Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
55

den liksom meir ytre rikspraktiske Gjerning, som han kom til at utføra. Det er litet det, som vi hava fraa hans Haand til at gjera os ei fullstendig Meining om dette. Det er i Grunnen ikke meir en desse tri nevnde Stykke, nemleg om „Retsvitenskapens Tilstand i Tyskland“, hans Kritik af Sverdrups Logik og so det om Studiet af dei eldre Spraak. Sonær som i desse faae Saker kom han ikke til at uttala seg om aalment vitenskapelege og kulturhistoriske Spursmaal, men gled in paa si Sergrein i Vitenskapen nemleg den einskilt juridiske og statsoekonomiske; for alt i sit 24 Aar gjenomgjeng han „Nutid og Fortid“ af Aal (Vidar No. 20. 21, 27 og 28) og er med eit inne paa Bank- og Pengevæsen og Kurser. Og om dette sama Emne skrivet han i Vidar No. 45 og 46 i den Constitutionelle framigjenom Stykke for Stykke fraa 1836 til 1840. Det er Pengevæsen og Toll og Riksutgifter, som daa med eit verdt hans vitenskapelege Arbeid ataat hans juridiske Professorgjerning. Med hans fem til 26de Aar kan du segja, at han reint døydde burt fraa den aalmenne Vitenskap. Og det var ikke med honom som med somange andre Fagsmenn, at han her og der kom tilbake til Grunnsetningar og Oversigter og Gjenomsyner af meir aalmenn Natur. Dette var netup nokot, som var imot hans heile Smak og Upfatning, i det han var, som han sjølv kallar det „analytisk descriptiv“, det vil segja, han tok fyre seg dei serskilde Ting og Tilfelle og upløyste og tydad deim utan at kjære seg om Samheng med dei andre Ting og Tilfelle. Han hadde sjeldan eller aldri nokot af dette, som Franskmannen kallar vue og aperçu. Livet og Læra vardt utan rett Samband, so som eg før har trutt at finna ut af hans juridiske Upfatning.