Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
7

eine er Propheten og den andre er Utleggaren, stend det skrivet. Schweigaard „lagde ut“, men han „propheterad“ ikke. Han sat der i ein juridisk og politisk Tydnings- og Tolknings-Ring, og utom dette „givne“ kunde han ikke koma. Han hadde ikke Syn og Sans for vaar framstrævande Norskdom, f. Ex. han kunde ikke like til det siste faa i Hovudet sit, at der var nokot stort ved Wergeland. Og vi vita alle, at han stod imot det meste af det, som skulde skipa vaar Grunnlog til Kravet af denne nyare Tid. Religionsfri var han; men det var ein Tanke fraa hans Ungdom. Han kunde tyda men ikke sjølv skriva Rettarbøter. Der er nokot tungt og uklaart ved deim, som han hadde sin største Part i, sosom denne for Handverket og Handelen og Fatik- og Brennevins- og Bankvæsen. Der er den meste Flugt i hans fyrste Arbeid, sosom i hans Strid mot dei tyske Rettstydningar i Algreen-Ussings juridiske Tidsskrift, og der er Utsyner (vuer) imillom i hans fyrste statistiske og statsoekonomiske Arbeid. Der er og liksom Luftningar imillom i fyrste Parten af „Processen“ hans.

Det kan vel ingen mistyda meg so, som om eg skulde vilja hava „Poesi“ in i slike praktiske Arbeid. Ved Framgang og Ideer meinar eg naturlegvis her det, som gjeng ut over det „givne“ og lagar til ei betre Tilstand, og altso gjør meir en tydar og tolkar. Eg har som alle Jurister leset kvert Ord af Schweigaard (kanske sonær som dei siste Tydningane hans) men eg fann altid meir af det stillestandande en af det framgangande. Derfor var han og ganske rigtig „konservativ“. Han maatte etter sin heile Natur og sit heile Livsinhald vera for det, som var, for status quo. Han vardt likefram skræmd af