Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/54

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
54

det breide Hovud„[1], som Engelskmenn kalla Lord Bacon, i hans Strid mot Middelaldrens Scholastik.

Men Schweigaard kom ikke her heller lenger en til at slaa sundt det gamle. Ja, hadde han endaa gjort det; men han visad berre, at han kunde hava gjort det. Det er nokot mismodigt at sjaa slike Tilsprang utan Framlaupet. Det minner om Poetens Ord:

— — „Thor sin Hammer kaster efter.
Ha, de skjønne spildte Kræfter.“

For at koma etter ein Manns Værd og Væsen maa du fyrst og fremst sjaa etter desse tvo Ting, nemleg det, som han gjorde, det han vardt til i Livet, og so det som maatte vera hans Livs Grunnsetning og heile Tankegjerd. At sjaa paa det sidste maa du aldri gløyma, skal du vera rettferdig mot Mannen; for du kan daa tidt koma etter, om han var skapt til nokot annat en det, som han vardt. Han kunde vera baade for god og for vond til sin Livslagnad eller Skjæbne. Han kunde nemleg vera skapt og uplærd baade til nokot betre og til nokot verre, idet han ikke fekk framliva eller realisere ut i den ytre Lagnad sit indre Tankeliv. Sjæla hans kom liksom ikke in i den rette Likamenn.

Det var dette eg var inne paa her lenger framme, nemleg om Schweigaard vardt til det, som han skulde hava voret, eller „kom in paa si Hylla.“ Du kunde tru, at han ikke gjorde dette, etter denne Paavisning af hans philosophiske og naturvitenskapelege Standpunkt i hans Unge Dagar. Du kunde af dette tru, at han meir var skapt til Skribent og Tanke- og Vitenskapsmann en til

  1. Eit arabisk Uttryk for Løva.