Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/65

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
65

kver af os har voret, naar han var ein sjølvstendig tenkjande Mann og ikke tok sit Tankeliv paa Borg; Det kom daa ei Tid so imot den aandelege Fullvokstren, daa det gjekk som eg har sett det paa Vers:

Mit Liv gjeng sundt, eg slikt det finn,
som naar paa Sjøen Straum og Vind
med Skvulp kjem under Isen in:
I Reil og Rull det gjeng aa Flot:
So slær det up med Brot i Brot,
og alting skvett i Kras og Krot.

Den gamle Dogmatik, den philosophiske som theologiske, ryk sund. Du tok som Barn og Framvokstring dit heile Andarliv paa Borg, det vil segja, du trudde paa alt det, som du hadde høyrt og leset deg til, utan at du sjølv hadde voret myndig til at prøva det. So hadde du lagt deg til Kunskab, og du lærde at tænkja og vardt fordomsfri, og so saag du lik Guden Thor paa dine Livsbjelkar, alt til dei brakad og vardt sundersprengde.

Denne Rid eller Krisis kjem tidlegare eller seinare, ettersom du er tidleg eller seint ute med di Utvikling. Den kjem aldri til dei fleste Folk. Dei liva paa Borg og dei døy paa Borg. Men det er ikke om deim her kan vera Tale. Det er om virkeleg Tankefolk, og til desse høyrde Schweigaard, som vi sjaa. Havde han ikke gjort det, so vilde han som dei andre hans jamgamle Philosopher og Jurister og Philologer hava „slukad heile Grisen“, som Engelskmannen kallar det. Men han hadde Kunskap og Tenkning og Mod, og han gjorde Upstand mot det inlærde, og reiv sund dei gamle Borgensbrev.

Og so var det dette attaat med Schweigaard, at