Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
9

mindste den største Løn og Æra paa Dagen og Timen, som Arbeidet.er gjort.)

Han sagde, skal likeins Welhaven hava sagt, at han gjorde dette af Pligt. Riket trang til slik ein „Kjærredragare“. Han saag altso den Lagnad, som ventad honom, og viste paa Fyrehaand, at han ved denne Fyrespenning ikke lenger kunde vera „Araber“. Er dette sannt, so er det „tragisk“ med fri Vilje og af Pligt soleids at vigja seg til Slitarbeid og dermed stengja seg ute fraa det hægre og friare Tankeliv og liksom med dette døy fraa Vitenskapen og Ideernes Rike. Det vilde vera at lemlesta sine ædlaste Sanser for at dei grøvre og mindre ædle kunde bli sette i somyket betre og sterkare Drift. Kan vaart Livsinstinkt gjera dette? Ja, Religionssværmarar vita vi hava „rivet ut sit Auga og kastad det fraa seg“, fordi det „forargad“ deim eller fordi dei trudde det var Pligt.

Ei historisk Utgranskning af Schweigaard maatte samla seg om dette Punkt og faa dette uplyst. Gjorde han dette, so var han født „Araber“ eller „Geni“, og gjorde han det ikke men berre fylgde Naturen sin, so var han ikke meir en eit „Talent“. Det maatte han vera, og det eit godt eit; for der var ein Siriusafstand imillom honom og hans Felagar (Kollegar) i Universitetet og vanlege Embætsmenn i Storthing. Det kan vera sokallad „gode Hovud“ imillom dette. Det er alt.

Det er nok vist, at Schweigaard trudde det si Pligt at vera med i alt det praktiske Liv, som han var. Men det er nokot forunderlegt at tenkja seg, at ein slik Mann ikke skulde koma etter, at her maatte vera nok af deim, som kunde gjera alle desse Haandarbeid, sosom Bankadministrator, det meste af Formannskapsarbeidet, alle dei