; „og no fær eg prøva aa faa ut av honom detta, som du skulde faa vita, — det var desse Spurnerna um dei tvo Aplehagarne og dei tvo Hundarne og um Brunnen og Ferjemannen?“ sagde ho.
„Hu! kor er detta lagat?“ sagde Risen, han kom heim og var tevende vond, „kvat er det som er komet i mine Hus?! Det stækjer kristet Manne-Blod!“ — „Aa ja det var ein Fugl som fauk her yver Taket med eit Bein i Nebben, og det slepte han ned paa Aaren igjenom Ljoren; eg skundade meg aa faa det ut atter og røykte og foor fram det finaste eg kunde, men det maa vera det som stækjer likevæl.“
Aa ja, so fekk Risen seg Mat. So tok han fram tvau store Peningskrin: eitt var blaamaalat og hitt var kvitmaalat; so læste han upp det som var blaamaalat, og det var fullt med Sylvpening: so tømde han den paa Bordet og talde, og so subbade han deim ned i Skrinet atter; so tok han det som var kvitmaalat og det var fullt med Gullpening: so tømde han den paa Bordet og talde, og sabbade so ned i Skrinet atter, og detta hadde han til moroa seg med.
So sagde han det, „no vilja me leggja oss,“ sa’ han. Ja, Gjenta gjorde upp Sengi. So lagde dei seg og so sovnade han. Naar dei hadde daa leget eit litet Bil, so sagde ho til Guten, „Giv Gaum!“ og so foor ho til aa laata og enkja seg slikt, at det var reint fælt. „Kvat er som vantar deg?“ sagde Risen, han vaknade. „I! eg drøymde so!“ sagde ho, „eg drøymde at det var ein Mann, som hadde tvo grumme Aplegardar, og deim hadde han inkje godt av, for kvar ævige Haust druso Epli av og komo burt: og det grunade han paa, korso det kunde hava seg, han tykte det var Ovfurdor.“ „Aa du veit for litet!“ sagde Risen, „at Epli hava droset av kvar Haust, det kann hava seg so, at han er so svolten og girug, at han nennest ikkje til aa giva burt so myket som eit Eple, — eg bad ein Gong um eitt —, og so heve eg gjort det so, at han aldri skal hava godt av deim meir.“ „Ja, og so drøymde eg det,“ sagde ho, „at det var ein Mann, som hadde slik ein Gard, det hadde aldri Menneske seet slik Gard; men so løp der altstødt ein Hund til Garden hans og ein ifraa, og han var so uppmødde av denne Laupingi, at han hadde ’kje godt av Garden sin.“ „Ja du veit for litet! Han heve tvo Vigter: ei veg han til seg med og ei ifraa seg med, og den fyrste er strid og den sidste er slak; fyrst han slo sund den slake, so slapp han Hundarne som løp. — Men teg deg no!“ So sovnade han atter og raut og sov, so det var so det durade i Fjellet. „Høyrde du kvat eg spurde um no?“ sagde Gjenta til Guten. Ja, han gjorde det. „Men ligg no still og giv Gaum!“ sagde ho.
Um eit litet Bil foor Gjenta daa til aa krauna og laata slikt atter, at det var reine Furdor. „Kvat er som bilar deg no atter?“ sagde Risen, han var vond daa, „kor kann det hava seg at der er slikt Braak med deg i Naatt, eg fær ’kje Ro til sova.“ „I! eg drøymer so,“ sagde ho, „eg fær ’kje sova.“ „Drøymer du atter no og? eg vil ’kje vita av fleire Draumar!“ „U jei! det er det same, eg skal ’kje segja det daa!“ „Skunda deg no berre aa kom med det!“ „Ja eg drøymde det, at det var ein Mann paa ein gild Gard, som hadde ein Brunn i Tunet, og der hadde voret so utifraa godt Vatn fyrr i den Brunnen, og no var det ’kje drikkande, det var heiltupp rotet.“ „Aa du veit for litet! Det kann hava seg so, der heve krabbat ei Podda inn under ei stor Hella, som ligg paa Botnen i Brunnen: ja, eg bad deim etter Drikka ein Gong, men eg fekk ’kje; so vardt eg so sinnad, eg sette try tunge Peningskrin ned der og sette Podda til vakta deim og skjemde so ut heile Brunnen.“ „Ja, og so drøymde eg det,“ sagde ho „at det var ein Ferjemann, som var so utgamall, som spurde, ko lenge han skulde setja yver til Fjellet ditt, fyrr han maatte sleppa det, han var so leid det.“ „Aa ja du veit for litet! Det skal han halda paa med, den Sælingen, so lenge til han heve Vit til kasta Aararne til den, han set yver og segja det ved honom: set no du yver so lenge som eg heve gjort, so tenkjer eg du verd leid det, du med!“ So sovnade han og raut og sov, so det svarade i heile Nuten. „Høyrde du kvat eg spurde um no?“ sagde Gjenta ved Guten. Ja, han gjorde det. „Men ligg no still og giv Gaum!“ sagde ho.
Um eit litet Bil so var det no sama Laaten. „U-m-m!“ sagde han. „Hu eg drøymer so!“ sagde ho „eg fær ’kje sova i Naatt!“ „Aa det er ei Etsels Drøyming paa deg!“ „Ko lenge skal eg vera her i Berget, eg lengtar so etter aa koma heim atter til Foreldrom minom, eg drøymde so um deim.“ „Det kann du faa, naar du vil; men det verd ’kje fyrr Ferjemannen slepp aa setja yver.“ Ja, so sovnade han atter.
So var det alt høyrt, og det var Dagen paa Staden daa. So vakrade Risen seg, og dei riso upp, og han aat og drakk, og so tok han ut aat Fjellet atter med ei stor Drift med Geiter. Ho til aa samna ihop alt det Gull og Sylv og Pening, som ho visste um, og bæde Skrini, og sette det ned i ei stor Kista, og so toko dei ut utor Berget.
Naar dei komo daa ned aat Fjorden, so ropade dei til Ferjemannen, han skulde setja yver. Han kom. „Spurde du, ko lenge eg skulde vera Ferjemann?“ sagde han. „Ja-ha det gjorde eg,“ sagde Guten. „No, kvat sagde han daa?“ „Aa han sagde, du skulde ’kje lenge liggja; du fekk det snart betre, sagde han.“ „Ja, men ko lenge skulde eg liggja heran daa?“ „Nei korso er det du ror no?!“ sagde Guten, „sjaa der set du oss paa Grunn!“ So fekk Ferjemannen det so annvinnt med aa faa deim væl i Land, og i eit handsnutt Bil var Guten paa Straandi med Gjenta si og Kista. So ropade han ned til honom i Baaten; „Du skal kasta Aararne til den fyrste du set yver og segja det ved honom: set no du yver so lenge som eg heve gjort, so tenkjer eg du verd leid det, du med!“ „Men det var tarvlaust detta, at du sagde ’kje til fyrr, so hadde du kunnat gjort det!“ sagde Ferjemannen. „Aa du raakar væl paa einkvann uvandare en eg,“ sagde Guten.
So var det berre eit handsnutt Bil, so kom Risen, so vond og galen, at —, han vilde taka att Gjenta si, som hadde dreget av med Peningskrini hans. So ropade han til Ferjemannen, han skulde setja yver. Ferjemannen møtte. Daa dei vaaro daa tett innved Straandi, kastade Ferjemannen Aararne til Risen og sprang i Land: „set no du yver so lenge som eg heve gjort, so tenkjer eg du verd leid det, du med!“ Og Risen vardt so hestende vond: han rodde att og fram yver Fjorden, so han mest sprengde seg; so heeldt han paa detta Dagen ut og Dagen inn, inkje torde det sitja nokon i Baaten med honom, so rodde han imot ei stor Bergsnos og slo sund Baaten, so kom han av ned i Vatnet, so drap han seg. So var Gjenta frelst ifraa honom.
So komo dei til Mannen med Vatsbrunnen. „Fekk du vita, kor det kunde hava seg,“ sagde han, „med Brunnen min, med di Vatnet er so vondt no, det kann ingen drikka det.“ „Det kann hava seg so, at du maa ausa upp Brunnen: fyrst du kjem daa paa Botnen, daa ligg der ei stor Hella og under den ei Podda og try Peningskrin: alt det maa du kasta upp, so verd Brunnen god atter, som han heve voret fyrr.“ Dei so gjorde: kastade upp Peningskrini og Podda og hogde henne sund. So saag Mannen deim til godes med Mat og Drikka og spurde kvat han skulde hava i Løn for han hadde gjevet Greida paa detta — um han inkje vilde taka Peningskrini. „Du skal ’kje hava nokot,“ sagde ho. So takkade dei fyre godt Hus og foro sin Veg atter.
So komo dei til Mannen som hadde den store staute Garden, som der løp ein Hund til Garden og ein ifraa. „Ja du lyt slaa sund den slaka Vigti di,“ sagde Guten. So saag Mannen deim til godes med Mat og Drikka, og dei skulde ingi Løn hava.
So komo dei til Aplegardarne, som Epli druso av kvar Haust. „Ja Mannen hadde sjølv voldt det: han var so svolten og rædd av seg; men vardt han raust, so fekk han godt av Eplom. Ja det skulde han daa visst, det, sagde han. So saag han deim til godes med Mat og Drikka so drust so, og var so raust og flus og vilde giva deim so myket Gull og Sylv med, at det var ’kje med nokot Horv; dei skulde inkje hava.
No komo dei heim atter. Daa vordo Fader hennar og Moder hennar so glade, at dei visste ikkje til seg. So sagde Gjenta: „Ja no vil eg hava honom som heve frelst meg ut-or Berget atter, og no kunna de gjera kvaar de vilja, anten de vilja vera heran, de ero, elder de vilja vera med oss til Berget, for no skal det verda eit vænt Land i Staden fyre at det heve voret eit stort Fjell, og no er Risen daud.“ Aa ja, dei vilde helder vera der dei vaaro, dei gamle.
So toko dei unge ut atter. Og so var det berre eit handsnutt Bil so vaaro dei i Berget atter, og daa komo dei til eit Slott som var so stautt og stort, so han hadde aldri seet so stautt og stort. Og der var so myket Folk, at han tykte der var so Moro aa vera, at han ikkje kom i Hus nokon Ting annat.
So vigde Guten med Gjenta, og so drukko dei Gjestebod so stort og sterkt som der aldri heve voret Gjestebod, og sidste Dagen sette dei meg yver Fjorden paa ei Skorflis, og sidan gaavo dei meg ein Kjepp til rida paa her hit, at eg skulde fortelja dykker um det,
med mine Bogstavar baa’ breid’ og lang’.
Far væl Per og far væl Paal!
Naar de drikka Gullbrudlaup, gløym inkje mi Skaal!