Um målbruk i statstenesta

Fra Wikikilden
UM MÅLBRUK I STATSTENESTA

Lov frå 6. juni 1930 og Kongeleg resolusjon frå 29. januar 1932,
med kommentar frå Kyrkjedepartementet.






OSLO 1932


PRENTA HJÅ JOHANSEN & NIELSEN
§ 1.

Ved tilsetjing i embete eller stats­tenestepost som det krevst minst artium eller lærarprøve eller onnor jamgod ut­danning til, skal den tilsette, dersom han er fødd etter 1. januar 1905, ha plikt på seg til å nytta liksovel nynorsk som bok­mål i skriftleg handsaming av saker som høyrer tenesta hans til, etter dei fyre­segner som er eller vert gjevne um mål­bruk i statstenesta.

Kjem det upp tvil um ein teneste­post går inn under fyresegni i fyrste leden, vert tvilsmålet å avgjera av det departementet som posten høyrer under.

§ 2.

Kongen kann gjeva nærmare fyre­segnar um i kor stort umfang dei tvo målformene — nynorsk og bokmål — vert nytta i statstenesta.

§ 3.

Denne lovi tek til å gjelda den 1. januar 1931.

Frå
Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Jnr. 415 D 1932.

Med kongeleg resolusjon av 29. ja­nuar 1932 er det fastsett:

«Etter § 2 i lov um målbruk i stats­tenesta frå 6. juni 1930 vert fastsett nærmare fyresegner um målbruk i stats­tenesta i samhøve med eit framlagt ut­kast, som lyder so:

1. Øvste styraren for eit statskon­tor avgjer kva mål kontoret til vanleg skal nytta i tenesta si, so langt han ikkje er bunden av lov eller fyresegner som vert gjevne i samhøve med lov.

2. Hev eit herads- eller bystyre gjort vedtak med krav på visst tenestemål i vedskifte med statskontor, skal alle statskontor som heradet eller byen sok­nar til, og alle statskontor med teneste­krins innanfor heradet eller byen nytta det målet som er kravt i prenta rund­skriv, fyrerit, uppslag, kunngjeringar og formfast vedskifte elles med teneste­makter og folk i heradet eller byen og sameleis mest mogeleg i onnor skriftleg sak-fyrehaving som kjem tenestemakter i heradet eller byen ved.

Dersom dei faktiske tilhøvi fører med seg at eit statskontor ikkje straks kann gjenomføra dette utan munaleg auka utgifter for det offentlege, kann kvart einskilt departement tilso lenge gjeva dispensasjon frå fyresegne i dette punktet.

3. Hev fleirtalet av herad og byar innan tenestekrinsen for eit statskontor gjort vedtak som nemnt i punkt 2, skal kontoret fylgja tilsvarande fyresegner for heile tenestekrinsen sin.

4. Krev nokon serskilt for seg visst tenestemål i ei pliktig teneste av eit statskontor, skal kontoret stetta kravet når det ligg fyre formular, fyrerit eller formfast tilfang elles til den tenesta det er spursmål um. Statskontor skal van­leg svara på brev frå einskildmann i same målet som einskildmannen sjølv hev nytta.

5. Kvart regjeringsdepartement for seg gjev utfyllande fyresegnar for dei ulike tenestegreinene sine til å gjera lovi fullverkande og fører tilsyn med at fyresegnene vert fylgde. Dessutan ligg det til kvart departement å syta for:

  1. At statskontor hev fyrerit på båe mål til formfast vedskifte i samhøve med punkt 2—4.
  2. At prenta rundskriv, uppslag og kunngjeringar som vert laga under eitt for heile landet, vanleg vert gjevne ut på båe mål soleis at kvar tenestekrins kann få dei på det må­let som er fastsett for kvar stad. Når det ikkje fell lagleg å gjeva ut same tingen på båe mål, kann og sumt gjevast ut berre på det eine og sumt berre på det andre målet, alt etter som det høver, men lilevel so­leis at det vert rimeleg samhøve i mengd på båe mål.
  3. At sentralstyrekontor i skriftleg ho­pehav med folk og lokale styremak­ter fylgjer dei fyresegner som er gjevne i punkt 2—4.

6. Justisdepartementet fører liste over herads- og bystyrevedtak etter punkt 2, kunngjer dei i «Norsk Lov­tidende» og send melding til dei an­dre departement.

7. Desse kongelege resolusjonar um målbruk i styringsverket skal ikkje gjelda lenger:

Kongeleg resolusjon frå 13. februar 1925 for fylkeskontor.

Kongeleg resolusjon frå 18. desem­ber 1925 for tenestemenn under Justis­departementet.

Kongeleg resolusjon frå 14. desem­ber 1928 um «målbruk i kunngjeringar um ledige embete og tenestpostar».

I det ein melder dette, skal departe­mentet få lov til å gjera desse merk­nader:

Som ein vil sjå av dei einskilde fyre­segnene byggjer resolusjonen liksom lovi um målbruk i statstenesta frå 6. juni 1930 på jamstellig av dei tvo riksmål i landet soleis at styringsverket er bunde til å taka like mykje umsyn til det eine som det andre målet.

Til punkt 1. Med «Øvste styraren for eit statskontor» er meint den eller dei som utetter bind kontoret med si underskrift, tenestemann som hev rett til å skriva «etter pålegg», «etter full­makt» o. l. hev soleis høve til å velja mål i ekspedisjonar som han skal skriva under på innanfor råma av lovi um målbruk i statstenesta og desse fyre­segnene

Til punkt 2. Millom dei kommunar som hev gjort vedtak um målbruken i styringsverket er det ikkje so fåe som hev sagt seg «nøytrale», det vil segja at dei hev ikkje uttala noko serskilt ynskje um at eit visst mål vert nytta. I vedskifte med desse kommunestyri står soleis statskontori fritt i målvegen. Statskontori kann nytta båe mål um einannan.

Med umsyn til fyresegni i siste leden av punktet er å segja:

Eit statskontor som til no ikke hev nytta same mål som er kravt frå kom­munestyri eller fleirtalet av kommune­styri i vedkomande distrikt bør med ein gong byta mål i alle tenestesaker, der­som vedkomande styrar av kontoret kjenner seg før til det: Hev han artium, lærarprøver eller onnor jamgod utda­nning og er fødd etter 1. januar 1905, er han pliktig til å nytta det målet ved­komande distrikt hev kravt.

Dersom kontoret hev fleire teneste­menn, bør ein nytta ut den kunnskap kontoret hev til å stetta ynskjet um eit visst mål, nynorsk eller bokmål, og te­nestemenn som fyller kravet etter § 1 i lov um statstenestemålet kann pålegg­jast å nytta dette målet.

Ledige postar i distriktet skal lysast ut i det målet som er det offisielle for distriktet og i lysningane skal det krev­jast upplyst um vedkomande maktar det mål som er det offisielle for di­striktet.

Dispensasjon frå fyresegni i dette punktet kann gjevast dersom ein ikkje kann gjenomføre kravet utan munaleg auka utgifter. Dermed er serleg meint utgifter ved tilsetjing av nye teneste­menn eller serskild språkkunig hjelp ved kontoret av umsyn til målspursmå­let. Det kan det sjølvsagt ikkje vera tale um. So snart det vert høve til det må det etterkvart verta tilsett teneste­menn som greier nynorsken. Derimot kann ikkje utgifter til rettleidingsbøker i vedkomane målføre, til umsetjing og prenting av ymse slag skjema og fyrerit til faste lysningar for kontoret (t. d. frå lensmennene um auksjonar o. l.) rek­nast under munaleg auka utgifter.

Til punkt 5. Ein går ut ifrå at kvart departement liksom no gjev utfyllande fyresegn for bruk av dei tvo riksmål både innum skølve sentraladministra­sjonen og direktorati og utetter til dei styringsgreiner som høyrer under de­partementet i samhøve med lovi og desse fyresegnene.

Det vilde vera ynskjeleg um depar­tementet med ikkje for lange millom­rom sette upp ei liste over dei kontor under det vyrde departement som etter kommunerøystingane skal bruka det eine eller det andre målet, eller som står fritt.

Til punk 6. Når eit departement fær melding frå Justisdepartementet um eit kommunestyrevedtak, må meldingi sendast vidare med turvande rettleiding til dei statskontor under vedkomande departement som vedtaket hev noko å segja for.

Med umsyn til bruk av ulike former innum dei tvo måli vil vel det normale vera at ein brukar dei obligatoriske for­mer i kvart mål.

Vil nokon i statstenesta bruka val­frie former i det eine målet bør vedko­mande ogso nyya dei valfrie formene i det andre målet når det gjeld ekspedi­sjonar i det målet.

Oslo, den 18. februar 1932. Nils Trædal.

___________
Per Vigstad.


Dette verket er ikkje beskytta av opphavsretten, av di det vart laga av Den norske regjeringa (Åndsverklova §9).