Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/76

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
76

som han trudde ellers vilde bli for veit imot den veksande Storthingsmagt. Men her er atter nokot af dette faa- og stuttenkte i ein slik Tankemann, som han skulde vera, at han kunde tru, at denne Jamvipping eller Likevegt millom desse tvo Statsmagter var nokot som kunde halda seg. Han maatte med eit af dei Lynglimt, som du skulde tru, at han maatte hava i Tanken sin, hava seet at denne Jamvegtslæra var ein i det verkelege Liv umogeleg Ting, og so burde hans Kjenskap til Historien og hans Syn paa dei nyare Staters Utvikling hava lært honom, at Folkemagta eller Storthinget altid vinn større og større Magt, so det er faafengt at strida imot denne naturlege Utvikling af Rikslivet.

No, om det endelege Gagn af denne folkelege Framvokster i Rikslivet kan der vera tvo Meiningar. Der kjem vel Atterslag, som Historien altid visar. Men likevel so er dette ei Slags Naturmagt, som maa hava sin Gang, og ingen tenksam Mann stend heller reint imot denne Magt men strævar at føra den paa rett Laup, styra den just som ein Eimhest (Locomotiv). Og det er netup eit af dei i mange Merke paa dei sokalad store Menn, at dei sjaa Kravet i si Tid og adla det ved at gjera seg til Tenarar for det. Dette saag ikke Schweigaard; han arbeidde ikke i Flugt med Kravet og Tanken og Vitenskapen for si Tid, men stilte sig idetmindste i Statsmannsliv tvertimot dette. Han vilde liksom stansa det alt; „han dreiv paa og stod“ og liksom sagde med hin Tysken: Die Wissenschaften müssen sich um kehren (Vitenskaperne maa snu seg om; Bekken maa renna Bakken upatter). Det kan vera nyttige og gode Folk slike med; Samfundet har Bruk for deim og. Men store Menn er det aldri.