Anders Rongli
Anders Rongli.
Anders Jonsson Rongli laag ute i 1788, daa slaget stod ved Kvistrom bru. Anders høyrde til hestfolket. Legdi si hadde han paa Nerforsset; det fanst ikkje andre hestar som kunde bera han, en Nerforsset-Svarten. Men Nerforsset-Svarten flaug skigardar med honom, og murar og alt som i vegen kom, so lett at han aldri snart nedaat ein gong.
Anders og Svarten hadde det sin-imillom paa ein maate som var meir en folk hadde set maken til. Ein gong han skulde paa eksisen, var Svarten slept til fjells. Daa dagen kom, hadde Forsseten leita i tri vikor og ikkje funne honom att. Ronglii ligg halvtridje mil lenger uppi dalen; nedunder jordet renn ei aa, som heiter Svana. Aafaret er djupt og trongt. Um Kvelden, som han skulde i vegen til Forsset morgonen etter, var Anders nedved Svana og ongla. Daa kom Svarten klivande nedigjenom aat honom; »men dei visste ikkje av, at det var framkjømt der større for øykjekretur korkje fyrr elder sidan.«
Daa Anders kom ridande til Forsset, vart ingen var honom, fyrr han stod i stova. »Ja, der kjem jægaren,« sa Forsseten, »og eg hev ingen hest.« — »Eg held meg hest sjølv,« sa han Anders.
Forsset-Svarten beit og slo alle som kom honom halve nær; grime laag aldri paa honom. Han var so lei som eit øykjekretur kunde vera. Det var ofte smaatt med fór aat hestom, med dei »laag ute«; men Svarten svalt ikkje: han rengde grima av seg og tok fraa dei andre, alt med det var noko aa taka.
Anders reid med lauspost i ufredstidi. Svensken var etter honom gong paa gong; »men Anders kom fram, og han kom attende ogso: det var hest og det var kar som gjorde løysnad der dei fór.« Ein gong var han i fylgje med ein løtnant. Daa kom det paa dei 10 svenskar og stengde vegen. Løtnanten vart hyfsen. »Hvorledes skal vi komme ikring disse?« sa han. »Aa, haldt deg etter meg,« sa han Anders og reid beint paa. Svenskarne hogg seg fast i hesten; ein av dei greip han i handtyglen under hoka. »No skal du ikkje koma lenger med dine falske brev,« sa han. »Det skal me talast um eg og døkk, det,« svara han Anders og hogg honom yver armarne, sette sporarne i hesten, so han reis ende upp, og tvertok honom i det same med beislet, so han gjorde ein kverv med framfotom, so svensken ross ikring honom.
Anders gret, naar han fortalde dette sidan: han trudde det sprang liv den gongen.
Det var tilraadt so lite mat aat heren, at dei laut berga livet som dei best kunde. Ein gong sette Anders og Knut Mellgarden inn i kjøkenet paa ein herregard etter mat; Anders og Knut var sambygdingar. Kokka vart rædd: dei saag fælslege ut, var raudklædde og hadde tvo pistolar og sabel. Ho bad dei for Guds skuld svinta seg ut att; »her bur baronen,« sa ho. »Eg d{{..|2}}t i baronen,« svara Anders; »kor er han?« Og ho laut syna dei av inn i stova. Der sat baronen ved eit bord. Han glaama paa Anders. »Kva vil du?« sa han. »Faa mat,« svara Anders. »Aa, er det ikkje anna!« sa baronen. Knut og Anders fekk flust med baade mat og drikke.
Det var ikkje lang rykken ufreden stod paa. So gav dei seg paa heimvegen att nord igjenom Baahus, same vegen dei var komne. Det bar gjenom fatige matlause bygder; dei var mest ihelsvoltne og uppetne av unaad, daa dei slapp yver Lina att ved Fredrikshall og sa Sverike far vel:
Tak for hver dag vi sultet har.
Jeg maa nu fra dig flytte
med lus foruden tal.«
Mange aat seg kvakk ihel paa mathusom i byen.
Daa var det sjau vikor sidan dei saag Fredrikshall fyrre gongen.
Dei var so lasne paa klædom, at det var berre so dei kunde skyla seg. Daa dei møtte fram ved telthuset paa Fron, og munderingarne vart innatt-hengde, var det mange som sleit plaggi sund millom henderne og kasta fillorne inn so dei dreiv. Gamle Olav Mellgarden paa Fron kunde i 1880 »minnast dette som ein draum.«
Forsset-Svarten kom heimatt like god. Fyrste Anders fór ut igjenom dalen og Svarten gjekk ned paa jordet, kom han støtt humrande upp aat skigarden, naar han høyrde maalet hans.
Anders kunde gjera vers; han sette upp ei lang visa um ufreden, alt fraa han tok heiman-til og baud far vel; det var hausten, »septembers tredie dag«:
jeg grædende tilbage ser;
mor jeg forlader
samt søskende og fler.
Befaler eder Gud;
jeg reise maa afsted.
Thi kongens ordre og hans bud
udfordrer disse fjed.«
som jeg af hjertet holder kjær!
Hvad skal jeg sige?
Jeg skilles fra dig her.
Maaske jeg aldrig mer
i denne verden dig
med disse mine øine ser;
Gud ved det visselig.«
So bar det i vegen: »Trommen den røres, krigshesten føres bort.« Kongelege prinsar styrde leiken.
om nordmænd eier heltemod,
eller hans kræfter
forbauset stille stod.
I fordum hørte man
om nordmænd aldrig sligt.
Jeg tror endnu paa denne tid
han vise skal sin pligt.«
Alt ved fyrste møtet fekk svensken ein støkk i seg:
mod svenske offiserer frem,
lader dem vide,
at nordmænd følger dem;
at deres følgeskab
er af den norske rod,
som vil for kongen og hans land,
opofre liv og blod.«
sig nogle timers dilation,
derfra marscherer
bort fra vort øiesyn,
syv mile længer ind
i Sverig pakked sig.
I hælene vi fulgte ham
hver mand endrægtelig.«
Ved Kvistrom bru sette svensken seg upp og stengde vegen. Nordmennerne gjekk paa:
marscherte ham imod.
Nu skal her spørges med stor. lyst,
at vi i feldtet stod.«
ved søndenfjelds batallion,
Mansback, den gjæve,
en general saa from,
sig over broen først
mod fienden vovede;
og bataljonen med stor lyst
straks efterfulgte dem.«
Sjau hundrad svenskar vart tekne til fange. Seks nordmenner vart liggjande paa staden:
de ofred liv og blod.
Jeg haaber sjælen i Guds haand
skal nyde evig ro.«
Vegen laag nordmennom open — dei svenske magasiner med. Dei hersette Venersborg; eit heilt regiment tok inn i byen med spel og klang so det huska.
en eskadron, i følge var
med klingende toner
og fast paa trommen slaar.
Med piber og musik,
hist paukers søde klang,
istemmedes paa samme tid,
saa det i staden klang.«
Dagarne gjekk som eit gjestebod »med fryd foruden sorg«:
enhver fik sin beskikked del.
Oksen blev slagtet;
nu lever vi saa vel.
Vi æder kjød og brød
og drikker brændevin.
Den svenske flikke i vort skjød —
hvad fattes da vort sind?«
Men heime er best, um burte var aldri so grumt:
vil du opgive hjertet dit,
jeg tar det ikke,
saa er vi kvit om kvit.
Jeg elsker Norges fjeld
og piger der iblandt.
Gud giv dem lykke, fryd og held;
med dem er jeg best vant.
Anders hadde utifraa godt maal til aa syngja; »det var slikt fosselaup i honom, naar han song.« Dei hadde jamnaste honom til aa syngja ut lik i Øvre-Svastum. I Essdalen song han ut alle lik; det var so andvigt og langt aa faa klokkaren dit. Essdalen langar seg nordigjenom fraa utpaa dei tverbratte Robakkekleivom: derifraa ligg Øvre-Svastum framanfyre ein som ei uppslegi bok. Naar so likhopen kom nordantil Essdalen og utpaa Robakkeriset, daa høyrde dei maalet hans Anders ut igjenom heile bygdi. Stod vinden med, hende det, at dei høyrde honom i plassom kav uti ved Surta aa.
Daa likferdi var etter han Anders Olson Dale i 1819, var Anders Rongli der og song honom ut. »Det var i verste førefallet um vaaren,« fortel ein av dei som var med. »Det vatna fælt paa Essdalsvatnet; dei laut draga kista paa kjelke utaat »Vatsenden«. Der møtte dei med hest fraa Neset og køyrde liket aat Ormvollen, nedunder Robakkom; derifraa skulde Klaapen køyra det aat kyrkja. Daa dei kom utpaa Robakkarne, stana likhopen; men Anders gjekk fram paa høgste bakkeriset og song, so Klaapen skulde høyra det heim og sela paa — som avtalen fyreaat var. Anders sat paa ein diger stein i vegkanten og song. Eg skulde enno kjenna att den digre kvite steinen han sat paa; men vegen laag i den tidi høgare upp i bakkom en han no gjer. Eg var tie aar gamal, daa likferdi stod. Eg tykte det var slik moro aa faa vera med.«
Dei song so mykje visorne hans Petter Dass i lagom det leitet. Anders kunde dei alle utanaat. Han hadde so urimeleg godt minne. Det var ei tid han kunde minnast alt som var, naar han hadde høyrt det ein einaste gong. Visa um Jefta var den gjævaste av alle. Naar det daa var eit lag, og folk tok til og vart paa ein lette, daa kan dei gamle minnast han Anders, korleis han sat og rugga paa seg og rulla og song so godt denne visa:
den Gileads mand.«
Han var god til aa tralla ogso; han tente seg mang ein dram med di. Det var ein gong i eit samkvæme han hadde fenge drammarne sine, men det drygde fyrr han tok paa, og Olav Sydgard Nordgarden onna paa honom. »Aa, vent til eg fær rus og krefter,« sa han Anders. Han var gamal daa.
Anders var ein rugg til kar, stor paa vokster, brei millom akslom og drjug i bulen.
Ein gong han kom til Hælberg, var det mange som heldt paa og øvde seg og lyfte paa ein diger stein der i tunet. Men det fipplast, endaa den eine var ein gut som heldt seg for kjempekar. So freista Anders — fyrst ein gong, men fekk honom ikkje uppfraa; andre gongen fekk han armarne innunder: »Aa kom og set deg paa au, tufsen,« sa han til guten. Daa rette han seg upp og vagga tunet rundt med baade guten og steinen paa armom.
I ein aksjon paa England var det tri kjempor fraa Foldbu som laag etter honom og drakk honom full; dei fekk honom til slutt i koll yver ein slede der i tunet, og velte seg paa honom alle tri. Daa reiste Anders seg og greip dei tvo, ein i kvar hand, og gjekk inn i aksjonsstova med dei; den tridje beit han i trøyekragen og bar honom, men han klønte seg fast i døraklædningi og vart atthangande der. Anders synte fram dei tvo han hadde i kløom, og spurde kva han skulde gjera ved dei. »Aa deng dei! aa slaa dei!« ropte folk imot. Men Anders tykte synd i dei; han berre letta dei upp og klessa dei i hop nokre gonger, og let dei sleppa med di. Anders var so taug og god av seg, at det var mest ikkje raad aa faa honom sint:
»Gud hev ikkje skapt meg slik,« sa han. »Det er ei naade.«
Paa »Raudskogen«, millom Gausdal og Aulestadgrendi, møtte han ein gong ein mann som køyrde paa ein diger stein. Hesten var forlesst. Daa tok Anders og letta steinen av og la honom ved vegkanten. Aarstal og namn vart paahogge. Dei kallar steinen »Ronglilyftet« den dag i dag er.
Det var ein gut i Sydgard Nordgarden som baud honom av; men Anders vilde ikkje. »Eg bryt deg berre ende ned,« sa han.
Den einaste som stod paa merkom med Anders, var husbonden hans, han Rasmus Nordgarden, far hans »Visknut« dei kalla — Anders var husmann under Nordgarden.
Far hans Rasmus var berre ein liten murv; men mor hans, ho Ragnhild Nordgarden, var so stor og sterk at det var ser um lag. Det var fraa henne Nordgardsfolket hadde styrken sin og storleiken; men Ragnhild var komi fraa Snertingsdalen i Ner-Svastum.
Rasmus og Anders knepte ein gong rygg for moro skuld. Rasmus tok honom rett; men det sa han, at det var det tyngste tak han i alt sit liv hadde teke.
Anders var fødd 1762 paa Gryte i Gausdal. Han døydde i 1838, um hausten. Dei hogg han hadde gjeve svenskarne, kravde honom, daa han laag paa sit siste: »Eg er ein syndug mann,« sa han: »eg hogg so armarne hekk att i handtyglom.«
»Visknut budde i desse aarom i Neset, ein gard som ligg ein halv fjordungs veg fraa Ronglii. Det var ein dag som Knut og Marit Neset var aaleine inne. Knut sat ved bordsenden i høgsætet, og halla paa hovudet og lydde, som han so ofte gjorde. »Jadden syng det vakkert aat han Anders Ronglii no lel,« sa han. »Han hev sunge aat mange; men no syng det aat honom.« — »Han hev gjort fraa seg no kanskje,« sa ho Marit. »Ja, no er han vandra burt,« sa Knut; »det syng so vakkert aat honom.«
Knut høyrde so ofte jubel og song fyre øyrom; daa trudde han det var »ei lykkeleg sjæl« som gjekk burt. Marit var so van ved aa høyra slikt av honom; no vilde ho sjaa, um det var sætande, det han sa, og gjekk burtaat og saag paa klokka. Ho var just 3.
Straks etter kom daudordi hans Anders: han hadde slokna klokka 3 um eftan.
Johannes Skar.