Benkjevigsla
Benkjevigsla.
(Skjemtebrev fraa Landet. Skrivet 1855.)
Millom alle dei mange Ting, som Folk hava funnet paa i dei sidste Tidom, er der ogso ei Framsyning, som dei kalla „Korrespondense;“ det skal vera so myket som ei Brevsending til deim, som trykkja Tidender; men elles veit du no sjølv best kvat det tyder, for eg maa segja, at eg veit ikkje annat en slikt, som eg gissar meg til, og soleides er det Gisningi mi, at „Korrespondense-Artiklar“ er berre slika Smaa-Rødor, som kann falla i eit Kjenninge-Lag um alt smaatt, som anten heve hendt elder skulde hava hendt, og som er lika kjært, anten det er Lygn elder Sanning, naar det berre kann fylla eit tomt Rom og vera morosamt til aa høyra fyre deim, som ikkje vita Sanningi. No er det so leidt med di, at der er mange Stader i Landet, som ein inkje fær høyra nokot fraa, fyredi der er korkje Prenteverk elder Folk som ero upptamde til aa skriva; der er mang ein undarleg Snunad og mangt eit morosamt Ord til aa høyra um Aaret; men det kjem ikkje vidare, sidan der er ingen, som skriv det upp og sender det inn i Avisorna. Difyre heve eg ofta tenkt paa, at eg skulde gjera ein Freistnad og skriva upp ei liti Røda her vestan-ifraa; men eg heve sytt fyre det, at eg kunde inkje faa det prentat; for det er ikkje so med meg som med desse Skrive-Meistarom, som hava fenget Foten inn i ei Avisa; dei kunna blaasa i Langeluren og slaa paa Stortrumba, anten dei hava myket eller litet til aa segja; dei kann gjera seg til og vera lika aalvorsame, baade naar dei segja sannt og naar dei ljuga; — eg derimot, eg lyt lirka og lempa meg fram, og soleides veit eg ikkje betre Raad en aa senda Brevet mitt til ein Kjenning i Byen og bidja honom, at han vil gjæta paa og smetta det inn i eit tomt Hol anten i ei Avisa elder eit annat Blad; for det kann væl høva seg eingong, at Bladmeistaren kann vera forkomen fyre Fyll i eit Nummer av Bladet, so at han tek imot alt, som han kann faa, um det endaa kunde slenga nokolitet Lettekorn i Bland.
Det var det, som eg vilde fortelja, at eg var i eit Lag hjaa han Gunnar upp i Garden fyre ei aatta Dagar sidan; daa hadde han bedet til seg nokre Kjenningar og sagt, at han hadde nokot nytt til aa syna oss, og me var forvitne til aa sjaa kvat det kunde vera; for han er no alltid so hitten til aa finna paa einkvart Slag til Gaman. Daa var det inkje annat en ein ny Benk, som han hadde sett ut under ei gamall Bjørk, og so fortalde han oss, at han vilde halda ein Tale og vigja Benken, og han tregad berre paa det, at me skulde vera so faae saman; for naar rett skulde vera, so skulde me hava eit stort Gjestebod, og likaste Sellarne i Laget skulde halda Tale og bjoda ut Skaaler fyre alle dei gode Ting, som me hava og som me vilja hava, og so skulde Talarne og Skaalerna vera uppskrivne og innførde i eit Tidende-Blad, so at Folk skulde sjaa, at der er Liv i Landet. „Men,“ sagde han, „naar ein inkje heve det store, so lyt ein halda paa det smaae, og dessforutan so heve eg Hug til aa freista, um det inkje skulde vera mogelegt aa halda ein Tale og inkje drikka. Og med di skal Talen byrja:
„Give Ljod, godt Folk! — Det Tilhøvet, som samnar oss her i Kveld, skulde vistnog synast vera myket smaalegt og litet vyrdande; men me liva paa ei Tid, daa der verd ofta gjort myket av litet og allerhelst ein stor Tale um ein liten Ting. Her heve butt Folk i Bygdi fyrr, men dei hava inkje bygt Benkjer og sett ut under Bjørkjerna, at Folk skulde sitja der og sola seg og sjaa ut yver Marki. At slikt kann verda gjort no i desse Tider, det held eg fyre, er eit Merke paa ein forbisnande Framgang; det er eit merkjelegt Tidar Teikn, som Avisorna segja. Og den, som les Avisorna væl, han vil sjaa mange merkjelege Tidar Teikn; og den, som er noko-litet framsynt, han vil sjaa mange store Umbrøytingar i Framtidi. Det er kloke Folk, som kviskra til kvarandre, um at det gamle Bonde-Livet heve gjort sitt sidste Sprang, at det held paa aa siga undan inn i dei inste Avholorna i Landet, og at det inkje meir torer syna seg der, som ein Straale av det nye Ljoset er inn komen. Me kann ikkje ganga soleides heile Tidi og lyda paa, at Folk skal gjera Narr av oss og skjemma paa oss baade i Skrift og Tale, fyredi at me skal vera so gapne og griselege, so hatige mot alle nye Seder, og so fulle av gamle Vandomar elder Fordomar, som dei kalla det. Kvi skulde me vera Bytingar meir en andre Folk? Det er mange Gapar, som hava den Tanken at me gjerna kunde læra myket nytt og godt og endaa bruka den gamle Visi; me kunde verda baade kloke og seduge og endaa halda paa same Husbunaden, same Klædebunaden og same Maalet, som Forfederne vaare brukad. Men de kann prøva, godt Folk, kor langt de koma med di. Du kann vera so lærd og vis, og so hag og hendig som du vil: heve du ikkje nokot, som syner seg utanpaa, so er du halden fyre ein Gap og ein Stakar lika tidlega. Det er vandelaust aa vita, at naar du skal bruka franske Klæde, so lyt du ogso hava franske Namn paa deim; naar du lærer aa ysta paa Tysk, so lyt du ogso hava tyske Namn baade paa Osten og paa Mysa; og naar du brukar engelske Græv og Greipar, so fær du ikkje kalla det Græv elder Greip lenger; elder so kunde Folk tru, at det var same Fille-Greidorna, som han Godfar og han Langgodfar din heve brukat. Naar me skal til aa byggja oss nye Gangverk elder Maskinor, so ljota me hava franske og engelske Namn paa Hjul og Sneldor, paa Aasar og Sveiver, paa Naglar og Skruvar, og paa kvar ei einaste Flis, so at Utlendingen kann høyra, at her er ogso Folk, som hava Vit i Hausen. Og naar me so skal sitja anten i eit Storting elder eit Smaating og tala um Logverket vaart, um alle Eimskipi og Spongvegjerne vaare, og um Landsens Frægd og Framgang, so kann de vita, godt Folk, at det kann inkje høva aa sitja i ei Dale-Kufta og tala Dalemaal; nei daa ljota Dølerne gjera so væl og skapa seg til paa Storemaaten, ifall dei vilja, at nokon skal bry seg um kvat dei segja. Difyre er det, som sagt er: Me verda store Folk alle ihop. Det er berre so leidt med di, at me er so seinføre og so tornæme til aa læra Stormanns-Visi. Det er ei stor Naud og ein aalmenneleg Saknad, at me inkje skulde hava ei Uppskrift um slike Ting; desse Gutarne, som er so gilde til aa skriva, kunde gjerne voret so snilde og gjort ei Bok aat oss, um korleides me skulde fara aat i alle Maatar, kor me skulde ganga og sitja, eta og drikka, helsa og takka og alt slikt, som høyrer til den rette Livemaaten. Dei skriva langa Reglor, um korleides me fara aat her i Bygdom; dei teikna av baade Husbunaden og Klædebunaden vaar og skriva um all vaar Sed og Vis, lika eins som dei skriva um dei ville Folki ut ved Sudhavet. Men dei skriva inkje nokot um, korleides dei fara aat sjølve; me, vaare Stakarar, faa alltid høyra, at me fara rangt aat; men me faa aldri høyra kvat som er den rette Aatferdi. Difyre hava me inkje onnor Raad en aa spyrja slike Folk, som hava tent i Kaupstaden, elder ogso ljota me fara til Staden sjølve og ganga igjenom Gatorna og glosa inn igjenom Glaset til deim, som kunna den rette Visi. Der kunna me sjaa, kor mangt og mynet det er, som vantar oss, og kor naudsynlegt det er aa gjera eit Umbrøyte i alt vaart Stell og Styr. Me ljota hava eit nytt Klædestell; det fær ikkje hjelpa, um det er mødelegt og uhøvelegt til aa ganga med i Skog og Mark og paa dyutte Vegjer, og um det kann trenga til Bøting og Vasking kvar einaste Dag. Me ljota hava eit nytt Matstell med Kaal og Gras og med Krabbar og Østror og alt slikt; det fær ikkje hjelpa, um det er motburdsamt, elder um ein tykjer det er berre til Vombarfyll og korkje til Magt elder Mette. Me ljota hava eit nytt Husstell med blanke Bord og Skaaper, med kvita Remsor yver Glaset og med rosutte Bladverk utyver Veggjerne, altsaman so tunt og fint, at det korkje toler Dogg elder Dumba; det fær ikkje hjelpa, um det er heftesamt aa halda det heilt og reint. So ljota me halda Gjestebod, kvar Gong det hender nokot heppelegt i Landet, og koma i Hug aa halda det same Dagen kvart Aar; og framfyre alt annat maa me koma i Hug den Dagen i Aaret, daa me var fødde; daa ljota me halda eit stort Lag, for det maa no fulla vera ein merkverdig Dag, daa slik ein oversleg Skapnad kunde koma til Verdi. Og naar me daa halda Lag, so ljota me halda Talar og bjoda ut Skaaler fyre kvarandre og fyre alle dei store Ting, som me tenkja paa. Der er ein Ting, som eg heve ei Tvil um; det er um ein skal drikka nokor Skaal fyre Avhalds-Saki elder fyre Maatehald med rusande Drykkjer; det er eg inkje rett stød paa, men det kan me no altid faa spyrja ut hjaa deim, som vita Visende um det. Og naar me so faa Prentehus i Bygdi, so giva me ut eit Blad, og so føra me inn i Bladet ein Fortelnad, um kor det gjekk til i kvart Lag, um Talarne, som var haldne, og Skaalerna som var utbodna, um der var stort Samtykke til Skaali, og um Drykken gjorde sin rette Verknad (det kalla me „en kordial Stemning“). Og dessimillom skal me sitja paa Langstolen og lesa Avisorna vaare; og naar det er gjort, so vilja me lesa Diktararne vaare og høyra kor vænt og fint dei tala, um kor Maanen skin og Bekken surlar, kor Fossen fossar og Baara skvetter, um kvat Fuglarne segja, naar dei møtast, og kvat Rosorna segja, naar dei opna seg og naar dei leggja seg ihop atter. Kort aa fortelja, godt Folk: her kjem ei stor Tid, ei glansande og lysande og straalande Tid. Og hadde eg meg no ei Skaal, og eg hadde nokot godt i henne, so vilde eg bjoda ut ei Skaal fyre den nye Tidi, og fyre alle dei store Ting, som ho ber i Fyrklædet sitt. Og med di skal Talen enda.“
Det var nokre som meinte, at han Gunnar var ein gild Talar, men det var sume, som lagde til, at han hadde for liten Grunn fyre Talen sin. Han Steinar paa Storhaugen gjorde ymise Motmæle. „Eg tykst høyra, at du heve leset nya Bøker, sidan du kann gjera so store Ord um so smaae Ting,“ sagde han. „Naar alle Mann var rike, so kunde der vera nokot i det, som du segjer; men enndaa heve eg no den Trui, at ein kann gjerna vera baade rik og vis og endaa bu i ei Bondestova og trivast med Gamle-Visi no som fyrr; — ein kann gjerna byggja seg betre Hus og hava altsaman hyggjelegt og lunnelegt; men ein treng inkje um aa gjera seg til Utlending fyre den Skuld. Og med di skal min Tale enda.“
Detta var alt, som eg hadde til aa fortelja denne Gongen. Fær du det prentat, so er det væl; og fær du inkje, so kann du lesa det aat gamle Kjenningar eingong, naar du inkje heve nokot morosamare til aa bjoda.
Vestlandet i September Maanad.
Olav Ingenstad.