Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/93

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
93


Og likevel so er han norsk i utruleg mange Ting; hans Liv var betre en hans Lære. Det er f. Ex. ein Fynd i mange af hans Uttryk, som er ravnorsk, sosom det han sagde om Adresseforslaget: „Det er ei Pylse utan Inmat“. Det kom mange slike Fyndsspraak fraa Munnen hans og han gjekk so bust og baust paa, at han var nog so national, sosom daa han til stor Forskrækkelse for mange Norske og Svenske spurde fraa Festsalens Talarstol i Stockholm 1860: „Hvad er det I vil, gode Herrer og svenske Mænd“? Er det Krig med Norge I vil have? Nu vel I skulle faa den.“

Ja so fortalde svenske Menn meg, at Orda paa Lag fall, og dei spurde meg nærare ut om Schweigaard. Ja svarad eg, han er, som vi alle vita, Norges fremste Mann i mange Ting, men eg trur knapt, at Nationen vilde senda honom ut som Diplomat. „Nei, det tror jag“.

Det er mange Folk, som hava sagt meg, at eg skulde skriva eit Upgjør millom Wergeland og Wehaven, men daa har eg altid svarat, skal det vera Tala om Motsetning so maa det vera millom Schweigaard og Wergeland. Schweigaard er nemleg den mest fullgyldige Repræsentant for det gamle Samfund. Han er som Benjamin Constant sagde om Napoleon, ein utmerkt Repræsentant for eit daarligt System.

Eit Samfund som dette gamle med Schweigaard til Uttryk kunde nok hava si Rædsla for det nye framkomande norske Liv. Du vil undskylda baade Schweigaard og alle dei andre, naar du kjem deg ihug at Norskdomen i Politik og Literatur ikke altid viste seg tekkjeleg. Den trivlad seg fram stakar. Den var arm, den hadde ikke Landsens Mjølk og Uld at gjeva sine Talsmenn Den var mest,