Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/87

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
87

i Regjering, so gjeng der likevel gjenom Skriftet den her nemnde Rædsla for den veksande Bondemagt.

Faugstad var ellers meir frisinnad en dei fleste af dette „Forbund“, som med Schweigaard fremst i Fylkingen skulde forsvara „Kultursamfundet“ fraa Danskdagen imot den framveksande Norskdom. Det er nemleg fortalt af Kjendsfolk, at det vardt sagt til Schweigaard: „Ja, ja her verdt ingen politisk Folkeskik, so lenge der er alle desse Bønder paa Thinget.“ Men daa svarad Schweigaard: „Du veit ikke Tanken i det, du talar; var ikke Bønderne, so vilde her vera nokot myket verre. Det skal Maate med Bonden og, men vi maa hava honom i Thinget liksovel som i Livet.“

Ja so omtrent verdt Samtalane hermde fraa den Tid. Det er alle samtykte om, at Schweigaard vardt utvald som ein Slags frelsande Mann mot den aukande Bondemagt, men han var ein maatehaldande Mann, som ikke i vilde stansa „Tingens naturlege Gang.“ Han var her i denne Tid, liksom daa Sendelaget til Stockholm i 1860 kom tilbake og skulde hava lagt Heimvegen om Kjøpenhavn, men Schweigaard, som var Formann, sagde nei og meinte, at det var ikke „loyalt“ at fara innom den eine Kongen, naar dei foor fraa den andre. Det var nemleg lagt Vin om at faa Norge med paa dei danske Krigsplaner.

Han var alt so her og Pligtens og Rettens Mann, og i hans fyrste politiske Skrivning og Thingferd er han likeins fri og framskriden. Dette er visad her i mange af desse mine framdregne Ord og Tankar, men han vardt meir og meir rædd, etter som han kom in i den politiske Drift. Han synes liksom at hava voret meir skræmd af Bonden i Thinget en af Læra om, at han ikke maatte koma der.