Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/72

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
72

hangande! Det laag vist i Naturevnen hans dette, og derfor gjorde han det og til ein Grunnsetning eller ei Tru. Dette Systemlause gjorde han til eit System, liksom Karacterløyse af mange netup verdt gjort til Karacter. Det er nemlig ein Slags Karacter det og, ingen at hava.

Forat koma nærare in paa Tingen, vi meina, so burde han hava voret so framsynd, at han hadde seet, at hans Forsvar for alt, som het Regjering og hekk ihop med den, maatte føra til at Regjeringen med dens Folk vardt nokot daarlegt Gods altsaman: for naar Tilsyn og Kritik er burte so sovnar Mennesket in. Det laag ikke lenger nokot Lag paa at leita etter dei beste Folk og vera var om sine Gjerningar. Der stod ein Forsvarare for alt, som gjort vardt raa den Kanten, og denne Forsvararen var so sterk, at han afbøtte alle Hogg. Schweigaard har derfor likefram vaare mange daarlege Statsraadar og andre mindre dygtige Embætsmenn paa si Samvittigheit. Og det er nokot so blindt, at du mest ikke kan tru det, at han ikke sjølv saag dette, for han maatte kjenna si Magt og sjaa sin Autoritet.

Slike framifraa Menn som Schweigaard gjera i dette Stykke eit af desse tvo Ting: anten krevja dei Mønsterfolk i Likning med sjølve seg, eller og so segja dei: „Aa ja, det er godt nok; det er ikke at venta betre; det er practisk at hava slike Kolabrennarar; lat skura med det som er.“

ette sidste syntes Schweigaad at segja. Goethe sagde og det sama i si Stilling. Han tenkte vel som so Schweigaard og: der er Aand og Tanke nok i meg: den Ting skal eg syrgja for i Riksverket. Lat os derfor faa Kontorfolk, practisk nevanyttige Menn. Dei kom desse Folk og trygge sat der, solenge dei kunde tyggja Graut. Er det rimelegt at Statsraadar som Møinichen, Manthey o. s. v.