Hopp til innhold

17de Mai

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer (s. 7484).

17de Mai.


Godt Folk!

Det er ikke so greidt at tala om den Ting, „at vera fri“. Det gjeng endaa paa ein Maate an at tala om den, men at føle for den og vera hoppande glad, det er eit myket større Karstykke; det vil daa segja for den som er fri, liksom me bilda os in at vera. Dette er nemlig som at vera glad, for du er frisk, naar du er det, og at vera glad for du er mett, naar du siter med Metten din. Du maa vera sjuk, skal du setja det rette Værd paa Helsa, og solten, skal du med Eldhug tenkja paa det rike Bord, og tyrst, skal du hava den rette Smak for ein god Vatsdrykk. Og so er det med alt som godt er. Naar me hava det, synes me det er, som det skal so vera, og at det liksom ikke kan vera anderleids. Godt, at me ikke alt ero so mette af det, at me leidas det attaat. Det hender tidt, at dette fæle Verset kan vera altfor sannt:

Ikke, om me kunde Himilen naa,
me endaa var rike:
lengtande maatte me Helvite faa,
som skapt er for slike.

Ja, slike kunna me vera, og eg er ikke hard i min Dom over slike Folk; for eg heve sjølv prøvad nokot slikt: Eg gjeng her som de sjaa med eit halt Kne; men før eg vreid meg i det, takkad eg aldri, for eg ikke var halt; det hende tvertimot, naar eg tenkte paa mine Kne, som eg sjeldan eller aldri gjorde, at eg syntes eg ikke var so Knerett, som eg skulde vera men liksom litt Kalvebeint. Men kom seg no! Ja no er eg „begeistret“ for ikke kjenna til mit Kne eller vita nokot af det.

Ja so er det, som sagt, med at vera fri. Det er at vera fri og inkje annat, ingenting at kjenna til Baand eller Tvang, og det er derfor først naar du er bunden, at du liksom fær ei Meining om dette og kan vera glad i det. Skulde derfor Nokon finna paa at inskrænke vaar Fridom, daa skulde de sjaa, at her vardt Hus den 17de Mai! Og dersom her vardt det, som me bør tru, so er det ikke so stor Faren med det, om me ero helder daude af os i vaar fulle Fridom den 17de Mai.

Det er nemlig, som vel dei flesta hava merkt paa sjølve seg, ikke so greidt for vanlege Folk at elda seg up til Glede over denne Dagen. Der skal Philosophi til dess. Det er eit Tanketak. Du maa i Likning med det, som er sagt om Løva, og som eg sjølv heve seet af Oksen, liksom daska og dengja deg up med din eigen Hale, alt til du kjem i den rette „Stemning“. Dette maa idetmindste eg gjera, naar eg skal ut med ein Song til denne Dag eller naar eg skal tala. Eg maa aga og eggja og øsa meg up med det, eg tenkjer ihop; for det kjem ikke af seg sjølv det, som etter Kunstmaalet er nokot „negativt“. Det er vel „positivt“ og, men dette er paa ein annan Maate.

Men anten det no er lett eller tungt for det frie Folk at vera glad i sin Fridom, so er denne like god, liksom Helsa er likegod for det, om den friske Mann ikke synger om hena.

Me er altso eit fritt Folk, og det er dette, som er Dagens Minne. Og dette vil daa segja, at me kunna styra og stella i vaart vesle Hus, som me sjølve finna for godt, og at kver Mann kan vera sin eigen Lykke-Smed, liksom det heile Folk kan vera dette. Gjeng det os derfor godt, so hava me — næst Gud — os sjølve at takka for det, og gjeng det os vondt, so maa me likeins takka os sjølve for det. Nationen er liksom vaksen, so han er sin eigen Mann.

Hava me i denne Mannsaldren etter 1814 brukad godt denne vaar Fridom. Dei fleste Folk svara Ja, og om just ikke eg vil segja Nei, so er det greidt, at me kunde hava gjort det betre, endaa dette er nokot, som ingen Mann kan segja, idetmindste ikke enno. Men, det er ikke likefram med det her verdt spurt om ein Dag som idag. Spursmaalet er, om me hava gjort eller kunna gjera nokot, som gjever os Rett til at vera eit Rike for os sjølve. Det er vaar Rett til at liva, at vera til (raison d’être), det er dette her verdt spurt om. Og hot er det daa, som gjever eit Folk Rett til at liva? Det kan vera mangt dette, men Alle vilja vel samstava i det, at det, som skal gjeva eit Folk denne Rett det er, at me som eit Folk kasta nye Tankar in i Verdenslivet. Det er ei ny Side af den store Glimestein, eit Folk skal slipa ut, so at Tankestraalen i denne kan liksom faa ein ny Farge; og at me hava ein ny Livstanke framifraa dei andre Folk at gjeva den tanketrengande Jord. I den gamle Tid hadde me slikein Tanke. Jamvel Vikingskapet var det. Men vaart gamle Spraak og Bokrike eller Literatur, som af dei gamle er den beste etter den jødiske og grekiske, var det endaa meir. Dette gjever os enno liksom ein Grunn til at liva som eit Folk. Og naar den practiske Engelskmann segjer: „Eit Folk med femti Tusen gode Sjømenn er værdt at hava til Sambunden“ (Allieret), so segjer Vitenskapsmannen jamvel i det aandfulle og store Frankrike: „Eit Folk med den Literatur er stort, om det er aldri solitet. Verde vilde vanta ein af sine mest sermerkte Tankar, om den var burte.“

Men so kom Omskiftet. Der kom andre Tidartankar, og dei smaae Land samlad seg ihop til store, og me kunde ikke auka med, men liksom sovnad af. Men so kom 1814. Det var først det Ytre, som kom, reint den snaude og turre Beingrind; men den maa først vera til for at bera Kroppen, som sidan kan bli fyldig og fager. Det var Mange som trudde, at denne nakne Beinbygning var nok til at gjeva den norske Mannen det rette Liv. Ja, Mange tru enno dette; for denne deires Strid imot norsk Maal og Tankemaate er i sin Grunn ingenting annat en ei slik Tru. Men er her, som det seer ut til, Livskraft i Folket, so maa eit indre fyldigt Liv veksa fram i dette ytre.

Vaart Folk ei Stund i Svevnen gjekk,
og laut for Andre træle.
Men som det att’ sin Fridom fekk,
so maa det faa sit Mæle.

Det laag derfor i den heile Samanheng, at Wergeland, som gjorde somyket for den 17de Mai, likeins braut paa Maalet, so godt han for si Tid kunde. Det var eit Merke paa Storleiken hans at han soleids tok up somyket af den norske Tanken. Og det var likeins eit Merke paa, at hans Motstandarar, vaaro mindre, daa dei ikke forstod dette, men trudde, at me i Politikken kunde vera eit sjølvstendigt Folk og i vaart Maal og Andarbunad høyra til eit annat. Men, det er ikke Maalstrævet eg i Dag vil koma in paa. Kunna me, som eg ikke trur, utvikle ein norsk „Folkeoriginalitet“ utan at bruka fullt ut vaart eiget Tungemaal, so sleppa me det heile Maalstræv. Men ein slik „Originalitet“ maa koma til Ords, skulle me, som ero so smaae, i Lengde faa Lov til at vera sjølvstendige, det er sikkert; for Andarlivet er so lagad, at det ikke teker nokot for godt utan Grunn; og Staternes Politik er likevel, naar alt kjem til alt, ein Fornufttanke og ikke den raae Magt. Historien visar knapt nokot Exempel paa, at eit Folk, som der var Grunn for til at lata liva, er dømt af med Livet. Det er nemlig ikke i Rikslivet som i det daglege Liv, der saamangt eit daarlegt Ting fær Lov til at vera til, som det ofte synes reint utan Grunn. Her skjærmer nemlig Staten om den Unyttige; men naar Stat kjem up imot Stat, daa verdt det spurt anten om Magt eller om Gagn.

„Snakk, med desse nationale Tankane“, sagde ein Gong ein stor Skipsreder til meg, „det er vaar Sjøfart, den store Skipsfloten, som skal gjeva os vaar Livsrett.“ Eg vil ikke so liketil gjera Narr af deg ved at minna paa Skomakaren, som sagde, at der var Ingenting so godt som Leder, meinte eg; for vel er Skipsfarten ein stor Ting og nokot meir en Leder: den vekker upatter vaar Vikingskap i ein forædlad Skapnad og agar sjølve England. Men denne kunde me driva, om me stod under Sverike, Danmark, Tydskland eller kven det var. Det er Mange, som tru, at det endaa vilde vera best for den, naar me stod under Rusland. Det er Handel og Vandel, som er nyttig nok og maa vera med i eit Riksliv, men Livet vilde vera like aandelegt armt for den; der er inkje Framifraa i den. Alle Folk, som liggja til Sjøen hava den. Men er det sannt, at den norske Sjømannen er den beste, og vaar Lods den mest urædde, ja daa er dette ein Tanke, ein liten Part af Retten for det heile Folk til at liva. Likeins er det med Alt det, som heiter Matstræv. Me kunna stræva og stræva, men med alt vaart Stræv, so vil eit eller annat Utland altid vera ein større Matstrævare, so me der aldri kunna koma med nokot framifraa, ikke eingong i Fiskeri, som du ellers lett kunde tru. Fisken er god og han trengst til; men her vardt vel fiskad likemyket, anten me vaaro sjølvstendige eller ei, kanske endaa meir, naar me vaaro eit mindre fritt Folk, som kunde staa under større Driftsherrer i Likning med den skotske Aalmugen. Det kan likeins henda, at Jordbruk og Fedrist vilde vera betre, om Landet stod under store Grunnherrar med Adelskap til eit større Styreland, en det no er paa vaar frie Gjerd; og at Skogen daa vilde verda meir spard, er trulegt. Det einaste i Matvegen, som kanske daa ikke vilde vera so gildt som no, det er vaare Vegjer og Dampvæsen til Lands og Vands. Men det er enno ikke fullrøynt, anten dette er til Gagns eller ei for eit Land med alle dei einbølte Folk paa store Vidder. Eg trur, at dette i Mangt er at sko Hesten med Sylv. Men, lat denne mi Tru, til me faa sjaa, vere for seg sjølv, vist er det, at dette vaart Stræv ikke kan gjeva os nokon folkeleg Livsrett.

Det verdt ofte skrivet om i Utlandet, at dei germaniske Folk og daa mest desse nordiske og det engelske hava lært Verde den Kunst at kunna styra seg sjølve. Dette er ikke meint, som daa Salomon sagde, at den Mann, som overvinn seg sjølv, han er sterkare en den, som legg ein heil Stad under seg; men det er den Kunst at kunna gjenomføre ei politisk Sjølvregjering, soat me ikke liksom meir sydlendske Folk trenga til at staa under ein slik Formyndare og Tilsynsmann. Det skulde vera det, at me var eit politisk Mønster, som gav vaart Riksstyre Lov til at vera til; for det er so vesalt og smaatt, at det utan dette berre vilde vera til at læ aat. Sjaa me derfor, at me med all Smaadomen vaar kunna vera eit slikt Mønster, so vøre dette og nokot. Men at styra godt det, som er litet eller ingenting, det er og litet og ingenting. Det er Smaatt, som styrre Smaatt, og so var det Smaatt altsaman. Det er godt og vel at hava sine tusen af Embættesmenn og sin Million af Bruksfolk og styra desse vel. Men, der maa vera ein Tanke med alt dette. I seg sjølv er det ingenting. Det maa laga til nokot, som skal koma. Det heile Regelverk maa liva for nokot annat og meir evigt en det sjølv er. At Folk „eta og drikka og taka til Egte og lata seg taka til Egte“, er godt og vel. Dette Dyreliv maa og til som Underbygning for eit Tankeliv. Men kven vil forsvara Retten for eit slikt Liv til at vera eit Folkeliv, eit Riksliv? Ein matstrævande og rett og slett politiserande Statsraad f. Ex. er ein gild Mann; men i denne Samanheng, som er den sannt historiske, er han ingenting. Ut med honom, sosannt som han ikke attaat er Berare af ein Tanke, som eit annat Folk ikke eiger Maken til, og som naturleg er grodd fram af vaar sereigne Folkeætt og historiske Minne og Landsens Lagnad.

Er her den Livsmagt i vaart Folk, at ei slik Aand kan koma fram og syna seg i Vitenskap og Literatur og Kunst, ja daa er der fyrst Grunn for os til at vera eit sjølvstendigt Folk; for daa vil fyrst Verde segja: „den vesle Nation maa ikke døy, for han lærer os nokot med den Tanken, han kastar in paa Andarlivets Verdensmarknad. Der er nokot Nytt i den, som ikke nokot annat Folk kunde finna fram.“ Men heve vaart Folk ikke denne Magt i seg, so er det dømt af med Livet utan Upstandelse. Det kan vel endaa som Folket i Gibeon vera Vedhoggarar og Vatsdragarar for Israel, men inkje annat.

Det er ikke mi Meining, godt Folk, at me skulde jaga etter nokot Nytt. Eit Folk skal som den einstake Mannen stræva etter at vera so likt andre kloke Folk som mogelegt. Det er Narret, som vil skapa seg til og merkja seg ut ved nokot framifraa. Men med alt Stræv etter at vera Folk like, so vil likevel eit Folk som ein Mann, liksom imot sin Vilje, hava sit Mannamerke, naar det etter si Ætt og Afkjøme og Maal og Mæle og Lands-Lagnaden er eit Folk for seg sjølv og ikke ei kunstig Utskiljeng af eit annat og større. Men til denne Naturgrunn for eit Folkemerke maa eit Folk likeins vita seg som eit og forædle sine serskilde Naturgaavor og ikke gjeva up denne beste Arven sin, som Mange tru, at det baade er fint og nyttigt for os at gjera.

Den 17de Mai slepte liksom lause dei bundne Krefter, som laag i vaart Folk. Kunna desse under sit løyste Samspil veksa ihop atter og finna ut ein Norsk Nationalitet i Samanheng med den gamle, som var meir bunden og viste liksom mindre af seg, daa og fyrst daa vil Dagen vera den store Dagen, som det no i lang Tid er sunget om, og fyrst daa vil me vera eit sannt Folk med Rett til at liva; for der er daa ei aandeleg Livsmagt i os. Den likamlige Livsmagt vil nemlig eit Folk altid hava, solenge det kan vera Dyr, og det kan det vera, solenge det kan tyggja Graut. Men, det er eit annat Liv, som her er meint. Me smila ofte aat den Ting, at me Norske so gjerne vilja, at ein Ting skal vera norsk, Svenske, at den skal vera svensk, Franske, at den skal vera fransk osv. med alle Nationer. Det kan vera barnagtig Faafengd dette, som det og tidt er. Men, godt Folk, der ligg nokot djupare og meir aalvorsamt i det. Det er eit nationalt Livsinstinct, som kjenner paa seg, at det Folk, som ikke eiger nokot framifraa, ingen Rett heve til at liva. Af dette kjem og den forunderlege Magt, som det Nationale eiger. Eg og du, om me ero aldri so sjølvgode, tenkja likevel som so, anten me so vita af det eller ei: mit og dit Liv er snart ute, men Folkets Liv er evigt, og det nationale Mæle er liksom eit Mæle fraa Gud.

Hurra for Dagen!