Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/80

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
80

andre Næringsvegjer berga seg, so godt dei kunde. Maskineriet skulde heller staa stilt, en det maatte bli styrt af „uautoriserad“ Hender. Og likevel so var han for at gjeva up Handelsexamen og Haandverksprøvor. Ja, det torde ikke ved hans Riksstyre af Embætsfolk dette, og den Samfundstrygd han fann i dette. Det var dei Næringsdrivande indbyrdes, som her kunde hava det fritt.

Dette Folkerædde og denne Mistanke til alt „uautoriserad“ kom naturlegvis fyrst og fremst af det, at han kjende litet til Folket af Livsomgang og mest berre hadde leset om dei i Bøker, og paa den Maate gjort seg up Meiningar om eit Folkestyre fraa Grekarlands, Roms og den franske Revolutions Dagar. Hans Utvikling fell og i den Tid, daa Lærarar i Statsrett endaa sat med friske Intrykk fraa Folkemisbruk i den franske Revolution. Guizot f. Ex., som Schweigaard myket las og i mangt rettad seg etter, han trur ikke stort paa det sokallad „Folk“, og det Riksstell, som gjekk fram af denne Tids politiske Lære var mest ei Tru paa Rikdom og Velstand, altso forsovidt ei Slags Etterlikning af det engelske Samfundsstell. Det var, som vi vita, ei Bygging paa stor Velstand for at faa Stemmerett (haag Census) at den franske Fridom vardt grundad etter Napoleons Fall og likeins etter Juli Omstøiten i 1830, daa „Borgarkongen“ Louis Philipe kom og trudde paa Skillingen, alt til han vardt utjagad i 1848, Det var denne Slags Parliamentarisme af Rikmenn, som Schweigaard her fann seg i, og daa den vardt sprengd fraa kverandre, vart han rædd og liksom ikke trudde paa den europæiske Politik etter den Dag. Og her sjaa vi best, at han ikke lenger fylgde med si Tid og saag dei store Krefter, som var i Verk for at afskaffa det eldre Væsen og