Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/63

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
63

nokot nær er rigtigt det, som eg har sagt om Schweigaards Kjenskap til Philosophien og hans heile philosophiske Upfatning. Han kjende den og gjorde Narr af den og upløyste den i Skum. Og naar vi anka over, at ikke han førde sit Land burt fraa den tyske Metaphysikphilosophi, og over i den franske og engelske Inductionsphilosophi, so kjenna vi ikke Mannen. Han hadde i Grunnen tenkt seg burt ifraa all sokallad Philosophi, so der ingenting annat var atter for honom en hans „analytisk-descriptive Methode“, nemlig Tydning og Skrivning om kvert einstak Ting og Tilfelle. Han vilde vel hava Samheng millom desse, men det vardt eit annat Samheng en det, som kunde kallas philosophisk. Det var practisk Forstand eller Fornuft han vilde hava, og det so kavande forstandigt, at der ikke kunde vera Tale om annat en det, som kunde takas paa med Haandom. Den verdt det philosophiske Spraak kallad empirisk og materialistisk ein slik Synsmaate, og den er klaar og greid og so nyttig og snusfornuftig, at der mest ingen Ende er paa det; men den er ikke eingong brukeleg for philosophisk Tydning af Kjendsgjerningar i Granskning af Naturen, idet desse og krevja sit Samheng af Aarsak og Virkning og tidt ein Tanke om nokot „meta ta physika“ innafor Yta paa Tingen, med eit Ord ei Sjæl i den. Eg kan derfor ikke sjaa annat, en at Schweigaards Philosophi (om du kan bruka eit slikt Ord) var endaa meir empirisk en den af desse utstrikne Naturphilosopher sosom Carl Vogt og Schleiden i Tyskland og Huxley og Owen i England.

Det er eit merkjelegt Syn, han har for kver einkel Ting i Livet og Tanken. Sjaa no f. Ex. dette han her skrivet i sit Stykke om Studiet af dei gamle