Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
6

nen sjølv, og so tyder dette paa ei Samfundstilstand, som ikke er ærleg, naar Motsetningen so verdt rosad. Du kunde av dette draga ut, om du ikke viste det, at her i Ombodslivet maatte vera komet nokot slikt in som det at lata seg bitala for at vera ein bra Kar.

I Framvokstren var det litt Stræv for Schweigaard. Men so var han med eit framme. Han var ein lykkeleg Mann, som alle snart bøygde seg for, og han fekk alt det, som han vilde, og meir til. Dette er fagert, men det er heller ikke poetisk. Poesien er fraa denne Sida Striden for eit Mønster, som du aldri naar. Det er Idealet, som du ikke kan gjenomføra i Livet. Men Schweigaard saag ikke ut til at hava fleire Idealer, en han kunde gjenomføra. Det er plastisk dette, og han er og tidt med Rette kallad ein plastisk Mann. Skriv eit Dikt om det kven som vil, eg kan ikke gjera det.

Det er ei sikker Sak, at den „heldige“ Mannen aldri er den ideale. „Heldig“ er nemleg den, som upnaar og fær driva igjenom sine Planer, sit Livs Inhald. Men er dette Inhald stort og naar langt fram, so verdt der ikke med eit og so snart Rum for det i Livet. Der skal fleire Mannsaldrar til, for det kjem so langt, og so døyr Mannen før den Tid, og er „uheldig“, eller han strævad etter nokot, som han ikke naadde. Han kjem i det bedste Fall solangt som Moses, nemleg at han fraa Bergtoppen ser in i det lovad Land.

Daa Schweigaard var fullvaksen, so stod han der netup færdig til nokot, som Livet praktisk hadde Bruk for. Og dette utsyllte han vidunderleg godt. Hans juridiske Tolkningar og Tydningar ero snart sagt makalause. Men lenger en til at tolka og tyda kunde han ikke koma. „Den