Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
83

kjem ikke Schweigaard til.sin Rett men maa bli mistydad i det endelause.

Men her verdt det fyrst greidt, at det er ein umogeleg Ting at skrive om Schweigaard utan med det sama at taka med myket af Landets Histori under dei Aar. Det er naturlegvis so med alle framifraa Menn; det er i Samheng med sit Folk og si Tid dei maa faa sin Dom. Men dette er endaa meir Tilfellet med slike politiske og ombodsvirkande Menn som Schweigaard en med Skribenter og Poeter sosom her hans Samtidingar Munch, Keiser, Welhaven osv. Han greip nemleg meir praktisk med in i Livet han og soleids liksom meir var med til at gjera sjølve Landets Histori for sine Dagar.

Den Schweigaardske Politik maa du derfor sjaa i Samheng med vaar heile politiske Utvikling etter 1814.

Dei mest framsynte af deim som gjorde vaar Grunnlog, dei saag straks at Bonden vilde faa Bugta og baade Endane i Politiken vaar, naar denne fekk Tid til at vikla seg ut, og at Embætsfolket, som fraa fyrst var de politisk styrande, umogeleg kunde faa inne hava denne si Stilling i det lange Drag. Det var mange gode Menn, som var ængstelege for denne Framtid, som ikke kunde vera so langt burte, og vi vita at Falsen, som hadde gjort somyket til vaar Grunnlog, han kom straks etter med Forslag om at gjera Embætsmagta større og Bondemagta mindre i Storthinget. Og det varde likeins ei Stund, før dei torde lata kvert Amt faa somange Thingmenn, som det skulde hava. Havde det voret Raad med, so vilde der vist hava komet Omgjerder i vaar Grunnlog til Stansning af den framtrengande Bondemagt, og til Skjærning for den tilbakesigande Embætsmagt. Men vaar „Forfatning“ stod der no