Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/77

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
77


Forat tyda dette Statsmanns-Syn af Schweigaard, at han soleids var ein Regjeringens og Embætsverkets Advokat, so er det ikke nok at merkja seg hans filosofiske Upfatning og juridiske Tenkning, men vi maa sjaa etter andre medvirkande Grunnar. Og som ein af desse er vist og sannt den, at han ikke fylgde med si Tid, etterat han, som det her lenger framme er sagt, vardt „spend fyre Matkjerra“, eller so heilt komen in i Riksverkets Tjeneste, at at der ikke var Tid til at fylgja med det framstridande Verdensliv i sine mange Former, sosom Literatur, Politik, dei serskilde Vitenskapsgreiner osv. Hadde han kunnad dette, so vilde han nemleg hava seet, at hans Statsmannsupfatning meir og meir kom i Strid med Tankane i den framveksande Tid, og at han soleids bar Vatten i eit Møsaal (Danaidernes Kar).

Dette „at fylgja med si Tid“ er no ellers ein Talemaate utan full Meining. Det er nemleg ingen Mann i som kan fylgja med si Tid. Det meste den beste kan gjera, det er at fylgja med i den eller dei serskildte Vitenskaper som han i Ungdomen lagde seg etter, sosom Juristen i det juridiske, Presten i det theologiske osv. Med desse gamle Vitenskaper kan endaa dette so vera frametter; alt til Mannen eldes, daa Tida i denne Meining reiser i fraa honom, liksom naar du kjem forseint fram paa Bakken til Stationen og derifraa ser ned paa Jernbanetrainet puffande og larmande fara ifaa deg. Du seer litt af Røyken der du atter stend. Men med desse yngre Vitenskaper og daa mest Naturvitenskaperne kjem du ikke eingong solangt. Desse fara so fort, at dei straks i dine beste Aar reisa ifraa deg, om du so var den sjeldfegne Mannen, at du paa ein af dine beste Dagar var komen solangt, at du var Herre over